Sonja Irene Sjøli (H): Jeg tillater meg å stille følgende
spørsmål til sosialministeren:
«Folketrygdlovens § 15-5
inneholder bestemmelser om tildeling av stønad til dekning
av ortopediske hjelpemidler. For å presisere lov og forskrift
har Rikstrygdeverket utarbeidet retningslinjer for tildeling av
slik stønad. Frem til mai 1997 ble vurderingen om å gi
stønad basert på hensynet til den trygdedes funksjonalitet.
Retningslinjene ble da endret. Nå tildeles stønad
bare til trygdede med spesifikke diagnoser.
Hvilke vurderinger lå til grunn da
Rikstrygdeverket endret retningslinjene?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Ved varige og vesentlege funksjonsforstyrringar
i støtte- og rørsleorgana kan det ytast
stønad frå folketrygda til naudsynte og føremålstenlege
ortopediske hjelpemiddel, som blir rekvirerte av lege.
Forskrift om stønad til ortopediske
hjelpemiddel er gitt av Sosial- og helsedepartementet. Forskrifta
krev ikkje at brukaren skal ha ein spesiell diagnose.
Rikstrygdeverket har i rundskriv til trygdekontora
gitt nærare retningslinjer om praktisering av regelverket.
I rundskrivet er det nemnt einskilde tilstandar som ikkje kan sjåast
på som vesentlege funksjonsforstyrringar. Dette
er gjort både i det siste og i tidlegare rundskriv, så dette
er ikkje noko nytt frå 1997.
På grunn av ulik praksis ved trygdekontora
gjorde Rikstrygdeverket ein del presiseringar i rundskrivet i samband
med innføring av ny folketrygdlov frå 1. mai 1997.
Det vart lagt større vekt på at legen må ha
ei god grunngjeving for at det er eit behov for det ortopediske hjelpemiddelet.
På einskilde område fann Rikstrygdeverket
det òg føremålstenleg å gje
eksempel på kva diagnosar som vanlegvis fører
med seg vesentlege funksjonsforstyrringar, og andre diagnosar som
vanlegvis ikkje fører med seg slike funksjonsforstyrringar.
Rikstrygdeverket sitt rundskriv stiller ikkje
krav om visse diagnosar. Rundskrivet stengjer heller ikkje ute pasientgrupper
frå stønad til ortopediske hjelpemiddel om dei
har ein spesiell diagnose. Det er såleis framleis funksjonsnedsetjinga
som er avgjerande for om vilkåra for stønad er
oppfylte. Ein diagnose kan aldri vere meir enn ein indikasjon.
For å sikra at brukarane får
dei hjelpemidla dei har behov for etter gjeldande regelverk, vil
eg ta initiativ til at dette kjem klart fram i Rikstrygdeverket
sine retningslinjer.
Sonja Irene Sjøli (H): Jeg takker statsråden for svaret.
Høyre tok opp denne saken fordi Rikstrygdeverkets praktisering
av retningslinjene for tildeling av stønad til ortopediske
hjelpemidler innebar at en rekke pasienter som før har
fått stønad til slike hjelpemidler, ikke lenger får
det. Mange av disse pasientene må leve med plagene og får
en betydelig redusert livskvalitet fordi de ikke har råd
til å betale det selv. Dette har vi fått inn flere
eksempler på. Jeg er derfor glad og tilfreds
med at statsråden nå vil gå inn og se
på praksis og retningslinjene og presisere at det er pasientens
funksjonalitet og ikke diagnose som skal være avgjørende
for tildeling av støtte.
Jeg har tillit til at sosialministeren, siden
hun er enig i at det kan være avdekket en uheldig praksis
her, umiddelbart vil sørge for at dette kommer til opphør,
slik at de pasienter dette gjelder, kan få den hjelp som
de har krav på etter loven.
Så igjen, takk til statsråden
for et positivt svar.