Jon Olav Alstad (A):
Jeg vil stille
følgende spørsmål til barne- og familieministeren:
Det er få kvinnelige toppledere både i
det offentlige og det private. Det er viktig å bruke de mulighetene vi har
for å stimulere kvinner til slike jobber, og det offentlige har et særskilt
ansvar for dette. Regjeringen skal i løpet av den nærmeste framtid utnevne
flere fylkesmenn.
Mener statsråden, som har ansvaret for
likestillingspolitikken, at dette er en mulighet til å rekruttere flere
kvinnelige toppledere i det offentlige?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland:
Som representanten Alstad peikar på, er det få kvinnelege toppleiarar i både
det offentlege og det private. Regjeringa ser det som eit mål å auka
kvinnedelen i leiarstillingar i løpet av dei nærmaste åra. Her er
Arbeidarpartiet og Regjeringa einige. Kvinner er i ferd med å bli den høgst
utdanna arbeidskrafta, og vi er alle interesserte i at kvinner får høve til
å bruka ressursane og erfaringane sine i leiarjobbar.
I NHO sine medlemsbedrifter er det
tilsett kvinner i om lag 4 % av toppleiarstillingane. Staten kjem godt ut i
samanlikning. I staten er 14 % av toppleiarane og 22 % av alle leiarar
kvinner. Mens det på 1980-talet var ein auke i delen kvinner i
toppleiarstillingar i statleg forvaltning, har det gjennom 1990-åra vore ein
stagnasjon. Likevel har staten samanlikna med det private eit godt
rekrutteringsgrunnlag - noko over 40 % av dei tilsette er kvinner - og ein
personalpolitikk som tiltrekker seg mange godt utdanna kvinner. Denne
regjeringa vil gå aktivt inn for å rekruttera fleire kvinner til
toppleiarstillingane.
Ei positiv utvikling kjem ikkje av seg
sjølv. Målretta innsats må til. At det nyttar, syner erfaringar frå fleire
bedrifter i det private næringslivet.
I statleg forvaltning er slik målretta
innsats i gang. Arbeids- og administrasjonsdepartementet har ansvaret for
prosjektet « Kvinne, kvalitet og kompetanse i staten ». Innan år 2001 skal
delen av kvinner i leiarstillingar auka frå 22 % til 30 %. Kvart departement
har sett seg realistiske mål for sin sektor, og skal årleg rapportera til
Arbeids- og administrasjonsdepartementet om utviklinga. Måla skal fylgjast
opp gjennom tildelingsbrev til dei ytre verksemdene og knytast til
resultatkrav til leiarar. Prosjektet omfattar ei rekke konkrete tiltak for
å stimulera kvinner til å ta leiarstillingar. Eit leiarutviklingsprogram er
på trappene, og det skal settast i gang pilotprosjekt med verksemder som vil
gå aktivt inn for å auka talet på kvinner. Det blei arbeidd for å oppretta
ein database for aktuelle kvinnekandidatar til toppstillingar, og det blir
også satsa på informasjon og utveksling av erfaringar m.v.
Når vi skal tilsetta i ledige
fylkesmannsembete, vil målsettinga sjølvsagt vera med i vurderinga. I dag
er fire av 18 - altså 22 % - i desse embeta kvinner. I løpet av det kommande
året skal vi utnemna fleire nye fylkesmenn, og Regjeringa vil legga vekt på
å rekruttera fleire kvinner inn i fylkesmannskollegiet. Ein vil også gå
meir aktivt ut for å rekruttera kvinner til fylkesmannsstillingane og andre
leiarstillingar i staten, til dømes oppmoda kvinner til å søka
fylkesmannsstillingane.
Det er summen av kvalifikasjonar,
eigenskapar og erfaringsbakgrunn hos søkjaren som er avgjerande ved ei
utnemning. Det blei stilt store krav til utøvinga av dei omfattande
oppgåvene som ligg til fylkesmannsembetet. Eg føler meg trygg på at det
også vil vera mange kvinner som er kvalifiserte til desse stillingane.
For få kvinnelege søkjarar til
toppleiarstillingar er ofte eit problem. Derfor er det eit sett av familie-
og likestillingspolitiske tiltak som skal til for at kvinnene vil bli
leiarar - ikkje minst slike som rettar seg mot mennene sitt ansvar for
likestilling heime og ute.
