Borghild Tenden (V) [12:16:14]: Jeg tillater meg å stille følgende
spørsmål til samferdselsministeren:
«Internasjonal erfaring tyder på at
enkle og oversiktlige billett- og takstsystemer fører til økt
bruk av kollektivtrafikk. Det bidrar til at det blir enklere for
publikum å reise, det er tidsbesparende
og publikumsvennlig. Bondevik II-regjeringen la mye arbeid
i å gjennomføre såkalt elektronisk billettering.
Hvordan vil den nye regjeringen følge
opp det viktige arbeidet?»
Statsråd Liv Signe
Navarsete [12:16:50]: Enkle og oversiktlege billettsystem er viktig
for å få folk til å velje å reise
kollektivt.
Det er gjort eit godt arbeid både
av den førre regjeringa og òg av mange fylkeskommunar
for å kome opp med eit system som skal gje passasjerane
eit saumlaust tilbod når ein reiser på kryss og
tvers av ulike grenser – ofte fylkesgrenser.
Med verknad frå 1. april
2006 har me vedteke ein standard for grensesnitt
i nye elektroniske billettsystem. Standarden sikrar at fylkeskommunar
og selskap kan samarbeide om billettar og takstar. Det er no fylkeskommunane og
selskapa som må ta i bruk elektroniske billettsystem. Den
nye standarden gjer dette mogleg, og eg vil i dei samtalane eg har
med fylkeskommunane, oppmode til at ein intensiverer dette arbeidet.
Eg veit at det er i veldig godt gjenge i mange fylkeskommunar.
Borghild Tenden (V) [12:17:57]: Jeg takker statsråden for svaret.
Kontant betaling forsinker daglig kollektivtrafikken
i folks travle hverdag. Jeg er selv kollektivbruker og er vitne
til det hver dag. Store sedler skal veksles, og passasjerene blir
stående i kø, noe som virker både
gammeldags og tungvint i vår elektroniske verden.
I Oslo og i Akershus er dette et
veldig stort problem. Det kommer ikke på plass.
Kan statsråden gjøre noe for å hjelpe Oslo
og Akershus med dette?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:18:31]: Me har ei arbeidsdeling som gjer at ansvaret
for kollektivtrafikken er lagt til fylkeskommunane. Eg vil vere
varsam med å gripe inn i det mandatet som fylkeskommunane
har til å utvikle gode system
på dette området.
Me har jamlege møte med
fylkeskommunane for å drøfte både
kollektivtrafikk og andre viktige spørsmål.
I eit slikt møte skal eg gjerne drøfte òg
dette spørsmålet, men det å påleggje Oslo
og Akershus å utvikle eit system synest
eg ville vere å gå eit steg for langt
med omsyn til å gripe inn i eit ansvarsområde
som dei eksplisitt har.
Borghild Tenden (V) [12:19:20]: Jeg takker igjen for svaret.
Samordnet kollektivtransport, SKØ,
ble etablert i januar 2004. Dette er et svært
viktig organ for å løse kollektivutfordringene
i østlandsområdet og vil også være
det i forbindelse med elektronisk billettering.
Mitt første oppfølgingsspørsmål
er: Er samferdselsministeren enig i det? Og det andre
er: Hvor aktiv vil hun være i dette viktige organet for
bl.a. Oslo og Akershus?
Statsråd Liv Signe Navarsete [12:19:55]: Me har nettopp hatt eit møte
i SKØ som vart leidd av statssekretæren min, fordi
eg var ute og reiste. Det var meininga at eg skulle leie møtet,
men eg måtte endre den planen.
I det møtet kom det fram at ein kanskje
treng å diskutere korleis dette arbeidet skal gjerast.
Ein hadde heilt sikkert gode intensjonar
då ein starta dette organet, men det var kanskje ikkje
godt nok gjennomarbeidd i forhold til innhaldet i møta.
Det me no er einige om, er at me
fram til neste møte på kvar vår
plass skal setje oss ned og tenkje igjennom korleis me vil nytte
dette organet, slik at det verkeleg skal verte eit organ for handling
og ikkje berre eit organ der me på ein måte
diskuterer problemstillingar, og så kanskje ikkje
kjem så mykje lenger. Dei konkrete resultata så langt når
det gjeld SKØ, er kanskje ikkje så gode
som ein hadde von om då ein starta dette organet, men eg
ser at det er ein viktig møteplass. Eg ser òg
at det er viktig at me får konkrete saker og konkrete handlingar
ut av dei møta som kjem, og det kjem eg til å følgje
opp framover.