Stortinget - Møte onsdag den 22. april 1998

Dato: 22.04.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 17

Siri Frost Sterri (H): Jeg har følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

Fleirtalet vil be departementet i samråd med Den norske kyrkja vurdere korleis tradisjonen knytta til Nidaros også kan speglast i form av til dømes plassering av sentrale kyrkjelege organ og møteverksemd i Trondheim », heter det i Innst.O.nr.46 (1995-1996).

Hvilke initiativ vil statsråden ta for å etterkomme ønsket fra et bredt stortingsflertall?

Jeg ber om forståelse for at jeg har tillatt meg å rette til min egen målform selve spørsmålsstillingen, selv om åpenbart tekstsenteret synes det hadde passet å bruke nynorsk videre.

Presidenten: Det har presidenten forståelse for.

Statsråd Jon Lilletun: Eg må få lov før eg startar på sjølve svaret å gje kompliment til representanten Frost Sterri for den glimrande måten ho brukte nynorsken på frå den innstillinga ho refererte frå. Det hadde vore hyggeleg om ho òg gjekk vidare med nynorsk, men det har ikkje eg noko med å leggje meg opp i.

Eg viser til det svaret som vart gjeve i den ordinære spørjetimen 19. februar 1997, der representanten Siri Frost Sterri stilte det same spørsmålet til dåverande kyrkjestatsråd Reidar Sandal.

Eg deler dei synspunkta statsråd Sandal gav uttrykk for i det svaret. Med dei kyrkjelege tradisjonane tilbake til Olav den heilage, den gjenreiste Nidarosdomen og Erkebispegarden står Trondheim fram som det kyrkjelege sentrumet i Noreg. Det er difor naturleg at dette også kjem til uttrykk ved plassering av kyrkjelege organ og møteverksemd.

Kyrkjemøtet vart for fyrste gong halde i Erkebispegarden hausten 1997. Om dette for framtida skal vere fast møtestad for Kyrkjemøtet, er eit spørsmål som organet sjølv må avgjere. Kyrkjemøtet for 1998 er vedteke lagt til Bergen, men Kyrkjerådet har no vedteke at Kyrkjemøtet for 1999 skal leggjast til Trondheim og Erkebispegarden.

Eg kan elles opplyse at departementet i samarbeid med biskopane i dag startar ein konferanse der alle biskopane og prostane i Kyrkja er samla. Det er så vidt eg veit, den fyrste gongen at dette skjer. Denne historiske konferansen er lagd til Erkebispegarden i Trondheim, nettopp på bakgrunn av ynsket om å markere Nidaros som eit kyrkjeleg senter.

Eg vil ved fyrste høvet drøfte med Kyrkjerådet på kva måte dei vidare vil fylgje opp merknadene frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på.

Siri Frost Sterri (H): Jeg takker kirkeministeren for svaret, og har da merket meg at han vedstår seg det han selv for noen år siden førte i pennen som saksordfører og også stod bak i den innstillingen som jeg har referert til i spørsmålet. Jeg har da en forventning om at den nåværende statsråd, i motsetning til tidligere statsråd, følger opp det flertallet har gitt uttrykk for, nemlig at de forventer et initiativ fra kirkestatsråden selv. Langt på vei kan det synes som han nå er innstilt på det. Jeg må jo innrømme at bakgrunnen for at jeg nå reiste spørsmålet, var følgende to overskrifter i Adresseavisen den 31. mars i år:

Ber kirken handle

Og:

Utålmodig Lilletun ser Trondheim som kirkehovedstad

Så spørsmålet er bare: Med de initiativ han nå har tatt, hvilke kirkelege organer mener han er naturlig å legge til Trondheim?

Statsråd Jon Lilletun: Eg trur det ville vere for tidleg frå mi side å gje meg inn på ein refleksjon rundt det spørsmålet - det må Kyrkja sjølv få lov å handsame fyrst. Det vi har gjort frå departementet si side, er altså i større grad både å leggje konferansar til Trondheim og å markere Trondheim, Nidaros og Erkebispegarden som eit viktig kyrkjeleg sentrum.

Vidare vil eg no be om at Kyrkjerådet gjev konkrete vurderingar tilbake om korleis dei tenkjer å fylgje denne merknaden vidare opp. Og med det synet som både representanten Frost Sterri og eg har på Kyrkja sitt sjølvstende og Kyrkja si rolle, håper eg iallfall at ho vil vere samd med kyrkjestatsråden i at det er ein fornuftig strategi

Siri Frost Sterri (H): Jeg er helt enig med kirkestatsråden i at til syvende og sist må dette være et valg som Kirkens organer selv gjør, men i den ordningen vi nå engang har, ligger det jo en klar initiativrett hos statsråden selv. Det kunne selvfølgelig hende, slik vi har hørt forlydender om tidligere, at det også kan koste noe med en eventuell omorganisering og endring av de rutiner de til nå har fulgt.

Men jeg oppfatter kirkestatsråden slik at han med det svaret han gav, bekrefter at det er naturlig å legge kirkelige organer og møtevirksomhet til Trondheim, og at oppslaget i Adresseavisen er en klar melding til Kirkens organer og en oppvarming foran de forestående møtene som statsråden skal ha med Kirkens organer.