Stortinget - Møte onsdag den 4. juni 2003 kl. 10

Dato: 04.06.2003

Dokument: (Innst. S. nr. 221 (2002-2003), jf. St.prp. nr. 52 (2002-2003))

Sak nr. 3

Innstilling frå kommunalkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 172/2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/14/EF om fastsetjing av ei generell ramme for informasjon til og konsultasjon med arbeidstakarar

Talarar

Votering i sak nr. 3

Sigvald Oppebøen Hansen (A) (ordførar for saka):Dette er ei sak som handlar om å tilpasse seg eit EØS-direktiv.

Sjølv om det er ein samrøystes komite som står bak innstillinga, vil eg få lov til å gje uttrykk for nokre få kommentarar.

I all hovudsak handlar saka om å fastsetje ei generell ramme med minstekrav for den rett arbeidstakarar har til informasjon og konsultasjon når det gjeld den økonomiske situasjonen, utviklingsplanane, sysselsetjingssituasjonen i verksemda og avgjerder som kan tenkjast å føre til vesentlege endringar av tilsetjingsstillingar.

Det kan sjå ut som ei lita sak, men ho er likevel viktig for den det gjeld. Direktivet vil ikkje vere til hinder for dei lovfesta rettane som er avtalt nasjonalt i høve til helse, arbeidsmiljø og tryggleik, eller for den saks skuld rett til representasjon i styrande organ.

Til slutt vil eg òg leggje til at eg er veldig tilfreds med at dette er ei sak som det offentleg oppnemnde Arbeidslivslovutvalet har fått i oppgåve å komme med framlegg til, når det gjeld gjennomføring av direktivet.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 3.

Votering i sak nr. 3

Komiteen hadde innstillet:

Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 172/2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2002/14/EF om fastsetjing av ei generell ramme for informasjon til og konsultasjon med arbeidstakarar.

Votering:Komiteens innstilling bifaltes enstemmig.