Steinar Bastesen (TF): Jeg har et spørsmål til
sosialministeren:
«Ved barns sykdom har hver forelder
rett til 10 omsorgsdager. I mange tilfeller er det av praktiske
og økonomiske årsaker umulig for den ene å ta
ut sine 10 dager, for eksempel fiskere og nordsjøarbeidere.
I praksis vil dette si at mange barn mister retten til halvparten
av disse omsorgsdagene.
Vil statsråden vurdere om det, i tilfeller
som nevnt ovenfor, kan åpnes for rett til overføring
av omsorgsdager fra en forelder til den andre?»
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Etter gjeldande reglar har ein arbeidstakar
som har omsorg for barn, rett til omsorgspengar frå arbeidsgjevaren
dersom han eller ho er borte frå arbeidet på grunn
av nødvendig tilsyn med og pleie av eit sjukt barn i heimen
eller i helseinstitusjon, eller fordi den som har det daglege barnetilsynet, er
sjuk. Denne retten gjeld til og med det kalenderåret barnet
fyller 12 år. For eit kronisk sjukt eller funksjonshemma
barn gjeld retten til og med det året barnet fyller 18 år.
Arbeidstakaren har rett til omsorgspengar i opptil 10 stønadsdagar
for kvart kalenderår. Om han eller ho har omsorg for meir
enn to barn, blir det gitt omsorgspengar i opptil 15 stønadsdagar.
Dersom arbeidstakaren har eit kronisk sjukt eller funksjonshemma
barn, kan han eller ho ha rett til omsorgspengar i opptil 20 stønadsdagar.
Når arbeidstakaren er aleine om omsorga, blir talet på stønadsdagar
auka til det doble, dvs. 20, 30 eller 40. Arbeidstakaren blir rekna
for å ha aleineomsorg for eit barn òg i tilfelle
der den andre av foreldra over lang tid ikkje kan ha tilsyn med
barnet fordi han eller ho er funksjonshemma, innlagd i helseinstitusjon
e.l. Når ein arbeidsgjevar har betalt omsorgspengar til
arbeidstakaren i meir enn 10 stønadsdagar i eit kalenderår,
kan arbeidsgjevaren krevja å få refusjon frå trygda
for det talet på stønadsdagar som overstig 10.
Mange arbeidstakarar har ein slik arbeidssituasjon
at det er praktisk vanskeleg og for nokon umogleg å gjera bruk
av retten til fri med omsorgspengar frå arbeidsgjevaren.
For den enkelte arbeidstakaren ville det nok vera praktisk om den
andre av foreldra i slike tilfelle kunne få utvida rettar.
I praksis ville dette bety at vedkomande fekk rettar som einsleg
forsørgjar. Men når folketrygdlova berre i særlege tilfelle opnar for ei slik jamstilling,
er det med bakgrunn i at det ved ei slik vurdering er fleire omsyn å ta.
Ei utviding av personkretsen som har rett til omsorgspengar som
einsleg forsørgjar, ville bl.a. fått konsekvensar
for arbeidsgjevarane til den aktuelle persongruppa i form av produksjonstap
mv. på grunn av auka fråvær. Ei slik
ordning ville òg fått økonomiske konsekvensar
for folketrygda, då arbeidsgjevaren, som tidlegare nemnt,
kan få refusjon for talet på stønadsdagar som
overstig 10. Sist, men ikkje minst la meg òg peika å at
det ville vore praktisk vanskeleg å avgrensa dei tilfella som
skulle få slike utvida rettar. I samband med auken av talet
på stønadsdagar for einslege forsørgjarar
så langt tilbake som i 1978 føreslo Kommunal-
og arbeidsdepartementet at ein burde sjå på faktiske
forhold meir enn formelle, og at regelen f.eks. burde omfatta forsørgjar med
ektefelle til sjøs, forsørgjar med vekependlande
eller reisande ektefelle, eller fiskar med lange fråvær.
