Stortinget - Møte onsdag den 24. mai 2000 kl. 10

Dato: 24.05.2000

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 23

Fra representanten Sigrun Eng til fiskeriministeren:

«Det er ei kjend sak at avbemanna fyr raskt forfell, men innanfor stramme budsjettrammer meiner vel dei fleste av oss at pengane likevel skal brukast på tryggingstiltak. Desse kystens perler er det ei veksande interesse for ifrå einskildpersonar, men fyra bør i størst mogleg grad sikrast for ålmenta. Då kan det ikkje vera marknadspris som ligg til grunn, slunkne kommunekasser vil ikkje gjera slike prioriteringar heller.

Kva kan og vil statsråden gjera for å sikre desse historiske kulturminna?»

Presidenten: Dette spørsmålet er trukket.