Stortinget - Møte onsdag den 14. mars 2001 kl. 10

Dato: 14.03.2001

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 21

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Eg skal få stilla følgjande spørsmål til olje- og energiministeren:

«Konsesjonskraftprisen er i år 11,59 øre/kWh og var i 2000 10,84 øre/kWh. Desse prisane vert fastsette av departementet kvart år og skal uttrykka gjennomsnittleg sjølvkost for kraftproduksjonsanlegga i Noreg. Konsesjonskraftprisane har dei seinare år lege over marknadsprisane på kraft.

Meiner statsråden at ein konsesjonskraftpris på meir enn 10 øre/kWh kan vera eit uttrykk for dei reelle produksjonskostnadene, når næringa samstundes kan framvisa større overskot enn nokon gong før?»

Statsråd Olav Akselsen: Kraftprisen har falle jamt sidan 1996. Det heng sterkt saman med at det kom mykje nedbør dei fira åra frå 1997 til 2000, og at vintrane var milde. Den gjennomsnittlege spotprisen i 2000 var på 10,3 øre/kWh. Gjennomsnittleg spotpris i perioden 1996-2000 var 14,4 øre/kWh. Gjennomsnittleg konsesjonskraftpris i same periode var 11,3 øre/kWh.

Me har no hatt ein kaldare vinter, med det resultat at gjennomsnittleg spotpris i januar og februar var 19,4 øre/kWh. På bakgrunn av terminprisane kan ein venta at årsgjennomsnittet blir omtrent 18 øre/kWh. Konsesjonskraftprisen for 2001 er 11,59 øre/kWh.

Den inntekta kommunane får frå konsesjonskrafta, vil variera med prisen i marknaden. Den økonomiske verknaden av konsesjonskraftordninga må ein difor sjå over fleire år. Når ein samanliknar prisen på konsesjonskraft med prisen i spotmarknaden, har konsesjonskrafta i åra 1996-2000 i gjennomsnitt gitt kommunane ein økonomisk fordel på 200 mill. kr kvart år. Bak dette ligg det store årlege variasjonar, frå ein fordel på nærmare 1 milliard kr i 1996 til eit tap på ca. 100 mill. kr i fjor. Legg ein terminprisane til grunn, kan konsesjonskrafta i år gje kommunane ein økonomisk fordel på omtrent ½ milliard kr.

Kommunane kan stabilisera inntektene frå konsesjonskrafta på ulike måtar, f.eks. ved å selja krafta i terminmarknaden. Konsesjonskrafta må òg sjåast i samanheng med at kommunane har skatteinntekter frå kraftselskapa som er svært stabile frå år til år. Naturressursskatten er heilt uavhengig av endringane i kraftprisar og lønsemd. Eigedomsskatten er i liten grad påverka av låge kraftprisar, sidan det er lagt eit nedre golv på takseringsgrunnlaget.

Konsesjonskraftprisen skal gjenspegla sjølvkost i kraftverka. Sjølvkostprisen inkluderer ei rimeleg avkastning på kapitalen som er investert i produksjonsutstyr. Slik har det vore sidan konsesjonslovene blei innførte. Dette inneber at kraftselskapa kan ha overskot sjølv om marknadsprisen i enkelte år er lågare enn konsesjonskraftprisen.

Kraftbransjen hadde i 1999 eit overskot etter skatt på omtrent 6,1 milliardar kr. Det er ein nedgang på omtrent 17 pst. frå året før. Sjølv om overskotet er i milliardklassen, må ein hugsa på at det er svært store kapitalmengder som skal forrentast. I 1999 hadde produksjonsverka ei bokført avkastning på eigenkapitalen på 4,1 pst. Det er lågt når ein tar omsyn til den risikoen som er knytt til innteninga til produsentane.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Kvifor har lovverket ei ordning med konsesjonskraft? Det er fordi kommunar og fylkeskommunar skal ha moglegheit til å ha sin del av verdiskapinga og utnyttinga av lokale ressursar, nedfelt i lovverket for dei fyrste konsesjonslovene rundt århundreskiftet, stadfesta i Stortinget i 1990, som ein varig fordel.

Kva er så situasjonen i dag? Eit lovbestemt gode er for nokre kommunar snudd til å bli eit tap. Det svarar seg ikkje for alle å ta ut krafta, på grunn av høgt prisnivå. Ei av årsakene er at etter kraftskattreforma i 1996 har det vore usemje om kva som skal reknast inn i sjølvkostprisen eller produksjonskostnadene. Før 1996 var skattane faste og uavhengige av økonomien i kraftforetaka. No blir overskotsskatten rekna inn i berekningsgrunnlaget. Vil statsråden sjå nærmare på berekningsgrunnlaget?

Statsråd Olav Akselsen: Eg trur me må slå fast at kraftkonsesjonsordninga er ei god ordning for dei kommunane som har moglegheit til å dra nytte av den. Og eg har ikkje merka noko som helst iver for at den ordninga skal utgå. Men så er det slik at ein må sjå fleire år under eitt – enkelte år er spotmarknaden på kraft veldig låg, andre år er den nokså høg. Då blir det sjølvsagt slik at innteninga til kommunane vil variera ut frå det.

Når det gjeld berekningsgrunnlaget, er det slik at ein med jamne mellomrom har endra skattereglane på dette området, seinast i inneverande år. No har me ikkje konkrete planar om på nytt å sjå gjennom desse reglane – me meiner at ein har funne den balansen som er nødvendig på dette området. Eg kan sjølvsagt på bakgrunn av dette spørsmålet nok ein gong sjå nærmare på problemstillinga, men det finst pr. i dag ingen konkrete planar om ein ny gjennomgang av denne skatten.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp): Senterpartiet er oppteken av den verdien som dette skal vera for lokalsamfunnet. Vi deler statsråden si vurdering av at ordninga er god og bør halda fram. Men så er det slik at når det gjeld berekningsgrunnlaget, vil det faktum at overskotsskatten blir rekna inn, innebera at sjølvkosten blir høgare. Forgjengaren til statsråd Akselsen, Marit Arnstad, varsla Stortinget to gonger i brevs form om at ho ville sjå nærmare på denne problemstillinga.

Statsråden nemnde her eksemplet frå 2000. Eg kan seia at for den kommunen som eg kjem frå, Hjelmeland, inneber denne eine øren 500 000 kr. For andre kommunar betyr det meir, for nokre betyr det mindre. Eg er glad for at statsråden høyrest ut til å vera positiv, og eg vil sterkt oppfordra han til å sjå på denne problemstillinga på nytt.

Statsråd Olav Akselsen: Som eg sa i svaret mitt, er dette ei av fleire ordningar som skal gjera at desse naturressursane òg blir utnytta til fordel for vertskommunen. Og eg vil påstå at det er tilfellet at desse ordningane –kvar for seg og samla – medverkar til at ein god del av verdiskapinga i denne bransjen får ein lokal adressat. Det er ei ordning som eg støttar opp om, og eg er glad for at det er slik.

Så er det slik at ein med jamne mellomrom har gått gjennom skattereglane på dette området. No er det slik at kraftselskapa er i ein heilt ny situasjon, der dei må konkurrera med andre, både norske kraftprodusentar og ikkje minst internasjonale kraftprodusentar. Det ein har gjort, er at ein har prøvd å finna ein balanse mellom denne nye situasjonen som kraftselskapa er i, og kommunane sitt behov for ei stabil inntekt på dette området.