Jon Olav Alstad (A):
Bakgrunnen for
spørsmålet er selvsagt uttalelser fra administrasjonsministeren i
Aftenposten, der hun i første omgang slo fast at det ikke kom på tale med
kjønnskvotering og fulgte opp med at bare dersom det vipper mellom to ellers
like kandidater, kan kjønn være utslagsgivende. Nå har jeg skjønt i
ettertid at her har det skjedd om ikke en helomvending, så i hvert fall en
justering av retningen som har ført Regjeringen over på Arbeiderpartiets
banehalvdel i denne kampen. Vi vet at det i dag bare er fire av 18
fylkesmenn som er kvinner, og det er selvsagt ikke noen unnskyldning at
dette er i overkant av den kvinneandelen man finner i andre offentlige
stillinger.
Det er et problem med få kvinnelige
søkere. Det fokuserte den tidligere regjeringen sterkt på, og jeg håper at
statsråden - som hun også gir signal om - kan følge opp dette. Her er vi
avhengig av å ha en del klare målsettinger som det må jobbes etter, og som
må tas til følge når man gjennomfører de konkrete handlingene - ikke bare
gjennom opplysning, men også gjennom konkrete tiltak og handlingsplaner der
det offentlige kan brukes som spydspiss. Hvilken strategi har statsråden
for å følge opp det?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland:
Eg kunne vel kanskje ha tillate meg å stilla det same spørsmålet i førre
periode til den regjeringa som sat då. Det er ei interessant
problemstilling, og denne regjeringa er absolutt opptatt av å få fleire
kvinner. Eg vil seia det slik at det ikkje er snakk om at
administrasjonsministeren har gjort ei heilomvending, men ho har utfylt
standpunktet sitt. Det er ikkje alltid ein får med alle nyansane i eit
intervju i ei avis, og det veit representanten Alstad godt. Men ho har
utfylt standpunktet sitt, og det har òg stått på trykk i Aftenposten, har eg
lese.
Når det gjeld å sjå på søkjarane og
tilsetta dei best kvalifiserte, kan vi berre gå tilbake og sjå på dei sist
tilsette fylkesmennene og sjå om den førre regjeringa hadde den same
vurderinga av dei som då søkte. Denne regjeringa har altså ein strategi for
dette, som eg gjorde greie for i mitt førre svar. Eg skal ikkje ta opp
igjen alt eg sa då, men målsettinga er klar: Vi ynskjer å fylgja opp dette
arbeidet, og vi ynskjer å ha fleire kvinnelege fylkesmenn.
Jon Olav Alstad (A):
Jeg er selvsagt
glad for alle utfyllende standpunkter som i hvert fall justerer kursen, slik
at vi kan ha en del av de samme målsettingene for det arbeidet som skjer på
likestillingsområdet. Vi har ikke en fortid som gjør at Regjeringen og
Arbeiderpartiet bør dra i hver sin retning i den saken, tvert imot, her bør
vi kunne bli enige om en del felles målsettinger. Det er et kjempeproblem
først og fremst i det private, men også i det offentlige, at det er
vanskelig å rekruttere toppledere fra kvinnelige søkere, ikke minst fordi
det finnes så få kvinnelige søkere.
Jeg tror ikke denne regjeringen er
tjent med å se tilbake på tidligere praksis. Regjeringen må ha sine egne
målsettinger, må være med på å legge et grunnlag for at det kan komme
kvinnelige søkere, og at det i neste omgang er mulig å utnevne kvalifiserte
kvinner i alle slags lederstillinger i det offentlige.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland:
Eg kan i alle fall seia meg heilt einig i ein ting som representanten Alstad
sa, nemleg at Regjeringa ikkje er tent med å sjå tilbake på tidlegare
praksis, men at vi må ha våre eigne målsettingar. Det har òg Regjeringa på
dette området. Eg har lyst til å gjenta ein del av det eg sa i mitt fyrste
svar, at vi har planar for å få fleire kvinnelege toppleiarar. Vi kan ikkje
tvinga dei til å søkja, men vi kan gjera vårt for å legga til rette.
Når det direkte gjeld
fylkesmannsstillingane, vil eg òg understreka at det skal utnemnast fleire
fylkesmenn i den næraste framtida. Vi veit altså kva for nokre stillingar
som skal fyllast i nær framtid, og dermed kan Regjeringa òg vurdera
kvinnerepresentasjonen ut frå dei signala og det vi veit i høve til dei
stillingane som skal lysast ledige, utan at eg seier noko om dei heilt
aktuelle stillingane det gjeld, no.