Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 1999 kl. 10

Dato: 10.02.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 10

Jon Olav Alstad (A): Jeg skal over på likestilling – og da gikk pressefolkene!

Jeg skal få lov til å stille følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«Det er fremkommet massiv kritikk av departementets FN-rapport om likestilling. Den er mangelfull og ufullstendig, hevder Likestillingsombudet.

Vil statsråden ta initiativ for å lage en bedre og mer utfyllende rapport om likestilling i Norge?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Noreg ratifiserte FNs kvinnekonvensjon i 1981. Som part i konvensjonen er Noreg forplikta til å rapportera til FN"s Committee on Elimination of Discrimination Against Women, den såkalla CEDAW-komiteen, kvart fjerde år om kva vi gjer for å oppfylla dei krava konvensjonen set. Noreg skal no levere sin femte rapport.

CEDAW-komiteen har utarbeidd særskilde retningslinjer for kva rapportane skal omtala. Mellom anna gjeld dette endringar i regelverket og faktiske endringar i samfunnet som påverkar kvinners liv, og eventuelle vanskar med å fylla krava i konvensjonen. Det går òg fram av desse retningslinjene at rapport nr. 2 og dei påfylgjande rapportane skal fokusera på perioden etter at den førre rapporten vart levert. For Noregs del vil det seia perioden frå 1994 og framover.

Barne- og familiedepartementet har vore ansvarleg for å koordinera arbeidet med rapporten, men alle departementa og Likestillingsombodet og Kompetansesenter for likestilling vart inviterte til å koma med innspel til rapporten på sine respektive fagfelt. Dette har dei ulike fagmiljøa i stor grad gjort. Eg meiner at vi på dette viset sikrar tilstrekkeleg oppdaterte innspel om utviklinga i Noreg i den aktuelle perioden. Eg har merka meg at Likestillingsombodet kritiserer ein rapport der ho sjølv har hatt høve til å påverka innhaldet – og har òg gjort det. Sjølv meiner eg at rapporten oppfyller dei krava retningslinjene pålegg oss. Han er heller ikkje mindre omfangsrik eller detaljert enn dei fire tidlegare rapportane frå Noreg. Desse har blitt godt mottatt i FN-systemet.

I den grad rapporten på enkelte temaområde ikkje er særleg omfangsrik, har det si årsak i at det ikkje har skjedd større legale eller faktiske endringar på desse områda i tida sidan 1994. Tilhøvet på desse områda vil då gå fram av dei tidlegare rapportane frå Noreg som finst hjå CEDAW-komiteen. Dette gjeld t.d. artikkel 15 i konvensjonen, som set krav til likskap for loven for menn og kvinner og til like høve til å nytta juridiske rettar.

Utkastet til rapport vart sendt til eit utval kvinne- og likestillingspolitiske organisasjonar og til Likestillingsombodet og Kompetansesenter for likestilling. Dei vart alle inviterte til å kommentera og supplera rapporten på engelsk, slik at kommentarar frå dei kan supplera innhaldet i rapporten og/eller leggast ved rapporten når han blir send til CEDAW-komiteen. Eg meiner at vi har gitt likestillingsapparatet og organisasjonane høve til å bli høyrde i FN om kva dei tykkjer om tilhøva for kvinner i Noreg i dag. Eg understrekar at dei kritiske kommentarane til ombodet er omsette og vil bli lagde ved rapporten. Eg vil òg understreka at dette ikkje er noko vi er forplikta til å gjera, men vi gjer det likevel for å gi CEDAW-komiteen eit breiare bilete av norsk røyndom og ulike politiske syn enn det ein statleg rapport åleine vil kunna gi.

Eg har så langt berre registrert to kommentarbrev frå organisasjonane i tillegg til kommentarane frå ombodet og Likestillingssenteret. Eg noterer òg at det har vore ei viss interesse frå organisasjonane også etter at rapporten vart omtalt i media. LO og NHO har på førespurnad fått rapporten og gitt sine kommentarar.

