Stortinget - Møte onsdag den 9. april 2008 kl. 10

Dato: 09.04.2008

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 19

Linda C. Hofstad Helleland (H) [12:59:35]: Jeg tillater meg å stille følgende spørsmål til samferdselsministeren:

«Regjeringen Bondevik II nedsatte en arbeidsgruppe som avleverte sin rapport til Samferdselsdepartementet i april 2006 med tittelen «Ny felles parkeringsregulering?». Der fremkommer det flere forslag blant annet for å få ryddet opp i dagens praksis for å ilegge kontrollavgift. Nå har det gått to år uten at Regjeringen har tatt tak i denne rapporten, dette er svært uheldig med tanke på alle bilistene som blir utsatt for urettferdig behandling.

Når vil statsråden få på plass et nytt og bedre regelverk?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:00:18]: Eg vil fyrst peike på at det meste av parkering i dag skjer i ryddige former. Tal frå den nemnde rapporten syner at i 2005 hadde dei aktørane som dekkjer over 90 pst. av marknaden, om lag 180 000 kundebesøk kvar einaste dag, eller om lag 67 millionar i løpet av året. Av desse var det berre rundt 52 000, eller om lag 3/4 promille, som i løpet av året hamna som klagesaker hos offentlege eller private aktørar.

Eg er likevel samd i at tilhøva i dagens parkeringsmarknad ikkje er gode nok. Rapporten «Ny felles parkeringsregulering?», vart gjeven av ei breitt samansett arbeidsgruppe med representantar frå kommunane, den private parkeringsnæringa, generelle forbrukarinteresser, dei forflyttingshemma sine organisasjonar og styresmaktene. Rapporten peikar på eit stort behov for endringar, særleg for å gje betre og enklare tilhøve for den einskilde parkerande. Vidare er det naudsynt med endringar for å gje eins konkurransetilhøve i næringa og for å rydde i dei offentlege aktørane sine ulike roller. Arbeidsgruppa gjorde difor framlegg om nærast full næringsregulering med innføring av eit felles regelverk for offentleg og privat avgiftsparkering. Det vart særleg fokusert på generell brukarretting og gjennomgåande harmonisering samt monaleg forbetring av rettane til personar med rørslehemmingar. Det vart tilrådd ei felles ordning for alle som vil tilby avgiftsparkering til ålmenta, og felles krav til aktørane og rettar for brukarane fastsette i lov og forskrift.

Då rapporten kom i april 2006, tok eg initiativ til ei brei offentleg høyring av framlegga frå arbeidsgruppa, og denne vart gjennomført nærare jul 2006. Det er difor ikkje rett som representanten Hofstad Helleland hevdar, at to år har gått utan at Regjeringa har teke tak i rapporten.

Om lag hundre høyringsinstansar uttalte seg og har gjeve konstruktive og nyttige innspel. Både rapporten og høyringa har vist at det er omfattande og komplisert arbeid som må gjerast for å få eit godt regelgrunnlag for ei ny felles parkeringsregulering. Det er naudsynt med lovendringar og omfattande forskriftsarbeid, og me må følgje dei demokratiske spelereglane i den vidare prosessen. Det er òg behov for nærare avklaringar av verknadene for kommunane og vurderingar av tilhøva til Grunnlova.

I tillegg til regelverksmessige utfordringar er det behov for å gje næringa tid til å tilpasse seg nye reglar. Det vil difor ta noko tid før nye reglar er på plass, og eg ber om forståing for at eg ikkje her og no kan seie akkurat når det kan skje. Eg vil likevel streke under at Regjeringa er oppteken av å gjere det enklare å vere brukar av desse tenestene og å gje ryddige tilhøve for parkeringsutøvarane. Eg vil difor prioritere vidare oppfølging av saka og arbeide for sams reglar, som m.a. omfattar sams klageordning og reaksjonar når det gjeld både offentlege og private parkeringsplassar.

Linda C. Hofstad Helleland (H) [13:03:16]: Jeg takker for svaret fra statsråden, og jeg er glad for at hun svarer på den måten hun gjør. Jeg forstår at dette er et omfattende arbeid, som tar tid, og som man må gå grundig inn i. Og jeg forstår at det her og nå er vanskelig å ta stilling til enkeltelementer. Jeg har likevel en sak som jeg ønsker å høre hvordan statsråden stiller seg til, og det gjelder at mange bilister føler seg ganske rettsløse når man skal klage. Derfor er det mange som unnlater å gjøre det. I dag står parkeringsselskapene ganske sterkt.

Hvordan stiller statsråden seg til at parkeringsselskapene har bevisbyrden på sin side? Kan det f.eks. bli krav om å ta bilde i hver enkelt sak der man utsteder parkeringsgebyr, slik at bilistene stiller sterkere i klagesaker?

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:04:22]: Eg er heilt samd i at det å vere klagar i dette systemet er vanskeleg og til dels utfordrande. Det handlar òg om at det er ulike reglar for private og offentlege parkeringsselskap, og det har jo vist seg, seinast i eit program på TV nyleg, at det er vanskelegare og mykje meir kostbart å klage inn til dei offentleg åtte parkeringsselskapa. Det ser me på. For eg ynskjer at me skal ha same reaksjonar ved brot på reglane, me skal ha like klagereglar, og me skal ha klagerett til ei felles klagenemnd. I det arbeidet ser me sjølvsagt òg på korleis ein skal fordele bevisbyrda. Eg kan ikkje gje eit konkret svar på spørsmålet om det skal vere krav om bilete. Det har vore lyfta fram, og det er eitt av elementa som me skal ta stilling til i dette arbeidet.

Linda C. Hofstad Helleland (H) [13:05:20]: Jeg setter pris på at det tiltaket blir tatt med i arbeidet videre, og jeg venter spent på at Regjeringen vil legge frem denne saken. En annen side som det også er litt viktig at statsråden følger opp, gjelder bruk av provisjon. Selv om man nå sier at det ikke er en praksis at parkeringsvakter jobber etter en såkalt provisjonsordning, har ikke vi som bilister noen garanti for det.

På hvilken måte kan ministeren følge opp at det blir slutt på denne provisjonspraksisen?

Statsråd Liv Signe Navarsete [13:06:11]: Dersom me skal vere sikre på å få slutt på det, må ein for det fyrste leggje inn i lovverket at det er forbode. Det kan ein gjere i det lovverket som no vert utarbeidd. Det er òg eit element som me ikkje har teke stilling til. Det som me har fått opplyst, er jo at ein ikkje har utstrakt bruk av dette, og at ein har gått bort frå det, fordi det har vore mykje kritikk av systemet. Men å garantere at det ikkje finst, kan ikkje eg gjere i dag. Eg er òg heilt samd med representanten i at det er eit utidig system, og me vil sjå på korleis me eventuelt kan gjere ytterlegare grep for å få slutt på det.