Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 1999 kl. 10

Dato: 10.02.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 21

Rolf Reikvam (SV): Jeg vil gjerne stille følgende spørsmål til kirke-, utdannings- og forskningsministeren:

««Departementet er en bremsekloss i arbeidet med å gi norske elever et bedre inneklima.» Det er nestlederen i Foreldreutvalget for Grunnskolen (FUG) som skriver dette i et notat ifølge Norsk Skoleblad. Ifølge Barneombudet er det behov for 15 mrd. kr for å ruste opp skolene. I budsjettet for 1999 foreslo SV en øremerket låneordning på kr. 1 mrd. til inneklimatiltak. Nestlederen konkluderer med at det må til statlig finansiering.

Vurderer statsråden dette annerledes enn nestlederen i FUG?»

Statsråd Jon Lilletun: Representanten Rolf Reikvam set eit viktig tema i fokus når han tek opp kva som kan gjerast for å gje norske elevar eit betre inneklima.

Det er allment kjent at godt inneklima i skulen er ein føresetnad for god læring. Forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skular, som er utarbeidd av Sosial- og helsedepartementet, vil vonleg gjere det meir ryddig på området, med eit einskapleg og samla regelverk. Ein møter ofte den oppfatninga at desse krava er nye og dyre, men forskrifta er langt på veg ei oppdatering og vidareføring av hevdvunne prinsipp og ikkje noko nytt, sjølv om somme av krava er nye, f.eks. kravet om internkontroll.

Reglane i forskrifta er klare: verksemder som er omfatta av forskrifta, skal vere «helsemessig tilfredsstillende». Forskrifta opnar elles for lokale vurderingar av kva som vil vere tilfredsstillande standard på dei ulike områda, og det er derfor opp til skuleeigarane å sikre at skuleanlegga er i samsvar med krava, deriblant at det er etablert internkontrollsystem.

Eg vil også minne om mitt svar i spørjetimen 20. januar i år, der eg m.a. viste til tiltak departementet har sett i gang for å sikre barn og unge betre arbeidsmiljø:

  • Departementet har gjeve ut ei rettleiing om inneklima: «Hvordan lage et sunt innemiljø i skolebygg», som vart presentert den 14. desember i fjor. Rettleiinga vart laga av nestleiaren i Foreldreutvalet for grunnskulen. Målgruppene for dette heftet er i fyrste rekkje skulepolitikarar, medlemer av plan- og byggjekomitear, skuleleiarar, lærarar og foreldretillitsvalde. Målsetjinga er å medverke til større kunnskap om kva inneklimaet har å seie for helsa, trivselen og læringsvilkåra for elevane, og om kva faktorar ein må ta omsyn til når ein vil skape eit godt og sunt innemiljø i skulebygga.

  • I 1998 vart den fyrste Skulebyggprisen delt ut. Formålet med denne prisen er å stimulere kommunar og fylkeskommunar til å byggje gode skuleanlegg. Kvart år vil det verte laga ein publikasjon som beskriv det skuleanlegget som fekk prisen.

  • I samarbeid med SINTEF i Trondheim vert det gitt ut eit hefte i løpet av våren som tek føre seg måtar å byggje gode skular på. Heftet er retta til kommunane, og er meint som ei hjelp og støtte i arbeidet med å planleggje skulebygg. Det vil her verte vist eksempel på gode løysingar.

Når det gjeld statlege midlar, har det vore eit prinsipp at staten ikkje yter midlar til skulebygg, noko som også Stortinget stadfesta med busjettvedtaket for 1999. Eit unntak har vore skulereformer som har teke nye årskull inn i grunnskulen. Eg vil då vise til at det er investert store summar i skulebygg i samband med grunnskulereforma. Staten yter kompensasjon til kommunane for utgifter til nye lokale som fylgje av at seksåringane er tekne inn i grunnskulen. Den statlege kompensasjonen svarer til ei invsteringsramme på 5,2 milliardar kr.

Alt dette synest eg viser at departementet ikkje er nokon bremsekloss i arbeidet for å gje norske elevar eit betre inneklima, sjølv om det alltid kan gjerast meir.

Rolf Reikvam (SV): Jeg takker for svaret. Hvis en har mye god vilje, kan en si at det var et svar på spørsmålet.

Mitt utgangspunkt var at nestlederen i Foreldreutvalget for grunnskolen har påpekt at det er behov for statlige midler. Vedkommende tar utgangspunkt i bl.a. det som Barneombudet har påvist, nemlig at det trengs 15 milliarder kr for å ruste opp skolene slik at vi kan få tilfredsstillende inneklima. Mitt spørsmål var helt konkret knyttet opp til det. Anser statsråden det for mulig med de store investeringene vi ser foran oss, med det behovet for penger som en har, at kommunene kan klare dette uten at de får statlige midler? Jeg regner med at nestlederen er riktig sitert i Norsk Skoleblad, og det han åpenbart var opptatt av, var at for å få en fortgang i dette, må en gi statlige midler. Jeg vil gjerne ha et svar på om statsråden ser at det må til ekstra statlige midler for å gjennomføre denne forbedringen som det er påvist behov for.

Statsråd Jon Lilletun: Eg er samd i at representanten Reikvam er ein mann av god vilje. Eg prøvde å svare på to ledd, for det var nemleg to ting som nestleiaren hadde sagt, både at departementet var ein bremsekloss, og at det trongst statlege midlar.

Når det gjeld det siste, har Stortinget behandla denne saka så seint som i samband med budsjettarbeidet, og det er heilt rett at SV fremja forslag om midlar til dette formålet, men så vidt eg hugsar, var det berre dei som stemte for det. Eg er ikkje i tvil om at det er eit stort behov. Eg vil likevel ikkje gå god for 15 milliardar, for eg trur neppe Barneombodet, trass i god vilje og gode folk, har ein heilt nøyaktig analyse av dette. Eg vil nok halde på at dette er kommunane sitt ansvar, og at ein må finne ein måte å fylgje opp den nye forskrifta på, som eg vil kome attende til Stortinget med og orientere om ved eit seinare høve.

Presidenten: Spørsmåla 22-27, frå representantane Astrid Marie Nistad, Vidar Bjørnstad, Petter Løvik, Jan Petter Rasmussen og Ågot Valle til justisministeren, vil verta svara på av fungerande justisminister, statsråd Jon Lilletun.