Stortinget - Møte onsdag den 22. april 1998

Dato: 22.04.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 16

Jan Johnsen (H): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

I forbindelse med opptak til folkehøgskoler 1997-98 var studentene forespeilet å få 3 poeng både for militærtjeneste og for folkehøgskolestudiet. I juni 1997 bestemte Stortinget noe annet. Dette ble studentene først gjort kjent med i oktober 1997.

Vil statsråden se på dette slik at de forutsetninger som lå til grunn for opptak på folkehøgskoler, blir innfridd for skoleåret 1997-98?

Statsråd Jon Lilletun: Under behandlinga av meldinga om folkehøgskulen gjorde Stortinget fylgjande vedtak 14. januar 1997:

Med verknad frå og med skoleåret 1997-98 skal elevar som gjennomfører eit folkehøgskoleår på 33 veker, få utteljing i form av tre konkurransepoeng ved opptak til høgre utdanning i tillegg til alderspoeng, under føresetnad av skoledokumentasjon og registrert elevframmøte på 90 %.

I diskusjonen i Stortinget gjorde fleire talarar det klårt at ein gjennomgang av heile poengsystemet fyrst kunne gjerast ved den seinare behandlinga av rangeringsmeldinga. Problemstillinga spørsmålet reiser, vart ikkje særskilt behandla i debatten.

Eg vil her minne om at det i dei ulike regelverka for rangering av søkjarar til høgre grunnutdanning har vore og er ei vanleg ordning at ulike aktivitetar kan gje tilleggspoeng, men at det samstundes er ei grense for kor høg summen av dei ulike tilleggspoenga kan vere. Dette inneber at ein aktivitet som for ein søkjar gjev full utteljing i form av tilleggspoeng, for ein annan søkjar gjev inga eller berre delvis utteljing.

Det er såleis mi forståing at Stortinget 14. januar 1997 berre vedtok at tilleggspoenga for folkehøgskule skulle kome i tillegg til alderspoeng, og at det overlét til behandlinga av ei seinare melding å avgjere korleis desse poenga skulle verke i forhold til andre tilleggspoeng.

Eg vil også minne om at på det tidspunktet då dette vedtaket vart gjort, gav militærteneste eitt tilleggspoeng i statleg høgskulesektor, men t.d opptil fem tilleggspoeng ved Norges Handelshøyskole. Det kan difor ikkje vere rett å hevde at søkjarane etter januar 1997 var førespegla å få tre tilleggspoeng for både militærteneste og eit år på folkehøgskule.

17. juni 1997 gjorde Stortinget fylgjande vedtak:

Studiesøkere som har fullført førstegangstjeneste, skal med virkning fra studieåret 1998-99 få uttelling i form av 3 konkurransepoeng ved opptak til høyere utdanning. Slike poeng kan ikke gis i tillegg til poeng for høyere utdanning/folkehøgskole, ettersom øvre tak for konkurransepoeng ved opptak til høyere utdanning skal være 3 poeng.

Både departementet og dei høgre utdanningsinstitusjonane har etter vedtaket 17. juni informert einskildpersonar om endringane i regelverket.

Ei endring av regelverket no vil synast som ei god løysing for dei som ikkje kjende regelverka, og som difor tok eit år på folkehøgskule med forventing om å få poeng både for folkehøgskule og høgre utdanning. Det vil samstundes vere ei dårleg løysing for dei som har nytta studieåret 1997/98 i forståing av det nye regelverket og i tiltru til at vedtaket i Stortinget 17. juni ville liggje til grunn for opptaksregelverka.

Det er difor sterke grunnar for at det fastsette regelverket ikkje bør endrast. Søkjarar til høgre grunnutdanning var ikkje på noko tidspunkt førespegla å få tilleggspoeng for både høgre utdanning og eit år på folkehøgskule.

Det er likevel heller ikkje vanskeleg å setje seg inn i kjenslene til folkehøgskuleelevar som hadde poeng frå tidlegare for høgre utdanning, og som no får færre tilleggspoeng enn dei rekna med. Det sterkaste argumentet er at dei nye reglane fyrst vart sende på høyring den 13. oktober 1997. Dei vart altså behandla 17. juni og sende ut på høyring 13. oktober. Ein kan jo spørje seg kvifor den dåverande leiinga i departementet venta så lenge, men det har ikkje eg svar på. Eg har derfor under sterk tvil kome til at eg vil gjere framlegg om at dei få det her gjeld, skal få behalde dei poenga frå høgre utdanning som dei hadde før dei tok folkehøgskule i 1997/98, ved opptaket til dei statlege høgskulane hausten 1998. På bakgrunn av dei vedtaka Stortinget gjorde 17. juni i fjor, vil saka verte lagd fram for Stortinget til behandling.

Jan Johnsen (H): Jeg synes det var flott det ministeren her sa. Det står virkelig respekt av å si det ministeren sa på talerstolen, at vi her skal la tvilen komme disse tiltalte til gode - for å si det sånn. Jeg er glad for at denne saken nå kommer tilbake til Stortinget, og jeg håper selvfølgelig inderlig at Stortinget da gjør et enstemmig vedtak om det ministeren her har skissert. Så hjertelig takk for svaret!

Statsråd Jon Lilletun: Det er alltid kjekt å kunne kome i møte nokon som opplever å vere urettferdig behandla, og som nok har vore i god tru. Eg håpar, som spørjaren, at Stortinget sluttar seg til det framlegget vi vil kome med. Men samtidig skal det stå igjen at det var sterke argument på begge sider, og sjølv dette vedtaket vil ramme somme som no ikkje får desse poenga, men som hadde kunna kome inn på ei utdanning dersom ikkje elevane hadde fått dei poenga. Det viser kor samansette slike reglar er, og at det er vanskelege avvegingar. Eg har funne at samla sett er dette rett. Men eg synest eg òg måtte seie at det er såpass vanskeleg som det er, slik at ein skal ha ei felles forståing av at opptakspoeng og reglar for høgre utdanning er eit svært saksfelt.