Stortinget - Møte onsdag den 10. februar 1999 kl. 10

Dato: 10.02.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 7

Ågot Valle (SV): Jeg har følgende spørsmål til barne- og familieministeren:

«En undersøkelse fra forskningsstiftelsen Fafo viser at innvandrerfamilier gjerne vil ha barnehageplass til barna sine. Men ofte får de ikke plass, eller plassen er for dyr. Når vi vet at barnehagen er en viktig arena for integrering i det norske samfunnet, er dette bekymringsfullt.

Hva vil statsråden gjøre for at flere barn med flerkulturell bakgrunn kan få barnehageplass til en overkommelig pris?»

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Integrering av born frå etniske minoritetsgrupper er ei høgt prioritert oppgåve for Regjeringa. I den samanhengen er barnehage eit sentralt verkemiddel. Regjeringa si målsetting om full barnehagedekning til alle som ynskjer det, står fast. Dette gjeld sjølvsagt alle born – uavhengig av etnisk bakgrunn.

Barne- og familiedepartementet har i lang tid arbeidd med ulike tiltak for å betre integreringa av born med innvandrarbakgrunn i barnehagane. Fafo-undersøkinga som spørsmålet refererer til, er ei undersøking departementet sjølv har tatt initiativ til for å kartlegga innvandrarforeldre sitt syn på og haldningar til bruk av barnehage. Undersøkinga gir departementet viktig kunnskap for å vurdere nye tiltak som kan auke bruken av barnehagar i desse gruppene. Det er fyrste gongen ei slik undersøking er gjennomført blant etniske minoritetar.

Konklusjonane i undersøkinga tyder m.a. på at avslag på søknad og høg pris er årsaker til at innvandrarforeldre ikkje brukar barnehage i like stor grad som dei etnisk norske.

Barnehageplass til alle kan ein berre oppnå ved auka etablering av barnehageplassar – og barnehageplassar som i større grad er tilpassa brukarane sine behov. Hausten 1998 sette departementet i gang eit treårig prosjekt i bydel Gamle Oslo med gratis korttidsplass i barnehagar for alle 5-åringar. Formålet med prosjektet er m.a. å sjå om gratis barnehagetilbod vil føra til auka deltaking blant innvandrarbarn, og om dette i sin tur vil betre språkopplæringa deira.

Det er eit mål å gi etniske minoritetar god informasjon om kva slags tenester kommunar og bydelar kan gi tilbod om. Fafo-undersøkinga tyder på at dei etniske minoritetane saknar betre tilrettelagd informasjon om kva eit barnehagetilbod inneber og kva slags tilbod som eksisterer. Her har både sentrale og lokale styresmakter ei utfordring.

Undersøkinga frå Fafo syner at den viktigaste årsaka til at innvandrarforeldre ynskjer barnehageplass, er at borna deira skal lære norsk. Behovet for tilsyn er ikkje den utslagsgjevande faktoren for bruk av barnehage hos innvandrarfamiliar, slik det er hos mange av dei etnisk norske familiane. Det blir difor viktig å tilpassa barnehagetilbodet til innvandrarfamiliane sine behov. Ulike typar korttidsbarnehage og open barnehage er gode løysingar og blir ofte nytta av innvandrarfamiliar. Desse tilboda har òg ein lågare pris.

Prosjektet i bydel Gamle Oslo er ei viktig satsing for Barne- og familiedepartementet dei neste tre åra med omsyn til etniske minoritetar og bruk av barnehage. Prosjektet vil gi erfaringar som andre kommunar kan dra nytte av. Samstundes vil sentrale og lokale styresmakter få kunnskap om kva for verkemiddel som må til for å auke andelen av born med innvandrarbakgrunn i barnehagane.

Ågot Valle (SV): Jeg takker for svaret. Jeg oppfatter det sånn at vi er enige om at barnehagene er en veldig viktig arena for integrering av unger med flerkulturell bakgrunn, for at de skal lære norsk, lære om det norske samfunnet, og det er også foreldrene veldig opptatt av.

Nå er det sånn at for å sikre alle barn tilgang til barnehage – og jeg går ut fra at statsråden er enig i at her må vi ikke bare skape særordninger, men sikre plass til alle barn – er det nødvendig med to ting: økt barnehageutbygging og lavere pris. Og da vil jeg gjerne spørre om statsråden kan tenke seg å vurdere en ordning med gratis kjernetid på f.eks. fire timer, slik at barnehagene kan være et reelt alternativ også for foreldre som har dårlig økonomi. Det er jo noe av dette denne ordninga i Oslo øst handler om.

Mitt neste spørsmål: Barnehageutbygginga har stoppa opp – det er et faktum. Hva vil statsråden gjøre for å få fortgang i barnehageutbyggingen?

Statsråd Valgerd Svarstad Haugland: Fyrst vil eg gripa fatt i den siste påstanden frå representanten om at barnehageutbygginga har stoppa opp. Det er ikkje sant. Eg skal òg svara på eit anna spørsmål om dette seinare i dag. Barnehageutbygginga har ikkje stoppa opp. Vi klarte ikkje i fjor å bygga så mange plassar som vi hadde håpt, men det er absolutt ikkje snakk om nokon stopp når det gjeld å bygga nye. Det håper eg heller ikkje det vil vera i framtida, for vi treng framleis ein del nye barnehageplassar.

Når det gjeld spørsmålet om eg kan tenkja meg å vurdera gratis kjernetid, er jo det i aller høgste grad snakk om økonomi, kor mykje det vil kosta. Vi skal frå Regjeringa si side legga fram ei stortingsmelding om barnehagane i vår, der vi vil ta opp mange ulike sider ved barnehageproblematikken både i forhold til private og offentlege barnehagar, i forhold til prisnivå osv. Eg kan sjølvsagt ikkje i dag lova representanten at vi der vil gå inn for gratis kjernetid, men eg er einig i at barnehagar er eit godt verkemiddel òg for integrering, og eg trur at prosjektet i Oslo, der dei har gratis tilbod, vil gi oss nyttig informasjon, i forhold til kva vi skal gjera for å få betre integrering av born frå andre etniske minoritetar.