Stortinget - Møte tirsdag den 29. januar 2008 kl. 10

Dato: 29.01.2008

Formalia

Minnetale over tidligere stortingsrepresentant Sverre Helland

Presidenten: Vørde medrepresentantar!

Tidlegare stortingsrepresentant Sverre Helland døydde 31. desember 2007, 83 år gammal.

Helland vart fødd 18. september 1924 i Hamre i Hordaland. Han vart utdanna som elektromontør frå Bergen tekniske skole og arbeidde i mange år som elektroinstallatør i eige firma ved sida av gardsbruket i heimkommunen Lindås. Helland Elektro AS, som han var med på å starte, vart etter kvart det største og leiande installasjonsselskapet i Nordhordland.

I 1969 vart Sverre Helland vald inn på Stortinget, der han sat i fire periodar. I si tid på Stortinget sat han i åtte år i industrikomiteen, seks år i finanskomiteen og dei to siste åra i justiskomiteen.

Sverre Helland hadde ein sterk identitet knytt til heimfylket og heimstaden gjennom heile sitt politiske liv.

«For meg er Oslo berre ein stad der eg arbeider, et og søv. Det er Eikangervåg som har vore heimstaden min i alle desse åra,» sa Helland til avisa Strilen då han i 1985 gjekk av som stortingsrepresentant etter 16 år på Stortinget. Men det var ikkje berre heimstaden Sverre Helland hadde omsut for. Det var mange kommunar og lokallag som fekk glede av besøk av stortingsmann Helland, som ein periode òg var nestformann i Senterpartiet. Han var ein ettertrakta føredragshaldar, både i politiske fora og i næringslivet.

Utbygging av Mongstad, stamvegen mellom Bergen og Sogn og Nordhordlandsbrua var nokre av dei lokale sakene som han brukte mykje tid på. I si tid som ordførar i Lindås var han ei av drivkreftene for å få fram areal til oljeraffineriet på Mongstad. Som stortingsrepresentant følgde han opp arbeidet for å få realisert desse planane. Helland hadde òg stort engasjement for nasjonal og internasjonal politikk. Han var ein fast og ihuga motstandar av EEC. Han markerte seg med skepsis til finansieringa av Folketrygdfondet, der han meinte at fondet i framtida ville verte altfor lite til å dekkje kostnadene. Både i denne og i andre saker markerte han seg som ein framsynt politikar med klare meiningar og ein sterk vilje.

Helland var godt likt og respektert i alle politiske leirar og mellom journalistane for å gje oppriktige svar og synspunkt. Olav Garvik si skildring i Bergens Tidende 3. januar i år gjev eit godt bilete av politikaren Sverre Helland:

«Ein seig og viljesterk stril som aldri tok taktiske omsyn. Sverre Helland stod alltid på det han meinte var rett, om han så vart ståande aleine.»

Då Sverre Helland forlét rikspolitikken og Stortinget i 1985, 61 år gamal, tok han fatt på ny utdanning innan elektrofaget for å vidareutdanne seg i høve krava til å leie ei elektrobedrift. Ein del år overtok han alt ansvaret for drifta, før han etter kvart overlét til sonen å drive familieselskapet vidare.

Vi er takksame for den betydelege samfunnsinnsatsen som Sverre Helland har lagt ned, og lyser fred over hans minne.

Stortingsrepresentantene påhørte stående presidentens minnetale.

Valg av setttepresident

Presidenten: Presidenten vil foreslå at det velges en settepresident for stortingets møte i dag og i morgen - og anser det som vedtatt.

Presidenten vil foreslå Solveig Horne. - Andre forslag foreligger ikke, og Solveig Horne anses enstemmig valgt som settepresident for dagens og morgendagens møter.