Astrid Marie Nistad (A): Eg stiller følgjande spørsmål
til fungerande justisminister:
«I samband med at Kvinnehelseutvalget
la fram sin rapport om kvinnehelsa, peika dei på at det
bør settast ned eit offentleg kvinnevaldsutval. Stortinget
har bedt om det same i handsaming av Budsjett-innst. S. nr. 4 (1998-99)
til Justisdepartementet sitt budsjettforslag for 1999.
Vil statsråden følgje opp
Stortinget og Kvinnehelseutvalget med å oppnemne eit kvinnevaldsutval?»
Statsråd Jon Lilletun: Arbeidet mot vald og overgrep er prioritert
av Regjeringa. Denne prioriteringa gjeld òg vald og overgrep
mot kvinner og den valden som skjer privat.
Vald mot kvinner, truslar om vald og seksuelle
overgrep er eit stort problem både for dei det gjeld, og
for nærståande. I tillegg kjem redsla for vald,
som vil påverke handlefridomen for den einskilde. Valden
mot kvinner er eit problemkompleks som er eit resultat av fleire samverkande
omstende, med grunnlag i livstilhøva for kvar einskild,
og vert påverka av tilhøve som t.d. økonomi,
rusproblem og andre personlege problem. Difor vil eg sjå på problemkomplekset
i eit samla perspektiv. Dette vil gjere det mogleg å byggje
opp eit betre vern mot vald og overgrep mot kvinner i eit samarbeid
mellom politiet, påtalemakta og helsestellet, samt frivillige
organisasjonar som må trekkjast inn med sin kunnskap.
Regjeringa vil arbeide for langsiktige tiltak
som kan redusere valden mot kvinner. Dette er òg bakgrunnen
for at det vart oppretta ei arbeidsgruppe med politisk deltaking
frå Barne- og familiedepartementet, Sosial- og helsedepartementet
og Justisdepartementet for å greie ut og kome med framlegg
om tiltak mot vald og overgrep mot kvinner. Gruppa skal greie ut
problemkomplekset i vid forstand. Arbeidet skal munne ut i ein
handlingsplan som skal vere ferdig til sommaren. Ein del av gruppa
sitt arbeid er difor å utarbeide ei kunnskapsoversikt over
forsking og kompetanse på området, i tillegg til å kome
med framlegg om tiltak for å ta opp kampen mot vald og
overgrep mot kvinner. Det er behov for å utarbeide ei
oversikt over den innsatsen som allereie er gjord, slik at vi kan
sjå på kva som kan gjerast for å avhjelpe
problemet. På grunnlag av dette skal gruppa kome med framlegg
om tiltak som anten byggjer på eksisterande ordningar eller nye
ordningar.
I samband med handlingsplanen skal det haldast
ein idédugnad den 15. februar 1999. Målet med
idédugnaden er å få fram synspunkt og
innspel frå andre offentlege organ og frivillige organisasjonar
når det gjeld konkrete framlegg om tiltak som kan leggjast
inn i handlingsplanen. På idédugnaden skal ein
særleg fokusere på vald og overgrep i heimen eller
der tilhøvet mellom overgripar og offer på annan
måte er prega av personleg relasjon.
Som ein del av gruppa sitt arbeid i samband
med tiltaksplanen vil det difor vere naturleg å vurdere
Kvinnehelseutvalets rapport og framlegg som denne rapporten inneheld.
Arbeidsgruppa vil også vurdere spørsmålet
om oppretting av eit kvinnevaldsutval er føremålstenleg,
sett i samanheng med andre tiltak som gruppa vil foreslå.
Astrid Marie Nistad (A): Eg takkar statsråden for svaret.
Statsråden sa at dette er eit problemkompleks.
Eg er vel nøgd med at Regjeringa har sett ned eit politisk
utval med deltakarar frå ulike departement for å sjå på dette.
Men eg er redd for at det kan få ein politisk karakter,
ein karakter av at det kanskje er Kristeleg Folkeparti sin familiepolitikk
som er rådande i Regjeringa. Av den gode grunn hadde eg
følt meg langt tryggare på at alle sidene ved
kvinnevalden og det som skjer i samfunnet, hadde vorte betre utgreidd
og hadde fått ei meir seriøs mottaking i forhold
til tiltak som skal settast inn når vi skal begynne med
behandlinga, dersom utvalet hadde fått den breidda som
eg ønskjer eit slikt utval skal ha. Difor oppmodar eg
framleis Regjeringa til å ta eit initiativ i tråd med
det som Stortinget har sagt om saka, og, slik statsråden
no sa, òg Kvinnehelseutvalet har peika på i sin
rapport.
Statsråd Jon Lilletun: Eg er overtydd om representanten Nistads oppriktige
engasjement i denne saka. Men eg seier meg lei for at representanten
Nistad gjev uttrykk for at det ville vere eit problem om det var
Kristeleg Folkepartis familiepolitikk som ville vere sentral i arbeidet
med slike spørsmål. Men det kan liggje no. Eg har
lista over dei som er inviterte til denne idédugnaden, framfor
meg. Det er t.d. Senter for kvinneforsking, Likestillingsombodet,
Kompetansesenteret for likestilling, Norsk Krisesenterforbund, Krisesentersekretariatet – ei lang
rekkje av alle dei som er opptekne av dette.
Regjeringa har ikkje avvist å opprette
eit slikt utval, men eg synest det er klokt å høyre
kva ei så brei gruppe representative organisasjonar og
personar meiner om dette spørsmålet, før
vi konkluderer endeleg. Kanskje vil vi til slutt vere samde, representanten
Nistad og eg, om at det er fornuftig, men vi vil altså vente
på denne dugnaden.
Gunnar Breimo hadde
her overtatt presidentplassen.