Astrid Marie Nistad (A):
Eg tillet
meg å stille følgjande spørsmål til utdannings- og forskingsministeren:
Finanskomiteens leiar, Lars Gunnar
Lie, med fleire har kravt at ingeniørutdanninga ved Høgskulen i Sogn og
Fjordane, filial Førde, skal førast vidare, trass i dårleg søknad frå
studentar. Statsråden har med bakgrunn i dette kravet gitt beskjed til
høgskulen om at denne utdanninga skal fortsette.
Korleis vil statsråden sikre økonomien
ved Høgskulen i Sogn og Fjordane i høve til andre eksisterande godt søkte
studieretningar og til nye studieretningar i krav med den teknologiske
utviklinga?
Statsråd Jon Lilletun:
Som
representanten Astrid Marie Nistad heilt rett påpeikar, kom eg etter ei
samla vurdering til at det var rett å halde fram med teknologisk utdanning i
Sogn og Fjordane. Det var òg det rådet eg fekk frå stortingsrepresentantane
frå Sogn og Fjordane då dei tok kontakt med meg i denne saka. Eg skuldar
her å leggje til at representanten Nistad ikkje var til stades - det var
vararepresentanten som var inne for henne. Like eins var det stor pågang
frå store delar av næringslivet i Sogn og Fjordane, som var urolege for å
miste dette tilbodet.
Rekruttering av studentar til
Høgskulen i Sogn og Fjordane vil vere ei utfordring i tida framover, ikkje
berre når det gjeld ingeniørutdanninga. Høgskulen har òg andre studium som
ikkje rekrutterer nok studentar. Berre å auke den økonomiske ramma til
høgskulen er derfor ikkje ei løysing aleine.
Departementet er no inne i ein god
dialog med leiinga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Eg har allereie hatt
eit møte med rektor og direktør og studentrepresentant ved høgskulen, og vi
har avtalt eit nytt møte med det aller fyrste. Gjennom desse samtalene
håpar eg at høgskulen i samarbeid med departementet skal finne eit grunnlag
for ei god løysing på dei utfordringane som institusjonen no står overfor.
Astrid Marie Nistad (A):
Eg takkar
for svaret. Eg merka meg at statsråden ikkje svarte på hovudspørsmålet
mitt, om korleis han vil sikre økonomien til høgskulen, men viste til at han
er inne i ein god dialog og samtale med leiinga ved skulen.
Tal frå Høgskulerådet syner at
Høgskulen i Sogn og Fjordane kjem dårlegast ut når det gjeld overføringar pr
student, med om lag 1.800 kr, eller 3,7 % under landsgjennomsnittet, noko som
går ut over forsking og utvikling ved høgskulen, og når statsråden samtidig
pålegg den dyraste og minst søkte utdanninga, veit vi at dette vil forverre
den økonomiske stoda ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Det vil måtte gå ut
over dei godt søkte linjene som naturfag, akvakultur og lærarutdanninga.
Også basisutdanninga ved høgskulen vil måtte verte skadelidande.
Mitt spørsmål er på nytt: Korleis vil
statsråden føre høgskulen opp på eit tilskottsgjennomsnitt pr student sett i
forhold til dei kompetansekrava som ein høgskule bør ha for at den skal vere
ein god arbeidsplass både for studentane og for dei som skal drive
undervisninga?
Statsråd Jon Lilletun:
Eg har
forståing for at representanten Nistad meiner eg ikkje svarte på
hovudspørsmålet, men samstundes håpar eg at ho respekterer at det å
saksbehandle frå Stortingets talarstol i forhold til ein dialog som er på
gang, er vanskeleg.
Det er heilt rett det representanten
Nistad seier. Om ikkje høgskulen i Sogn og Fjordane kjem dårlegast ut - det
gjer den nok ikkje - så er den ein av dei som ligg aller lågast når det
gjeld tilskott pr student. Det er jo ein historisk situasjon, som ein
forsiktig begynte å endre ved framlegget til budsjett i fjor. Eg er
innstilt på å gå vidare på den vegen og likne ut for å få meir rettferd i
desse tildelingane.
Like eins er eg innstilt på å sjå både
på utgiftene - bl.a husleige - i samband med ingeniørutdanninga i Førde og
på andre tiltak, slik at Høgskulen i Sogn og Fjordane, etter denne runden vi
har no, totalt sett kjem styrkt ut.
Astrid Marie Nistad (A):
Eg takkar
igjen statsråden for svaret. Eg vil gjerne korrigere litt og seie at eg er
vel kjend med at statsråd Sandal var med på å endre nivået når det gjeld
uttelling i forhold til dei høgskulane som låg lågast. Og at statsråd
Lilletun no følgjer opp, er eg glad for.
Samtidig seier han at han vil gå inn
og sjå på husleiga i Førde. Husleiga i Førde har ikkje vore inkludert i dei
økonomiske rammene som eg elles har peikt på, så det er ikkje noko svar å
gi. Men eg vil gjerne stille eit tilleggsspørsmål: Vil statsråden lytte
meir og desentralisere meir av avgjerslene til Høgskulestyret enn tidlegare,
i tråd med det Stortinget har sagt? Og kjem statsråden til å overprøve
høgskulestyret sitt vedtak i forhold til den påtenkte IT-utdanninga som dei
vil legge til Høgskulen i Sogndal?
Statsråd Jon Lilletun:
Det er nok
heilt rett som representanten Nistad seier, at husleiga ikkje er inne i
budsjettet til Høgskulen i Sogn og Fjordane, men den er inne i budsjettet
til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet, og vi får frigjort
midlar dersom vi klarar å få husleiga på eit anna nivå. Det føler eg det er
tilbod om nye forhandlingar om. Derfor er det vesentleg for Høgskulen i
Sogn og Fjordane å få frigjort midlar der.
Vidare er det slik at det er
høgskulestyra som i dei aller fleste tilfella har det avgjerande ordet. Men
det er òg slik - etter Stortinget sitt vedtak - at Regjeringa har ein
styringsrett dei gongene dei finn det heilt turvande. Og som eg sa: Det har
kome massive førespurnader frå næringslivet i Sogn og Fjordane, og ein samla
stortingsbenk frå Sogn og Fjordane - med unnatak av representanten Nistad -
gav ein sterk og tung argumentasjon som gjorde at vi denne gongen
overkøyrde. Det kjem ikkje til å vere den generelle situasjonen.
Når det gjeld IT-studiet, må vi først
leite og prøve det vi kan for å få fleire studieplassar innan IT til
høgskulane, og så skal vi nok òg bli einige med styret i Sogn og Fjordane om
kor dei skal plasserast.