Annelise Høegh (H): «Stortinget har bedt om at A/S Vinmonopolet
revurderer sin planlagte avanseomlegging fra 1. januar 1999, slik
at særlig de billigste vinene ikke blir dyrere. Hvis ikke
oppheves effekten av vedtaket om lavere alkoholavgifter for å redusere
grensehandelen. Statsråden har akseptert A/S
Vinmonopolets styrevedtak om først å vurdere eventuelle
endringer 1. mai 1999.
Hvorfor har ikke statsråden etterkommet
Stortingets klare intensjon om ikke å gjennomføre
avanseomleggingen fra 1. januar 1999?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eit fleirtal i Stortinget ber i ein merknad
i Innst. S nr. 40 for 1998-99 om at den planlagde
avanseomlegginga hjå A/S Vinmonopolet blir revurdert.
I mitt brev til Stortinget av 8. desember har
eg gjort greie for mi sakshandsaming så langt. Styret
i A/S Vinmonopolet har i sitt vedtak av 3. desember 1998
i realiteten peikt på at ei omlegging ikkje er mogleg å gjennomføra
allereie frå 1. januar. Styret vil derimot vurdera kalkylemodellen
med sikte på moglege endringar frå 1. mai 1999.
Etter mi meining inneber vedtaket ei rimeleg
tidsramme. Eg har forståing for styret si handsaming av
denne saka. Eg vil nytta høvet til å minna om
at styret i A/S Vinmonopolet, som i andre selskap
eigde av staten, har eit sjølvstendig ansvar for alle
handelsavgjerder. Etter alkohollova skal A/S Vinmonopolet
si innkjøpsverksemd – innanfor alkoholpolitiske
rammevilkår – skje på vanlege handelsvilkår.
Den skal tilpassast etterspurnad og sikra likehandsaming. Dette
gjeld òg fastlegging av ein avansemodell. Det er òg
gitt føresegner som skal sikra innsyn i A/S Vinmonopolet
si prisfastsetting, og særleg likehandsaming av produkt
og leverandørar. Styret kan såleis ikkje utan
vidare laga ein kalkylemodell som inneber at særleg dei
billigaste vinane ikkje blir dyrare. Effekten av vedtaket
om lågare alkoholavgifter er elles avhengig av fleire faktorar,
m.a. prisane frå grossistane og valutakursendringar.
Eg legg til grunn at Stortinget vil ha forståing
for at styret i A/S Vinmonopolet i denne saka har eit sjølvstendig
ansvar og må få høve til å føreta
ei ny sakshandsaming innanfor ein framdriftsplan som det sjølv
finn forsvarleg, og eg vil koma tilbake til Stortinget med ei orientering
når eit nytt styrevedtak ligg føre.
Annelise Høegh (H): Jeg takker statsråden for svaret,
men jeg må si at jeg er ganske overrasket over at statsråden
setter seg så velbehagelig til rette og aksepterer styrets
håndtering her.
Det er ikke en evaluering eller en vurdering
stortingsflertallet har bedt om, det er en revurdering, og i parlamentarisk
ordbruk tror jeg det er relativt enkelt å forstå at det
betyr at stortingsflertallet ønsker at denne avanseomleggingen
ikke blir gjennomført. Og det er, så vidt jeg vet,
ikke riktig å si at Vinmonopolet ikke har anledning til å gjøre
om dette vedtaket med virkning fra 1. januar. I 1996, da vi hadde
det gamle salderingssystemet, fikk de avgiftsvedtak omtrent på denne
tiden, så å si at de ikke har tid, er å bortforklare.
Det er trenering, og jeg syns det er meget alvorlig dersom statsråden
setter seg til rette og ser på og aksepterer at Vinmonopolet
bevisst trenerer et uttrykt ønske fra Stortinget, et ønske
som er uttrykt både gjennom Stortingets nye avgiftsvedtak
og gjennom den flertallsmerknaden som statsråden selv viste
til. Jeg vil derfor be henne på nytt om å revurdere
dette, altså å få Vinmonopolet til å skjønne
at vil de overleve, bør de opptre på en annen
måte.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Etter mitt syn handlar dette spørsmålet
om kva vilkår Vinmonopolets styre har for sitt arbeid,
og det er gitt klare retningsliner for kva styret på eiga
hand kan føreta av vurderingar. Avgiftene og endringar
i dei er noko dei må forhalda seg til kvart år.
Dei skal òg sjølve byggja opp eit forhold til sine
grossistar, sine leverandørar, og det var det som skapte
problema innanfor den tida som dei no hadde til disposisjon.
Elles gir stortingsfleirtalet vekslande meldingar
om i kor stor grad det er ynskjeleg å gripa inn i styret
si handelsverksemd. Eg viser til merkanden om vareutvalet, der Regjeringa
fekk beskjed om ikkje å gripa inn, og likeins til merknaden
om sjølvbetente pol, der Vinmonopolet sine eigne vurderingar
skulle tilleggjast avgjerande vekt.