Ågot Valle (SV):
Jeg har følgende
spørsmål til barne- og familieministeren:
Barne- og familiedepartementet sendte
10. mars 1998 ut et brev til alle kommuner, fylkeskommuner og fylkesmenn.
Det blir i brevet presisert at retningslinjer for godkjenning av fosterhjem
også skal benyttes ved godkjenning av besøks- og avlastningshjem. Det blir
presisert at homofile par som hovedregel ikke kan godkjennes som verken
fosterhjem eller besøks- og avlastningshjem.
Hvordan kan statsråden forsvare at en
hel gruppe mennesker skal kunne avvises som ressurspersoner kun på grunn av
seksuell legning?
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland:
Det er den tidlegare regjeringa som har laga dei eksisterande vedtaka og
retningslinjene som ligg til grunn for å velja ut og godkjenna fosterheimar.
Departementets fråsegner og vurderingar i saker om anten å bli foster- eller
besøks- og avlastingsheim er såleis i tråd med tidlegare retningslinjer og
praksis. Eg har ikkje gjort endringar frå tidlegare praktisering. På grunn
av ei sak som kom opp i Sarpsborg, om å bruke homofile som avlastingsheim,
og der mora ikkje ynskte å nytta dette tilbodet, fann departementet grunn
til å presisera gjeldande regelverk og praksis.
For godkjenning av fosterheim heiter
det i departementets retningslinjer av 23. november 1993:
Fosterhjemmet
bør i utgangspunktet danne en tradisjonell familieenhet som ikke skiller seg
for mye fra hva som ellers er vanlig i samfunnet. For å sikre barnet en stabil
og god omsorgssituasjon, bør barneverntjenesten velge fosterhjem der barnet kan
få både fostermor og fosterfar, men det er i utgangspunktet ikke nødvendig å
stille krav om at fosterforeldrene er gift.
Vidare lyder det:
Ut
fra kravet om tradisjonell familieenhet, vil generelt heller ikke homofile være
aktuelle som fosterforeldre. Men det kan tenkes unntak også fra en slik hovedregel
etter en konkret vurdering i situasjoner der barnet har en særlig tilknytning
til vedkommende. Barnets egen og foreldrenes holdning bør tillegges vekt når
det gjelder spørsmål om eventuelt fosterhjemsplassering hos enslige eller homofile.
Det er grunn til å presisere at når
det offentlege tar på seg å yta hjelpe- eller omsorgstiltak til utsette born
og unge, er det naudsynt å visa stor varsemd i forhold til kvar borna blir
plasserte, anten det er for kortare eller lengre tid. Av omsyn til barnet
har det vore praksis ved godkjenning av besøks- og avlastingsheim for born
under omsorg å fylgja reglane for godkjenning av fosterheim.
Eg ser at det kan vera gode grunnar
til å skilja mellom born som er under omsorg av barnevernstenesta, og born
som bur fast hos dei biologiske foreldra sine og nyttar f.eks avlastingsheim
som eit frivillig hjelpetiltak. Når besøks- og avlastingsheimen blir nytta
som eit frivillig tiltak, og barnevernstenesta og foreldra er samde om val
av personar, kan ein diskutera kor mykje staten skal blanda seg inn i det.
Eg er open for, dersom både barnevernstenesta og foreldra er samde, at òg
einslege eller homofile kan bli brukte dersom dei elles tilfredsstiller dei
krava som bør stillast til tiltaket ut frå bornas behov. Dette vil eg sjå
nærare på.
Eg har òg lyst til å minna om at det
er ingen menneskerett korkje å bli besøks- eller fosterheim. Tvert imot
bygger barnevernslova sine vedtak på at slike heimar skal vurderast
individuelt og innfri heilt særlege vilkår, og at det er barnets beste som
må vera utgangspunktet.
Ågot Valle (SV):
Jeg takker for
svaret.
Jeg registrerer at statsråden sier at
brevet til bl.a kommunene ikke innebærer en innskjerping. Etter min mening
gjemmer hun seg bak retningslinjene gitt av Arbeiderpartiet. Til det er å
si at statsråden har et sjølstendig ansvar for de signalene hun sender ut.
Retningslinjene fra 1993 gjelder
godkjenning av fosterhjem og ikke avlastnings- og besøkshjem. Undersøkelser
som er gjort i barnevernet, viser at det ikke har vært ens praksis ved
godkjenning av besøks- og avlastningshjem. Brevet med de nye
retningslinjene betyr derfor en klar innstramming, og det blir oppfattet
slik også i Sarpsborg kommune.
