Rolf Reikvam (SV):
Jeg vil gjerne
stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:
Norsk Studentunion mener i en
uttalelse at studiekvaliteten med dagens lave PC-dekningsgrad ikke er
tilfredsstillende. Som eksempel vises til at ved Norges
teknisk-naturvitenskapelige universitet må 18.000 studenter dele 350
datamaskiner. Samlet for norske universiteter mener Norsk Studentunion at
PC-dekningen er dårligere enn i grunnskolen og i videregående skole.
Er statsråden enig i denne
beskrivelsen, er situasjonen et resultat av feilprioriteringer fra
universitetenes side, og hva vil statsråden foreta seg?
Statsråd Jon Lilletun:
Fyrst vil eg
presisere at undersøkinga som representanten Reikvam refererer til, er ei
undersøking av talet på PC-ar som er allment tilgjengelege for studentane
ved institusjonane. Dette vil m.a seie at maskinar som er tilgjengelege
berre for hovudfagsstudentar eller studentar på særskilde fag, ikkje inngår
i tala. Når alle studentmaskinane vert inkluderte i reknestykket, aukar
tilbodet av tilgjengelege PC-ar til studentane ved NTNU frå dei 350
representanten Reikvam refererer til, til meir enn 1000.
Ved fleire av universiteta er det sett
av midlar til å auke talet på studentmaskinar i 1998. Ved universiteta er
det òg nyleg gjennomført utgreiing av - eller oppretta utval som skal greie
ut - sentrale spørsmål ved institusjonane sine IT-strategiar, som t.d
studentbruken av PC, tilbodet studentane får ved institusjonen, og i kor
stor grad IT vert brukt som verkty i undervisninga.
Midlane til nye maskinar vil føre til
ei gledeleg forbetring av tilbodet til studentane, men eg vil like fullt
understreke at talet på PC-ar ikkje gjev eit dekkjande bilete av tilbodet
universiteta gjev studentane på dette området. I universiteta sine
IT-satsingar har det dei siste åra vore lagt vekt på å byggje ut kapasitet
og kvalitet på andre tenester enn åleine å skaffe studentane fleire
maskinar. Universiteta har stilt eit område på PC-nettet til disposisjon
for kvar student, slik at studentane kan nytte elektronisk post,
nett-tenester m.m som ein del av det samla IT-tilbodet dei mottek frå
universitetet. Det finst òg ordningar der universiteta stiller lisensar for
programvare til disposisjon for studentane. Ei undersøking utført av
Statistisk sentralbyrå i 1995 synte at meir enn 60 % av studentane hadde
tilgang til PC heime - og merk at dette er tal frå 1995 - medan
web-teknologien enno var noko for særs interesserte. Det er grunn til å tru
at tala har endra seg sidan den tida, med ei langt større PC-dekning no, så
universiteta tilbyr her ei teneste som treffer mange studentar.
Universiteta gjev fleire tilbod om
oppkopling frå eigne maskinar, og i Trondheim er det òg lagt til rette for
oppkopling mot universitetet sin nett-tenar frå studentsamskipnadshyblane.
Slike tilbod gjev auka fleksibilitet i studiesituasjonen for alle dei som
nyttar tilbodet via sin heime-PC, og det vil lette tilgangen til
universiteta sine maskinar for dei studentane som ikkje har eigen PC.
I samsvar med prinsippa om
rammebudsjettering er det opp til universiteta sjølve å avgjere både
omfanget av og innhaldet i satsinga på IT. Departementet fylgjer likevel
utviklinga på nært hald. Eg er nøgd med at både NTNU og andre universitet
har prioritert ein auke i talet på PC-ar som kan nyttast av studentane, og
at universiteta greier ut det generelle IT-tilbodet som studentane ved
institusjonen får. Det er òg spennande å sjå korleis universiteta, som jo
representerer ein spisskompetanse på dette området, har klart både å tenkje
ut og å realisere nye løysingar som verkar kostnadseffektive, og som for
einskilde grupper av studentar vil betre kvaliteten og fleksibiliteten i
studietilbodet som institusjonane gjev.
Rolf Reikvam (SV):
Jeg takker for
svaret. Jeg er vel fortsatt litt usikker på hvordan en skal tolke dette
svaret, om statsråden er tilfreds med situasjon. Jeg tror nok jeg vil tolke
det slik at han er rimelig tilfreds med den situasjonen som er på
universitetene våre når det gjelder antall PC-er. Jeg er for så vidt enig
med ham i at å forenkle dette til å telle PC-er, kan være en for lettvint
måte å gjøre det på. Men det er et uomtvistelig faktum at Norsk
Studentunions tall - selv om statsråden opererte med andre tall her, velger
jeg å holde meg til de tallene som Norsk Studentunion opererer med - viser
at dekningsgraden er lav. Dette kan skyldes flere forhold. Jeg følte at
statsråden ikke helt svarte på spørsmålet mitt, om han mener at
universitetene har prioritert dette for lavt. Mitt spørsmål blir derfor:
Mener statsråden at en bør oppfordre universitetene til å bruke mer av
rammebevilgningene til PC-utstyr, eller må det skje et løft gjennom en
ekstraordinær bevilgning fra Stortinget?
Asmund Kristoffersen hadde her
overtatt presidentplassen.
Statsråd Jon Lilletun:
Eg seier meg
lei for det dersom eg ikkje svarte på spørsmålet. For å vere meir konkret:
Eg prøvde å gje utfyllande opplysningar. Det er ei viktig undersøking som
Studentunionen har laga, men den dekkjer ikkje heile biletet, og eg er glad
for at representanten Reikvam òg erkjenner det. Det er klart at eg ikkje er
nøgd med den totale dekninga, det må eg berre innrømme. Men eg er einig med
universiteta når dei på ein måte fyrst og fremst har prioritert dei høgste
gradane, og at dei har prioritert tilgang til nett og til fellestenester.
for det er jo ganske mange som har maskin sjølve.
Eg har undersøkt ein del
internasjonalt. Det er faktisk veldig uvanleg at universiteta stiller med
nok PC-ar. Det er meir og meir vanleg at studentane må halde det sjølve.
Det vil vere eit kostnadsspørsmål som igjen vil ha med studiefinansiering å
gjere, og det blir dei svakaste som i så fall får for dårleg tilbod. Det må
vel bli, slik eg ser det, eit både - og, men universiteta står, som eg sa,
fritt i forhold til sine prioriteringar. Men det å prioritere
fellestenester synest eg er klokt.