Stortinget - Møte onsdag den 28. januar 1998

Dato: 28.01.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 4

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil få stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

Det helse- og miljøskadelige stoffet arsen har lekket ut fra trykkimpregnerte materialer i flere barnehager i Trondheim. De største mengdene arsen er funnet der materialene er i direkte kontakt med jord, som sandkasserammer og plattinger. Flere av barnehagene har verdier som overskred normene fra SFT.

Hva vil barne- og familieministeren gjøre for at en for framtida ikke tar i bruk materialer som kan være helseskadelig for barn i deres nærmiljø, som barnehage og skole?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Som barne- og familieminister er eg svært opptatt av at leikeplassutstyr som born blir tilbodne, er forsvarleg og sikkert. Forvaltningsansvaret for materialar med kjemiske eigenskapar som er brukte til leikeplassutstyr, ligg hos Miljøverndepartementet. Svaret på spørsmålet frå representanten er såleis utarbeidd i samråd med miljøvernministeren.

Frå miljøvernministeren har eg fått opplyst at reduksjon i utsleppa av helse- og miljøfarlege kjemikaliar er eit av hovudsatsingsområda i miljøpolitikken. Meldinga om at trykkimpregnerte materialar kan gje store konsentrasjonar av arsen i jord i barnehagar, gjev grunn til bekymring. Særleg sårbare grupper, som born, må få eit best mogleg vern.

Regelverket for leikeplassutstyret er i utgangspunktet klart. Etter forskrift om tryggleik ved leikeplassutstyr av 19. juli 1996 nr 703 skal slikt utstyr ikkje innehalda, gje frå seg eller danna stoff og produkt som er klassifiserte som helsefarlege i slik konsentrasjon eller slik form at det kan medføra helsefare for born.

Etter at dette regelverket vart innført, er bruken av kreosotbehandla trevirke i barnehagar på veg ut. Framover blir det viktig å sikra at ein heller ikkje tek i bruk andre helse- og miljøfarlege kjemikaliar i materialar til bruk i utstyr som born ofte kjem i kontakt med.

Vi har avgrensa kunnskap om verknader av kjemikaliar på helse og miljø. Det har hittil vore lagt til grunn at det er lite lekking av arsen, og at konsentrasjonane ikkje medfører helsefare. Nye undersøkingar syner at lekkinga kan vera større enn ein tidlegare har trudd. Funna av høge konsentrasjonar av arsen på seks av 153 leikeplassar i Trondheim skuldast truleg særlege forhold, som mykje bruk av trykkimpregnerte trematerialar og høg surheitsgrad i jordsmonnet. SFT vil no gå nærare inn og vurdera resultata av undersøkingane.

Forskrift om tryggleik ved leikeplassutstyr stiller krav om at slikt utstyr ikkje må gje frå seg arsen i konsentrasjonar som kan medføra helsefare for born. SFT har utarbeidd generelle normer for forureina jord ved følsam arealbruk, som m.a omfattar barnehagar. Dette inneber at trykkimpregnert materiale som gjev frå seg arsen i konsentrasjonar som overskrid SFT sine normer, ikkje skal nyttast i leikeplassutstyr.

Dei nye undersøkingane gjev grunn til ein brei gjennomgang av praksis for å sikra at born ikkje blir utsette for helsefare. SFT vil i nær framtid utarbeida ei rettleiing til kommunane og andre eigarar av barnehagar. Medan vi ventar på denne rettleiinga, vil eg frårå at ein brukar trykkimpregnert trevirke med arsen ved installering av nytt leikeplassutstyr. Generelt arbeider no miljøvernmyndigheitene for å sjå kva som kan gjerast med trykkimpregnert trevirke til slikt bruk for å fasa ut kopar, krom og arsen.

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg vil takke statsråden for svaret.