Sosialdepartementet meinte at det ville vera store vanskar med å avgrensa
stønadsretten om ein skulle leggja ei slik vid forståing
til grunn. Så kom ein altså til at i særlege
tilfelle burde ein gje stønad sjølv om forsørgjarane
var to om omsorga, i dei tilfella som eg har gjort greie for innleiingsvis.
Det er problematisk å gje særrettar til bestemte yrkesgrupper.
Eg vil likevel no sjå nærare på dei reglane som
gjeld i dag
I spørsmålet blir bl.a. fiskarar
nemnt. Lat meg gjera merksam på at mange fiskarar blir
rekna som sjølvstendig næringsdrivande. Sjølvstendig
næringsdrivande har i dag ikkje rett til omsorgspengar.
Ei utviding for fiskarar måtte derfor òg få konsekvensar
for andre næringsdrivande.
Steinar Bastesen (TF): Jeg takker statsråden for svaret.
Selv om det ikke var så veldig optimistisk
og fullt av mange problemer, var det en viss antydning til forståelse for
problemet. Det er klart at det hun skisserte med hensyn til avgrensning,
kan være et problem. Men jeg begriper ikke at det skal
være et så stort problem, fiskerne er tross alt
registrert i trygderegistret på blad B, så det
er ikke noe problem å finne ut hvem de er. Nordsjøarbeidere
og folk som arbeider borte, skulle det heller ikke være vanskelig å finne
i systemet, så jeg begriper ikke at det skal være
så vanskelig å finne ut av dette og kunne få til en
ordning. Det er umulig å passe unger når man ligger oppe
ved Svalbard og tråler reker eller man jobber om bord på en
plattform. Jeg håper at statsråden ikke bruker altfor
mange år på å vurdere om man skal få til
en ordning. Jeg ser fram til at dette kan skje fort.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Eg meiner at representanten Bastesen har all
grunn til å sjå med optimisme på det
svaret som han fekk i dag. For meg er det nødvendig å peika
på motførestellingane her i forhold til ei utviding.
Men trass i det ynskjer eg altså – ut frå dagens
yrkesliv og dei praktiske vanskar som det her kan vera for den enkelte
familie i forhold til eit sjukt barn – å sjå nærare
på reglane vi har i dag. I det ligg det òg at
eg er utolmodig etter å sjå nærare på ordninga
og koma med ei vurdering.
Steinar Bastesen (TF): Jeg takker igjen for svaret, og jeg føler
at vi har en dialog på gang.
Jeg vil bare at statsråden skal ha
med seg dette på veien med hensyn til det hun sa om at
fiskerne er selvstendig næringsdrivende: Det er rett at
fiskerne karakteriseres som selvstendig næringsdrivende,
men vi betaler inn noe som heter produktavgift, som skal tilsvare
arbeidsgiveravgift. I tillegg betaler hver enkelt fisker trygdeavgift på lik
linje med alle andre skattebetalere, og derfor får vi også sykepenger
fra første dag, så i trygdesammenheng blir vi
betraktet som vanlige lønnstakere. Slik sett blir det ikke
helt rett når vi skal sammenlignes med selvstendig næringsdrivende.
Det eneste vi ikke har, som andre folk har, er vanlig arbeidsledighetstrygd,
men trygdemessig er vi på lik linje med vanlige lønnstakere.
Så det er ikke noe poeng for å motsette seg en
ordning.
Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa: Lat meg berre streka under at det her er ulike
forhold som må avvegast. Det er både praktiske
og økonomiske forhold, og det er omsynet til andre grupper.
Men eg fekk eit spørsmål
om eg vil vurdera om det kan åpnast for rett til overføring
av omsorgsdagar. Eg veit at dette er noko som ikkje minst fiskarkvinnene
sin organisasjon har vore oppteken av, og eg skal syta for at denne
vurderinga får ei rask behandling. Det er eit vanskeleg,
men viktig spørsmål representanten Bastesen her har
teke opp.