Alle er vi opptatt av barnas beste, og
det er til barnas beste at ressurspersoner som kan gi avlastning, varme og
omsorg, ikke skal utelukkes på grunn av samlivsform eller seksuell legning.
Mitt spørsmål går på hovedregelen - det er den vi må ta utgangspunkt i, selv
om statsråden gir signaler om unntak. Mitt spørsmål blir da: Vil statsråden
trekke tilbake brevet med de nye retningslinjene, eller må barnevernet og
kommunene vente til (presidenten klubber) et stortingsflertall eventuelt
vedtar nye retningslinjer for godkjenning av besøks- og avlastningshjem som
innebærer at man ikke skal utelukkes på grunn av seksuell legning eller
samlivsform? Jeg beklager at jeg overskred taletiden, president.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland:
Eg har lyst til å understreka endå ein gong at dette ikkje er nye
retningslinjer. Det er dei gamle retningslinjene som er sende ut på nytt på
grunn av ei sak i Sarpsborg der ei mor fekk tildelt eit homofilt par som ho
ikkje ynskte å bruka.
Eg har òg sagt at dersom foreldra og
barnevernet ynskjer å bruka andre enn familiar med mor og far, har ikkje eg
tenkt å seia nei til det. Det brevet understreka, er det som departementet
faktisk har lagt til grunn for retningslinjene som er blitt utforma. Det
har ikkje skjedd nokon endringar sidan eg vart statsråd. Sarpsborg-saka var
ei av dei fyrste sakene eg fekk på bordet. Sjølvsagt måtte eg gjera meg
kjend med lover og retningslinjer, og det gjorde eg. Etter det vart det
sendt eit brev til kommunane. At kommunane oppfattar det som ei
innskjerping, det får så vera. Men det har ikkje vore intensjonen.
Intensjonen har rett og slett vore å klargjera kva som er retningslinjene.
Derfor finn eg ikkje nokon grunn til å trekka tilbake det brevet som er
sendt ut frå departementet si side.
Ågot Valle (SV):
Jeg registrerer at
statsråden nok en gang sier at det ikke foreligger en innstramming. Men det
er helt klart at de retningslinjene som ble godkjent i 1993, ikke gjelder
besøks- og avlastningshjem. Jeg har også registrert at statsråden i aviser
har uttalt at homofile er uegnet som bl.a reserveforeldre. Da går jeg ut
fra at hun også tar med besøks- og avlastningshjem.
Det er hovedregelen vi må snakke om
her, og om signaler om hvem som skal betraktes som ressurspersoner i
barnevernet. Jeg kan ikke tolke statsrådens svar annerledes enn at hun ikke
vil trekke tilbake brevet, altså at hovedregelen skal være at en ikke vil
godkjenne ressurspersoner, som barnevernet skriker etter, på grunn av at de
er homofile, eller at de har en samlivsform som ikke er A4.
Statsråd Valgerd Svarstad Haugland:
Då må eg igjen understreka at når det gjeld fosterheimar, avlastingsheimar
og besøksheimar, trur eg det er viktig at vi held fast ved det som er
hovudregelen i dag, nemleg at desse borna skal få tilbod om ein heim med mor
og far. Det står òg i forskrifta at ein ikkje treng å vera gift, men at det
skal vera stabile heimar med mor og far. Det trur eg faktisk det er viktig
å ha som ein hovudregel.
Så har eg altså ikkje sagt at vi ikkje
har bruk for alle desse som kan tenkja seg å gjera ein jobb i form av å vera
avlastingsheim og besøksheim. Eg understrekar igjen at dersom dei som treng
avlasting, og barnevernstenesta finn ut at dei ynskjer å bruka einslege,
uavhengig av seksuell legning, så har ikkje eg tenkt å legga meg opp i det.
Det er inga innskjerping i forhold til det som har blitt lagt til grunn før.
Eg vart kanskje meir forbausa enn
representanten vart då eg opna Dagbladet på laurdag og såg kva eg skulle ha
sagt. For det har eg faktisk ikkje sagt. Eg ynskjer å halda på den
praksisen vi har, med den moglegheita som er i lovverket til å fråvika
hovudregelen når det er ynskeleg. Det har òg departementet tenkt å gjera i
framtida.