Valgerd Svarstad Haugland (KrF): Eg vil stilla følgjande
spørsmål til samferdselsministeren:
«I eit brev frå Miljøverndepartementet
til Samferdselsdepartementet kjem det fram planar for ein tredje
rullebane på Gardermoen.
Er det rett at det eksisterer slike planar,
og eventuelt når vert desse planane offentleggjorde?»
I spørsmålet står
det når dei vert offentleggjorde,
men eigentleg vil eg ha svar på når dei vart offentleggjorde. Det er ein trykkfeil
i spørsmålet.
Statsråd Terje Moe Gustavsen: Luftfartsverket har levert en innsigelse mot
kommunedelplanen for et område vest for Oslo lufthavn i
Nannestad kommune. Saken er nå til behandling i Miljøverndepartementet
for endelig avgjørelse. I denne forbindelse bad Miljøverndepartementet
om en uttalelse fra Samferdselsdepartementet.
Som grunnlag for Samferdselsdepartementets
uttalelse bad departementet Luftfartsverket om en redegjørelse for
saken. I sitt svar til departementet redegjorde Luftfartsverket
for den foreliggende innsigelsessaken og la i tillegg ved et notat
fra september i år hvor det generelt ble redegjort for
prognoser for trafikkvekst, utbyggingsbehov og utbyggingstakt på Gardermoen.
Det framgår av dette notatet at Luftfartsverket
på basis av nåværende prognoser vurderer
at det vil bli behov for en tredje rullebane i 2020 på Gardermoen.
I Samferdselsdepartementets uttalelse til Miljøverndepartementet ble
dette notatet referert og vedlagt.
Miljøverndepartementet har ennå ikke
fattet avgjørelse i innsigelsessaken for området
vest for flyplassen.
Valgerd Svarstad Haugland (KrF): Eg takkar statsråden for svaret.
Bekymringa mi for heile saka er jo eigentleg
kor dårleg det då må ha vore planlagt
for bygginga av flyplassen på Gardermoen, når
ein ikkje har gitt klare signal til dei kommunane det gjeld, om
at det kan bli planar om å bygga ein tredje rullebane.
No ser vi i diverse medieoppslag at begge ord-
førarane, både i Nannestad og Ullensaker,
ikkje har høyrt om at det er snakk om å bygga
ein tredje rullebane før no i det siste. Dei har ikkje
vore med i planprosessen i det heile, seier enkelte av dei som har
vore med i planprosessen frå byrjinga. Og for kommunepolitikarar
som ynskjer å ha litt føreseielege rammer òg
inn i framtida for bruk av sine eigne areal, er det ganske vanskeleg å planlegga
bruk av areala når dei blir bandlagde på denne måten.
No ligg det føre planar for bruk av
desse areala. Mitt spørsmål til samferdselsministeren
er om han kan vera med og påverka Miljøverndepartementet
slik at kommunen kan få klare svar, og slik at dei òg
kan få lov å bruka dette området som
dei har tenkt å bruka til næringsføremål.
Elles vil dei få økonomiske rammevilkår
som blir negative for kommunane – og det kan vi ikkje tolerera.
Statsråd Terje Moe Gustavsen: Generelt sett er det mitt inntrykk at de berørte
kommuner oppfatter det som svært positivt at Gardermoen
er lokalisert nettopp der, og også at man får
en positiv utvikling i tilknytning til hovedflyplassen.
Den saken vi nå diskuterer, kom opp
i forbindelse med behandling av ny kommunedelplan. Man ønsket
fra Luftfartsverkets side å sikre seg mot at man kan bli
bygd inn. Tidligere var disse aktuelle arealene regulert som friområder.
Jeg holder fast ved at det er riktig å ha handlefrihet,
som kan være nødvendig i forhold til den utviklingen
og de prognosene man har i forhold til utviklingen på Gardermoen
i framtiden. Jeg tror også det vil være totalt sett
en fordel for de berørte kommuner.