Stortinget - Møte onsdag den 20. oktober 1999 kl. 10

Dato: 20.10.1999

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 17

Presidenten: Også dette spørsmålet, fra representanten Inge Lønning til kirke-, utdannings- og forskningsministeren, vil bli tatt opp av representanten Petter Løvik.

Petter Løvik (H): Eg tillèt meg å stille følgjande spørsmål til kyrkje-, utdannings- og forskingsministeren:

«Tilgangen på fullt kvalifiserte lærere i videregående skole er meget vanskelig.

Vil statsråden ta initiativ til at det blir lettere for voksenopplæringsinstitusjoner, for eksempel Folkeuniversitetet, å sette i gang desentralisert tilbud om praktisk-pedagogisk utdannelse i samarbeide med universiteter/høgskoler?»

Statsråd Jon Lilletun: Spørsmål om tilgang på kvalifiserte lærarar i vidaregåande opplæring vil verte teke opp og drøfta i stortingsmeldinga om rekrutteringa til læraryrket, som eg snart vil leggje fram for Stortinget.

Praktisk-pedagogisk utdanning er eit utdanningstilbod ved dei fleste statlege høgskulane og ved alle universiteta. Hausten 1998 og 1999 vart tilbodet om permanente eller mellombels studietilbod i praktisk-pedagogisk utdanning utvida til sju statlege eller vitskaplege høgskular som ikkje hadde tilbodet frå før. Opptakskapasiteten på landsbasis har derfor auka. Hausten 1999 utvikla ytterlegare to av institusjonane praktisk-pedagogisk utdanning med innslag av fjernundervisning. Fjernundervisningstilbod lettar tilgangen til slik utdanning.

Vaksenopplæringsinstitusjonar kan involvere seg i slik utdanning gjennom eksamensretta studieringar på høgre nivå, i samarbeid med universitet og høgskular. Søknader om slike tilbod vert behandla av dei statlege utdanningskontora i fylka i samråd med høgskular og universitet. Ved vurdering av slike søknader skal ein m.a. sjå nærare på behova i regionen. Det er naturleg å prioritere særskilt opplæringsbehov som ikkje vert dekte av høgskular og universitet.

Som nemnt vil eg gå nærmare inn på denne typen spørsmål i den komande stortingsmeldinga om rekrutteringa til læraryrket. Vi har altså i løpet av den seinare tida fått etablert praktisk-pedagogisk utdanning ved fleire institusjonar og slik auka det samla tilbodet. I tillegg er fleire av tilboda gjorde meir fleksible. Eg er oppteken av å gjere tilgangen til praktisk-pedagogisk utdanning så lett som mogleg, og ser gjerne at vaksenopplæringsorganisasjonar går saman med universitet og høgskular om å realisere planar om desentraliserte tilbod der dette er naturleg og ynskjeleg.

Petter Løvik (H): Eg takkar statsråden for svaret.

Eg er sjølvsagt heilt samd i det som blei sagt om at dette høyrer heime i den stortingsmeldinga om rekruttering som snart skal leggast fram. Eg skal ikkje utdjupe det, for det tidspunktet har vore diskutert fleire gonger.

Det som er bakgrunnen for spørsmålet i denne samanhengen, er at vi har stader der det er personar som er interesserte i å få ei praktisk-pedagogisk utdanning, og som har eit fagleg grunnlag frå tidlegare, men som spesielt på grunn av avstanden har problem med å kome seg til plassane der dette er mogleg å oppnå. Vi har sett at spesielt i Nord-Noreg med lange avstandar er dette eit problem, og vi kjenner konkret til at Folkeuniversitetet har hatt problem med å få til det nødvendige samarbeidet.

Eg lurer på om det er konkrete tiltak som kan gjerast for eventuelt å lette og forbetre kommunikasjonen og samarbeidet mellom universiteta og Folkeuniversitet på desse områda, for dette er ei sak som eg trur det er veldig viktig å kome vidare med.

Statsråd Jon Lilletun: Det som vel var konklusjonen i mitt fyrste svar, var at eg gjerne ser at eit slikt samarbeid kjem i gang der det er behov for det, og der det er naturleg med eit slikt opplegg. Det er heilt opplagt at desentralisert utdanning, både innanfor helse og andre område, er ein svært god måte å rekruttere på for å få ei stabil og varig rekruttering.

Som sagt: Eg kjem attende til dette, og eg er altså positiv til det som er intensjonen i representanten Lønning sitt spørsmål, framført av representanten Løvik.