Stortinget - Møte onsdag den 16. desember 1998 kl. 10

Dato: 16.12.1998

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 20

Petter Løvik (H): Eg tillet meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«Etter råd frå ein kommunal institusjon (PP-tenesta) fekk ein elev utsett skulestart. 12 år seinare vart same elev straffa for dette av ein statleg institusjon (Lånekassa) med redusert stipend då han tok til på folkehøgskule.

Vil statsråden ta skritt for å hindre at Lånekassa sine stivbeinte reglar for stipend til folkehøgskuleelevar slår negativt ut overfor ein elev som, etter tilråding frå sakkunnige, fekk utsett skulestart og difor har eit anna fødselsår enn medelevane?»

Statsråd Jon Lilletun: Fyrst vil eg presisere at det er Stortinget som har fatta vedtak om aldersgrensene i utdanningsfinansieringsordninga, og dette er fylgt opp i forskriftene for Lånekassa som er gjevne av departementet. Lånekassa har altså handla korrekt etter dei føresetnadene som ligg i regelverket i dag.

Det finst i dag reglar som trygger full støtte for dei som har utsett skulestart eller har teke eitt år om i grunnskulen etter sakkunnig vurdering når det gjeld stønad for VK II. I budsjettet for 1999 er det også vedteke å auke aldersskiljet for dei som på grunn av sin helsetilstand treng fire år i vidaregåande opplæring. Då Stortinget i januar 1997 vedtok stønadsreglane for 19-åringar som tek folkehøgskule som fjerde år, er det grunn til å tru at ein i vurderingane av dette ikkje hadde med dei folkehøgskuleelevane som ville vere i sitt fjerde år etter at dei hadde utsett skulestart eller har teke eit år om i grunnskulen etter sakkunnig vurdering. Eg kan sjå at det kan verke urimeleg at desse ikkje kjem inn under unntaksregelen i folkehøgskulen, og eg stiller meg positiv til å finne ei løysing fordi det er naturleg med ei endring som får desse unntaksreglane til å henge i hop. Eg vil gjere merksam på at dette berre vil gjelde dei som har utsett skulestart eller har gått om eitt år i grunnskulen etter sakkunnig vurdering. Desse vil eg finne rom for innanfor dagens ramme og iverksetje dette som ei endring i forskriftene for inneverande skuleår, dvs. 1998-99. Det vil også vere naturleg at det same vert gjort gjeldande for dei elevane som på grunn av sin helsetilstand må bruke eitt ekstra år i vidaregåande opplæring, når dette vert gjeldande frå 1999-2000.

Med alle unntaka vert regelverket for utdanningsfinansieringa etter kvart uoversiktleg, og eg vil i denne samanhengen vise til det utvalet som departementet har sett ned no i haust til å gå gjennom ordninga. Utvalet skal leggje vekt på behovet for forenklingar, og har i mandatet også fått i oppdrag å vurdere bruken av aldersskiljereglane i utdanningsfinansieringa.

Men som konklusjon: Det er heilt klart at denne ungdomen og dei som er i tilsvarande situasjon, heilt klart vil oppleve det som urettferdig, at dei etter å ha fylgt eit råd frå ein offentleg instans vert straffa av ein annan offentleg instans. Eg vil altså allereie i dette skuleåret imøtekome det som spørjaren her har teke opp.

Petter Løvik (H): Statsråd Lilletun er ein velviljens og til tider jordnær person, og eg vil takke for eit svært positivt svar på dette spørsmålet.

Det verkar heilt urimeleg at ein elev som har gått 12 samanhengande år på skule i lag med 1979-kullet, skal tape mange tusen kroner på grunn av eit stivbeint regelverk. Det er korrekt som statsråden seier, at her er det ikkje Lånekassa, men forskriftene frå departementet som har vore til hinder for ei positiv løysing. Og eg trur aldri det har vore Stortinget sin intensjon at ei tolking av dette vedtaket skal vere så firkanta.

Statsråden sitt svar er ein siger for fornufta og ei god julegåve til dei dette gjeld. Igjen – tusen takk!