Sigvald Oppebøen Hansen (A):
Eg
tillet meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og
forskningsministeren:
Den såkalla omfangsforskrifta skal
gjere det mogleg for eldre søkjarar som ikkje er omfatta av den lovfesta
retten til vidaregåande opplæring, til å ta slik opplæring. Eg er gjort
kjent med at det berre er eitt fylke, Oslo, som i inneverande skuleår
oppfyller denne forskrifta.
Vil statsråden ta initiativ til å
underkjenne fylkeskommunar sine budsjett når omfangsforskrifta ikkje er
oppfylt?
Statsråd Jon Lilletun:
Eg forstår at
representanten Oppebøen Hansen er kjend med dei førebels tala for omfang i
skuleåret 1997-98. Dei førebels tala for omfang av vidaregåande opplæring
er sende til fylkeskommunane for kontroll og kvalitetssikring. På bakgrunn
av dei tilbakemeldingane departementet har motteke, kan det sjå ut til at
det endelege landsgjennomsnittet vil auke i forhold til dei førebels tala.
Gjennom m.a løpande evaluering av
Reform 94 har tilbodet til dei vaksne i vidaregåande opplæring vorte
vurdert. På grunnlag av desse vurderingane har departementet bede
fylkeskommunane om å gjennomføre ei rekkje tiltak for å gjere vidaregåande
opplæring betre tilrettelagd for vaksne. Døme på dette er: kvotar for
vaksne, komprimert opplæring og fleksible tilbod.
Utrekninga som Buer-utvalet gjorde,
syner at det er eit stort potensial vaksne søkjarar som ynskjer vidaregåande
opplæring, og som ville søkje dersom tilboda var betre tilrettelagde.
Som eit verkemiddel for å få
fylkeskommunane til å auke omfanget har departementet òg bede statens
utdanningskontor om å rapportere om budsjetta til fylkeskommunane for 1998,
og kva omfang av vidaregåande opplæring budsjetta venteleg vil føre til.
Samstundes arbeider departementet no i
samband med reforma om etter- og vidareutdanning med ei stortingsmelding.
Her vil ulike sider ved opplæringa av vaksne bli drøfta. I denne
samanhengen vil det òg verte vurdert om ein klarare må uttrykkje plikta
fylkeskommunane har til å gje vaksne eit tilbod.
Sigvald Oppebøen Hansen (A):
Eg
takkar statsråden for svaret. Eg oppfattar det slik at statsråden, som eg,
er oppteken av at vaksne søkjarar som ikkje har fått vidaregåande opplæring,
skal få det. I alle fall vil han jobbe for at dei skal få det gjennom den
stortingsmeldinga som skal kome når det gjeld Buer-utvalet si innstilling.
Eg er glad for det. Det er i tråd med det Arbeidarpartiet førte inn av
merknader i budsjettet for 1998.
Dersom ein held seg til dagens
situasjon, er det sjølvsagt eit lyspunkt at kanskje tala ikkje er så
elendige som dei såg ut til å vere. Men dersom ein ser på situasjonen dei
siste fire, fem åra, er det slik at fleire og fleire fylke bryt
omfangsforskrifta. Det dreier seg faktisk om bortimot ti tusen
skuleplassar, slik det såg ut, og det vitnar om liten respekt for
forpliktingane ein har.
Mitt spørsmål blir: Vil statsråden nå
statuere eit eksempel ved å be Kommunaldepartementet gjere ein
legalitetskontroll?
Statsråd Jon Lilletun:
Eg trur
representanten Oppebøen Hansen har heilt rett i at statsråden og
representanten har same syn på realitetane i denne saka. Eg har som
statsråd framleis til vurdering det representanten Oppebøen Hansen spør om
når det gjeld legalitetskontroll, men først må eg ha dei reelle tala inn frå
fylkeskommunane kvalitetssikra.
Dersom det er slik som fylkeskommunane
seier, at det er nok plassar i det omfanget som no ligg til at alle vaksne
kan få eit tilbod, så kan det ikkje vere eit stort problem heller for
fylkeskommunane om vi lovfestar plikta dei har til å gje tilbod til alle.
Då kan ein måte å gå fram på vere å vurdere det i samband med
stortingsmeldinga, og eventuelt òg vurdere ein proposisjon i forhold til det
for å ha den sikringa allereie frå komande haust. Dette er til vurdering,
og det er ikkje konkludert i forhold til det.
Sigvald Oppebøen Hansen (A):
Eg
takkar statsråden for svaret. Slik situasjonen er nå, blir fleire og fleire
vidaregåande skular lagde ned, og det er klart at det i hovudsak går ut over
dei minst befolka områda - distrikta.
Sjølvsagt kan det vere slik at enkelte
fylke har så mange ledige skuleplassar at den einaste utvegen er å legge
ned, og at det blir umogleg å oppfylle omfangsforskrifta. Men då er det
òg slik at dersom ein skal ha ein dispensasjon frå forskrifta, så krev det
òg særskild dokumentasjon.
Eg har registrert at departementet har
sendt ut eit rundskriv, Rundskriv F-120-97, der det står:
Alle
fylkeskommunane må i løpet av 1998 fylle krava i omfangsforskrifta.
Eg ventar at statsråden gjer framlegg
om ei lovendring - som han òg uttala til Aftenposten den 4. januar 1998 -
som gir fylka ei klar juridisk forplikting til ikkje å legge ned
skuleplassar.