Stortinget - Møte onsdag den 28. januar 1998

Dato: 28.01.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 23

Finn Kristian Marthinsen (KrF): Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Dersom elevtallet på første klassetrinn overstiger 46 elever, vil det kunne utløse 4 pedagoger. Men det vil også ved skjevfordeling, for eksempel 28-18, medføre 3 pedagoger.

Mener statsråden det vil være riktig å velge det alternativ som gir størst pedagogdekning for elevene, for eksempel 23-23, eller må man fylle opp en klasse til 28 med 2 pedagoger og den andre klassen med 18 elever som gir 1 pedagog?

Statsråd Jon Lilletun: § 5 i grunnskulelova stiller krav om minst to pedagogar i klassar med 6-åringar som har meir enn 18 elevar. Lova er ikkje til hinder for at kommunen organiserer 6-åringane i klassar med 18 og 28 elevar, slik representanten Marthinsen skisserer. Dei to klassane må då ha tre pedagogar til saman.

Som representanten Marthinsen er kjend med, står kommunen fritt til å vurdere ulike organisatoriske løysingar innafor dei lovene og forskriftene som er vedtekne av nasjonale myndigheiter. Dette er eit grunnleggjande prinsipp i det norske styringssystemet, som bl.a byggjer på at enkelte forhold blir best vurderte lokalt. Slik vil det også vere med spørsmålet om klassedelinga for 6-åringane.

Når kommunen i ei sak som dette held seg innafor lova, vil ikkje departementet ha heimel til å overprøve kommunen. Det har aldri vore noko pålegg til kommunane at elevane på eit klassetrinn skal organiserast i tilnærma like store klassar. Det har heller ikkje vore stilt noko slikt krav i samband med organiseringa av den nye førsteklassen. Ulike klassestorleikar kan vere grunngjeve med t.d spesielle forhold knytte til enkeltelevar og busetjingsmønster. Slike forhold må ein nødvendigvis vurdere og ta stilling til lokalt. Kommunen vil måtte ta ei samla vurdering med omsyn til både økonomi og pedagogikk. Eg finn det derfor vanskeleg å seie kva alternativ ein bør velje ved klassedeling.

Finn Kristian Marthinsen (KrF): Jeg takker statsråden for svaret.

Når kommunene sender inn sine forslag til departementet om antall elever og klasser og man får tildelt ressurser ut fra dette oppsettet, og man eventuelt går ut fra fordelingen 23-23 i det nevnte eksempel og får tildelt midler for fire pedagoger, står da skoleadministrasjonen fritt til å vurdere hvorvidt de ønsker å forholde seg til det de sendte inn? Eller kan de i etterkant si at de skjevfordeler 28-18 og bruke de midlene som skulle være til den fjerde pedagogen, på andre tiltak i skolen?

Statsråd Jon Lilletun: Når ein overfører pengar til kommunesektoren, til grunnskulen, er pengane overførte etter såkalla objektive kriterium. Desse kriteria er ikkje så spesifikke at dei går på kor mange klassar. Den einaste gongen departementet har bede om å få inn den typen opplysningar, var med omsyn til tilskottet til nye klasserom i samband med 6-åringsreforma. Elles skjer denne tildelinga etter objektive kriterium, og då vil det vere opp til kommunen. Det kan mange gonger vere god grunn til å ha ei klassedeling, slik representanten Marthinsen seier, for å styrkje det pedagogiske arbeidet i skulen. Det kan vere forskjellige lokale forhold som tilseier det. Men det vil ikkje påverke utløysinga av statlege midlar om ein organiserer det slik at det vert nytta tre eller fire pedagogar lokalt.