Jan Petter Rasmussen (A):
Jeg
tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og
forskningsministeren:
Høgskolen i Stavanger har 21. april
1997 søkt Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet om fra høsten 1998
å starte desentralisert sykepleierutdanning for Dalane-regionen i Egersund.
Vil statsråden, i tråd med
sosialkomiteens flertallssyn på desentralisert utdanning for omsorgsyrker,
sørge for at denne utdanningen kommer i gang som planlagt?
Statsråd Jon Lilletun:
Stortinget har
ved handsaminga av budsjettet for 1998 vedteke å opprette 190 nye
studieplassar i sjukepleiarutdanninga. Departementet har sendt ut brev til
alle høgskulane og oppmoda dei om å fremje søknad om tildeling av nye
studieplassar. I brevet heitte det m.a:
Vi
regner med at det særlig for sykepleierutdanning vil være aktuelt også med desentraliserte
studietilbud.
Søknadsfristen gjekk ut for kort tid
sidan. Det har kome inn gledeleg mange søknader, og det vil dermed ikkje
vere noko problem med å utnytte alle dei nye plassane. Mellom anna på grunn
av vanskar med å skaffe nok kvalitativt gode praksisplassar er svært mange
av dei føreslåtte tiltaka desentraliserte tilbod.
Eg er kjend med at Høgskulen i
Stavanger i brev av 21. april 1997 søkte om midlar til desentralisert
sjukepleiarutdanning i Egersund, grunna sterke ønske og initiativ frå
Dalane-regionen. Ved søknad den 9. januar 1998 prioriterer Høgskulen i
Stavanger ein auke i studenttalet frå 164 til 180 innafor ordinært
studietilbod ved Høgskulen, og seier at ein ikkje har kapasitet til å
gjennomføre eit desentralisert tilbod i Egersund i tillegg.
Ved endeleg tildeling av dei 190
studieplassane vil departementet sjå alle søknadene i samanheng. Den
opprinnelege søknaden om desentralisert sjukepleiarutdanning lokalisert til
Egersund vil verte vurdert i denne samanhengen. Her vil vi måtte vege
argumenta for eit desentralisert tilbod i Dalane-regionen opp mot Høgskulen
sine grunnar for å prioritere auka studentopptak i Stavanger.
Eg reknar med at representanten
Rasmussen har forståing for at eg ikkje kan ta ei sak ut av sin samanheng og
gje eit endeleg svar på det konkrete spørsmålet her og no. Generelt ser
departementet av fleire grunnar positivt på å opprette desentraliserte
utdanningstilbod innafor omsorgsyrka. Eg kan derfor love at den endelege
tildelinga av nye studieplassar på dette området samla sett vil ha ein god
distriktsprofil, i samsvar med fleirtalshaldninga i sosialkomiteen.
Jan Petter Rasmussen (A):
Jeg takker
for svaret.
To komiteer på Stortinget har nå gitt
uttrykk for viktigheten av desentralisert undervisning for omsorgsyrkene -
det gjelder kirke-, utdannings- og forskningskomiteen og sosialkomiteen.
Det som Høgskolen i Rogaland nå gjør, går på tvers av dette ønsket, og
derfor er det godt at statsråden sier at den opprinnelige søknaden vil bli
vurdert i en totalsammenheng. Det jeg har vansker med å tro, er at man i
denne regionen har hatt problemer med praksisplasser, og at det skal være
grunnen.
Jeg vil bare følge opp overfor
statsråden og spørre videre: Hvordan ser statsråden på Høgskolens
prioritering, som ikke helt samsvarer med det Stortinget egentlig har sagt?
Bør ikke den satsingen vi nå har i forhold til distriktspolitikk, og ikke
minst den satsingen vi har for å skaffe nok omsorgsplasser rundt om i
landet, veie tungt i denne forbindelse?
Statsråd Jon Lilletun:
Ein del
undersøkingar når det gjeld desentralisert utdanning, viser at ein stor del
av dei som er utdanna ved desentralisert utdanning, vert igjen i regionen,
slik at kompetansen innafor helseområda kan takast betre vare på enn om dei
hadde gått på ein ordinær høgskule. Det taler sterkt for å halde fram med
desentralisert utdanning, slik som fleire komitear i Stortinget har sagt.
Det vil òg departementet fylgje opp.
Det departementet sjølvsagt ikkje kan
oversjå, er den faglege delen. Det er godt når representanten Rasmussen no
seier at kommunane òg har sjekka praksisproblematikken, og at det ligg til
rette for praksis i regionen - det taler for at dette er mogleg. Eg skal
ikkje seie kvifor Høgskulen i Stavanger har prioritert som dei har gjort,
men eg er samd i Stortingets prioriteringar.
Jan Petter Rasmussen (A):
I forhold
til denne konkrete saken er det også veldig beklagelig at Høgskolen foretar
en slik omprioritering uten å involvere eller gi beskjed til de aktuelle
kommuner, som her har lagt ned veldig mye, og som også har tenkt å gjøre en
innsats ikke minst på utstyrssiden og lokalitetssiden i denne forbindelse.
Men jeg vil minne om at under
budsjettbehandlingen i høst fremmet Arbeiderpartiet forslag om en ny
finansieringsform når det gjelder desentralisert undervisning der staten går
inn med midler og deler 50-50 med Høgskolen. I forslaget var 10 mill. kr
satt av til dette. Men det som også er viktig, er at denne regionen har
veldig god erfaring med desentralisert lærerundervisning og i disse dager
avslutter en desentralisert førskolelærerundervisning.
Min oppfordring og for så vidt også
mitt spørsmål går på dette med desentralisert undervisning. Ser ikke
statsråden det slik at det må et samarbeid til mellom kommunene og skolene,
der alle parter må inn i bildet når en nå skal foreta en eventuell
omprioritering?
Statsråd Jon Lilletun:
Når det gjeld
finansiering, gjer departementet for tida ei vurdering av om ein skal finne
eit system med eit ekstra påslag i høve til desentralisert utdanning, for at
det ikkje skal vere noko problem for høgskulane. Det vil vi i så fall kome
attende til i samband med budsjettet.
Når det gjeld denne konkrete saka,
trur eg at dersom representanten Rasmussen samla går igjennom det som eg har
sagt her, vil han finne at det er ei sterk støtte til det Stortinget har
sagt i høve til desse sakene og i høve til ønsket om at ein skal syte for
kompetanse i distrikta. Det er òg absolutt grunn til å leggje vekt på at
kommunane har engasjert seg, som representanten Rasmussen seier. Men ein må
til slutt ha ein skikkeleg gjennomgang av det faglege, og vi skal kome
attende til dette når vi får den samla pakka av nye utdanningsplassar.