Rapporten vil bli supplert på enkelte punkt på bakgrunn av dei kommentarane vi har mottatt. Elles vil, som nemnt, dei skriftlege innspela frå kommentarrunden bli lagde ved rapporten slik dei er, men eg ser det ikkje som føremålstenleg å senda rapporten ut på ein ny kommentarrunde, då rapporten alt er forseinka.

Når dette er sagt, vil eg òg seia at eg har merka meg kritikken frå Likestillingsombodet om deltakinga frå dei frivillige organisasjonane i arbeidet med rapporten. Eg vil sjå til at departementet går gjennom rutinane for utarbeiding av rapporten til CEDAW-komiteen, og at vi vurderer korleis vi på eit tidleg tidspunkt i arbeidet med komande rapportar kan trekka inn frivillige organisasjonar og andre ikkje-offentlege instansar som arbeider med likestillingspolitiske problemstillingar. Eg kan òg opplysa at Regjeringa vil vurdera å laga felles retningslinjer for rapportering om dei ulike menneskerettskonvensjonane Noreg er bunde av.

Jon Olav Alstad (A): Jeg er glad for at barne- og familieministeren signaliserer at hun tar med seg de innspillene som har kommet, i hvert fall i etterkant av utarbeidelsen. Jeg synes det er påfallende når det opplyses gjennom media at det har vært manglende innspill fra sentrale organisasjoner som f.eks. Forum for kvinner og utviklingsspørsmål og Senter for kvinneforskning, og at man lager en rapport som f.eks. ikke omtaler kontantstøtten i forhold til et likestillings- og kvinneperspektiv, noe jeg oppfatter som en vesentlig del av den norske likestillingsdebatten de siste årene. Det mangler også en del andre ting, bl.a. informasjon om oppfølging av Beijing-konferansen.

Så vidt jeg har forstått det, er bakgrunnen for at CEDAW-komiteen gjerne vil ha rapporten, at man ønsker at den i økende grad skal sette likestilling i fokus, bidra til å styrke myndighetenes oppmerksomhet på likestilling innenfor det enkelte land, og ikke minst styrke samarbeidet med frivillige organisasjoner. Etter det svaret jeg nå har fått fra statsråden, regner jeg med at det i hvert fall i kommende år i større grad vil bli fokusert på den siste biten av det arbeidet.

Jeg har av og til spekulert på om årsaken kan være at likestillingsministeren har dårlig samvittighet for manglende innsats på likestillingsområdet, men jeg skal avslutte spekulasjonene der foreløpig.

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Nei, statsråden har ikkje dårleg samvit på likestillingsområdet. Og eg kan opplysa representanten om at då den siste rapporten vart send inn, i 1994, var han ikkje til høyring i det heile. Vi har trass i alt sendt han til ein god del organisasjonar. Ein av dei organisasjonane som har gått ut og kritisert oss offentleg, har ikkje sendt nokon kommentarar tilbake til departementet endå dei fekk moglegheit til å vere med på å påverke innhaldet i rapporten. Det meiner eg faktisk er eit spel for galleriet i høve til det arbeidet vi har gjort. Men som eg òg nemnte i svaret mitt, ynskjer vi i neste omgang å syta for at alle dei ulike organisasjonane som det er naturleg å spørja om innspel, skal få høve til det på eit tidlegare tidspunkt.

Når eg ser på dei fire rapportane som er sende inn før, har dei nokre gonger blitt sende til alle, andre gonger har dei ikkje blitt sende ut i det heile. I 1994 – då det ikkje var eg som var minister, men ein representant frå eit heilt anna parti – var det ingen som fekk rapporten til høyring, så det har vore litt ulik praksis på det området. Men som sagt, eg har ikkje dårleg samvit på dette området. Og eg trur rapporten blir god til slutt, når vi no skal senda han over til CEDAW-komiteen.