Det er urovekkende at jorda i barnehagene inneholder mer av miljøgiften arsen enn jord andre sammenlignbare steder. Årsaken er, som statsråden sa, trykkimpregnerte materialer til sandkasser, lekestativ og gjerder. I Trondheim kommune er situasjonen at barn under fire år blir frarådd å leke på lekeplassene. Diaré og oppkast er de mest sannsynlige følgene av inntak av arsen, men det er klart at får man større doser av dette stoffet, vil følgene bli langt mer alvorlig.

Jeg mener det er grunn til å tro at dette er situasjonen i flere av landets barnehager siden det i stor grad er trykkimpregnerte materialer som brukes i de fleste av dem. Dette er et billig materiale som det er lettere å bruke enn annet materiale.

Jeg er opptatt av at våre barn skal vokse opp under de beste forhold, og derfor synes jeg at det som er avdekket i Trondheim, er urovekkende. Som statsråden sa, er regelverket for lekeutstyr klart, men likevel ser vi her følgene. (Presidenten klubber.)

Spørsmålet mitt er: Vil Regjeringen innføre strengere regler for bruk av trykkimpregnert tre? Vi vet at våre naboland Danmark, Sverige og Finland har langt strengere regler for dette enn Norge har. Vil Regjeringen ta et slikt initiativ?

Presidenten: Presidenten vil minne om at vi har en taletid, og at vi bør bestrebe oss meget på å holde den.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Når det gjeld det å gje borna våre trygge oppvekstvilkår, trur eg representanten og eg deler det engasjementet. Det er klart at vi òg ynskjer å gje borna våre eit trygt oppvekstvilkår i barnehagen i forhold til dette. Eg ser med stort alvor på den problemstillinga som representanten reiser. Samtidig ligg dette nært til Miljøverndepartementet sitt ansvarsområde, og det reint faglege er det dei som har mest greie på. Men det er klart at vi kjem til å fylgja opp dette.

Representanten nemner at dei andre nordiske landa har anna og strengare regelverk. Då kan eg opplysa at Danmark har notifisert eit forbod mot bruk av arsen i impregnert trevirke. Europakommisjonen meiner at eit slikt forbod vil vera i strid med Romatrakaten, og varslar at saka vil bli forfylgd i retten dersom Danmark innfører forbodet. Den danske regjeringa har svart at den likevel vil innføra forbodet, som er grunna i behovet for å sikra drikkevassressursane, som inneheld urovekkande store mengder av arsen. Sverige og Finland har òg eige regelverk, men dei har heller ikkje fylgt forbodet om bruk av dette i barnehagar. Eg kjem til å fylgja det opp, og så får vi sjå på dei resultata som blir lagde fram.

Karita Bekkemellem Orheim (A): Jeg er klar over at disse spørsmålene egentlig ligger til Miljøverndepartementets ansvarsområde, men jeg synes at det er veldig viktig at barne- og familieministeren er klar over situasjonen og bruker tid på å fokusere på barns og unges oppvekstvilkår. Jeg er fornøyd med at statsråden vil følge dette opp. Men vil statsråden gå så langt som å pålegge barnehager å skifte ut de helsefarlige materialene, slik at vi får trygge oppvekstvilkår?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: No føler eg at eg bør ha ei betre oversikt over situasjonen i Trondheim. Det er kanskje spesielle grunnar for at det gjev seg såpass høge utslag der oppe, som eg òg nemnde i mitt svar.

SFT har utarbeidt generelle normer for forureina jord ved følsam arealbruk, som bl.a omfattar barnehagar. Det inneber at trykkimpregnerte materialar som gjev frå seg arsen i konsentrasjonar som overskrid SFT sine normer, ikkje skal nyttast i leikeplassutstyr. Så får ein sjå på det barnehagane melder inn. Om det er så alvorleg at ein må bytta ut det utstyret som allereie er der, kan eg ikkje svara på i dag, men Miljøverndepartementet må eventuelt fylgja opp denne saka.