Stortinget - Møte onsdag den 2. april 2008 kl. 10

Dato: 02.04.2008

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 9

Thore A. Nistad (FrP) [11:45:41]: Jeg vil få lov til å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Ikke siden 1992 har flere mennesker omkommet i opplandstrafikken enn i 2007. I fjor ble 28 personer drept på veiene i fylket og mer enn 500 personer skadet. Samtidig er veibevilgningene til vedlikehold og investeringer for Oppland fylke de laveste i landet, og etterslepet på vedlikehold bare øker.

Hvorledes vil statsråden snu den negative utviklingen?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:46:10]: I Oppland er det registrert 28 drepne og 64 hardt skadde i bilulukker i 2007. Det er registrert to drepne hittil i 2008. I tillegg er eg kjend med at det dessverre har vore ei dødsulukke på rv. 4 sist helg som ikkje er komen inn i det offisielle registreringsopplegget. På landsbasis har det vore ein reduksjon av drepne dei siste åra. I Oppland derimot viser tala for 2007 ein betydeleg oppgang. Dette er urovekkjande. Eg er, som representanten Nistad, oppteken av å styrkje trafikktryggleiken på norske vegar, både på kort og på lang sikt. Regjeringa er oppteken av å få ned ulukkestala på vegane og legg i arbeidet med Nasjonal transportplan og i budsjettarbeidet vekt på å gjennomføre prosjekt og tiltak som gjev tryggare vegar og færre ulukker. På kort sikt er det aktuelt å vurdere m.a. reduserte fartsgrenser og etablering av midtfelt eller midtmarkering m.v. På lengre sikt er det behov for større infrastrukturtiltak.

Rv. 255 Jørstad-Segalstad bru i Oppland er under utbygging, jf. St.prp. nr. 35 for 2006-2007. Det ligg også føre lokale vedtak om delvis bompengefinansiering ved utbygging av E6 Tingberg-Tretten, som er under sentral behandling for framlegg til Stortinget. Planleggingsarbeidet vidare nordover er i gang, m.a. er strekninga Lillehammer-Otta eit pilotprosjekt for kvalitetssikring av samferdsleprosjekt på tidleg stadium, såkalla KS1. Eg vil kome tilbake til vidare utbygging av hovudvegnettet i Oppland i samband med stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2010-2019 , som vert lagd fram ved årsskiftet 2008/2009.

Fordeling av midlar til drift og vedlikehald vert gjord med utgangspunkt i at det skal vere ein mest mogleg einsarta standard på riksvegnettet, uavhengig av fylkesgrenser. Statens vegvesen fordeler midlane ut frå veglengd, trafikkmengd, folkesetnad m.m. Midlar til vedlikehald vert fordelte til vegdekke, tunnelar, bruer, skilt, rekkverk, grøfting og anna på dei strekningane der behovet er vurdert å vere størst. Behovet vert i hovudsak målt i teknisk standard.

Når dette er sagt, vil eg understreke at styresmaktene tek ei brei og heilskapleg tilnærming til trafikktryggleiksarbeidet, der tiltak retta mot både infrastrukturen, trafikanten og køyretøya inngår. Det er dette som har gjeve gode resultat, og som gjer at Noreg trass i våre ulukkestal er blant dei landa i verda som har oppnådd best resultat på dette området. Djupneanalysane av dødsulukkene i vegtrafikken viser at forhold knytte til alle desse delane som eg nemnde, spelar inn. Mellom anna viser resultata at høg fart, trøttleik og/eller ruspåverknad blant førarar medverka til mange av dødsulukkene i 2006. Vegstyresmaktene skal ta sitt ansvar, men me må ikkje gløyme at trafikantane òg har eit ansvar. Førre helg mista m.a. 15 personar førarkortet etter kontrollar på E6. Det er eit døme på at det er meir enn veglekamen som må rustast opp.

Thore A. Nistad (FrP) [11:49:18]: Jeg takker statsråden for svaret.

Nå er det slik at Oppland vel er et av fylkene med størst gjennomgangstrafikk. Vi har både E16 og E6, og vi har rv. 4, som er store stamveiruter. Dessverre har den alvorlige ulykkesstatistikken bare fortsatt inn i dette året. Nå sa statsråden at hun vil ha en ensartet standard på stamveinettet. Det viser seg at standarden på stamveinettet i Oppland ligger langt under det som er målsettingen for vedlikehold og standard på stamveiene. Vil statsråden gjøre noe, slik at også Oppland kan få en standard tilnærmet lik den statsråden påberoper seg at landet skal ha?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:50:13]: I samband med grunnlagsmaterialet for Nasjonal transportplan, som vi no arbeider med, har eg bede om å få inn materiale for standarden på dei ulike delane av vegnettet. Det gjeld breidd og kvar me har gul midtstripe, som på ein måte er eit element for å sjå om breidda er såpass stor at to bilar kan passere kvarandre utan problem - ikkje minst to vogntog. Me har ein sterkt aukande godsbiltrafikk. Det å ha såpass breidd og kurvatur på vegane at godstrafikken kan passere utan å måtte stoppe opp, har både ei miljøside og ikkje minst ei tryggleiksside. Eg vil gå lenger inn i denne materien for å sjå korleis me kan lyfte den delen av vegnettet som er dårlegast, opp til ein standard som gjer at både folk flest og næringslivet kan ferdast utan fare for liv og helse.

Thore A. Nistad (FrP) [11:51:13]: Jeg takker for svaret.

Nå foreligger det jo ganske mange rapporter om standarden allerede. Særlig for E16 ligger det jo allerede i den gamle Nasjonal transportplan hvordan standarden der er. Det er gjort veldig lite på E16 i de siste årene, så den dårlige standarden, at to vogntog ikke kan møtes, er godt kjent.

Nå er altså planarbeidet for E16 i Oppland gjort ferdig, og bl.a. for Filefjell er det jo nå åtte utredninger av delstrekninger som ligger klare. Vil statsråden gjøre noe med disse?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:51:54]: Mellom anna som resultat av ei tragisk vogntogulukke på E16 i nær fortid, har eg kalla inn til eit møte i morgon, nettopp for å få oversikt over planstatus og standard på vegen. Dette er ein viktig sambindingsveg mellom Bergen og Oslo. Det er klart at dei breva eg får frå transportnæringa knytte til den vegen, har gjort at eg ynskjer å oppdatere meg på han, til liks med det eg òg sjølvsagt gjer på andre viktige stamvegar. Breidda på E16 er mindre - det er altså ein smalare veg enn andre stamvegar, og det må me sjå på korleis ein skal løyse. Det medfører store miljøproblem fordi det ikkje er mogleg å få samanhengande fart i køyringa, men det medfører òg eit auka trafikkrisikoelement.