Astrid Marie Nistad (A): Eg stiller følgjande spørsmål
til fungerande justisminister:
«Politimeisteren i Trondheim har innført
undervisning og politibevis for dørvakter ved byens uteplassar
som ledd i tiltak mot uro og vald.
Vil statsråden ta eit initiativ til
at politimeistrane i dei større byane i landet set i gang
tilsvarande?»
Statsråd Jon Lilletun: Det er slått fast i serveringslova
av 1997 at det ved serveringsstader skal vere ordensvakter godkjende
av politiet når politiet finn det naudsynt. Politiet kan
krevje gjennomføring av kurs som grunnlag for godkjenninga.
Ein tilsvarande heimel for gjennomføring av kurs hadde
ein òg i den tidlegare hotelllova.
Justisdepartementet avgjorde allereie i 1995,
i samråd med dåverande Nærings- og energidepartementet
og bransjeorganisasjonane, at det skulle setjast i verk kurs for
ordensvakter som ei førebels ordning. Politimeistrane vart
bedne om å gjere ei konkret vurdering av behovet for kurs
ut frå lokale tilhøve. I den utstrekninga det
vert halde kurs, skal desse vere obligatoriske. Ein går
vidare ut frå at gjennomføringa av kurs skal skje
i nært samarbeid mellom politiet sine driftseiningar og
dei aktuelle skjenkestadene og ordensvaktene. Det er ein føresetnad at
planlegginga og gjennomføringa av kurset skal skje i samarbeid
med dei kommunale styresmaktene og bransjeorganisasjonane
lokalt.
Etter det departementet kjenner til, har dei
fleste politidistrikta etablert eit opplegg i forhold til ordensvaktene, anten
i form av kurs, vandelskontroll eller annan kontakt med bransjen.
Politimeisteren må, ut frå ei
konkret vurdering, vurdere behovet for vandelskontroll og pålegg
om gjennomføring av kurs. Eg kan i denne samanhengen nemne
at politimeisteren i Oslo nyleg har sendt ut eit førehandsvarsel
til 25 serveringsstader i sentrum med pålegg om å ha
godkjende ordensvakter. Det er også utarbeidt eit kursprogram
over 25 timar i samarbeid med Reiselivsbedriftenes Landsforening
og Hotell- og Restaurantforbundet. Ordensvaktene vil verte vandelskontrollerte
og gjevne ei førebels godkjenning. Dei får eit
identitetsbevis som skal berast synleg, og dei vert pålagde å gjennomføre
kurset innan seks månader. Deretter gjev ein ordensvaktene
ei permanent godkjenning. Oslo politidistrikt tek sikte på å krevje
at 50 serveringsstader gjennomfører kurs for ordensvaktene
sine i 1999.
Kampen mot valdskriminalitet er eit av Regjeringa sine
hovudinnsatsområde, og valdsutøving i samband med
skjenkestader må takast alvorleg.
På bakgrunn av den nye serveringslova
og dei røynslene som er hausta i samband med kursverksemda
sidan 1995, tek departementet sikte på å sende
ut eit nytt rundskriv til politimeistrane i løpet av første
halvår 1999. Om serveringsstader skal påleggjast å ha
godkjende ordensvakter, må framleis vurderast ut frå staden
si plassering og kva for ein risiko for valdsutøving og
annan kriminalitet som er knytt til serveringsstaden. Denne vurderinga må gjerast
av politimeisteren.
Astrid Marie Nistad (A): Eg takkar for svaret. Med bakgrunn i at dette
er eit av punkta i handlingsplanen frå Regjeringa i samband
med tiltak mot vald hadde eg venta eit litt meir offensivt svar.
Å vise til at det vert sendt ut eit rundskriv i 1999, tykkjer ikkje
eg er noko særleg offensivt, sett i forhold til denne problemstillinga.
Dei fleste som uttaler seg om valdsbiletet
i samband med serveringsstader, viser til at det er ved dei minst
seriøse serveringsstadene det er mest vald og uro – noko som
folk dreg med seg frå dei kjem ut på gata til
dei kjem heim. Derfor hadde eg venta at Regjeringa, når
den har tatt dette inn i handlingsplanen, hadde vore langt meir
offensiv, hadde sagt at ein krev at politimeistrane set dette i gang
straks, og peikt på overfor serveringsstadene, at dersom
dei ikkje skaffar seg godkjenning innan rimeleg tid, vert dei også stengde.
Eg ventar at det vert gjort i det rundskrivet som vert sendt ut
frå departementet.
Statsråd Jon Lilletun: Vi definerer kanskje «offensivt» ulikt.
Men det vi gjer, er altså å sende ut eit rundskriv
og å gje beskjed til politimeistrane om at dette skal takast
alvorleg. Her har eg ei oversikt over dei som allereie
er i gang, Trondheim og Kristiansand – Oslo nemnde eg i
innlegget mitt – men det må vere sjølvsagt
at politimeistrane skal vurdere kva for skjenkestader som skal ha ei
slik ordning. Det er opplagt at både representanten Nistad
og eg kan finne ganske mange serveringsstader med skjenkerett der
det er heilt uaktuelt og heilt unødvendig med vakt i det
heile, fordi alt fungerer som det skal. Det vil vere eit mindretal
av stadene som har eit sterkt behov for det. Då skal det
krevjast autorisasjon, det skal vere kurs med følgjande
autorisasjonspålegg, og gjerne også iverksetjing
av tiltak om ikkje pålegga vert følgde, så eg
meiner at vi med dette rundskrivet viser at vi er offensive.