Stortinget - Møte onsdag den 13. januar 2010 kl. 10

Dato: 13.01.2010

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 3

Sverre Myrli (A) [11:30:40]: «Fra 1. januar i år overtok fylkeskommunene ansvaret for store deler av det tidligere riksvegnettet. For 2010 har Stortinget bevilget 1 milliard kr ekstra til fylkeskommunene som en følge av denne oppgaveoverføringen. Akershus' andel av denne økningen er på 66 mill. kr. Flertallet i Akershus fylkeskommune har vedtatt at denne økningen i overføringene ikke skal benyttes til de nye fylkesvegene.

Hvordan stemmer vedtaket i Akershus fylkeskommune overens med politiske føringer fra storting og regjering?»

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:31:24]: Eitt av måla med forvaltingsreforma er eit fornya og styrkt regionalt demokrati og forvalting. Reforma har ført til at fylkeskommunane har fått ei rekkje nye oppgåver. Etter Regjeringa si vurdering vil dette føre til eit styrkt regionalt folkestyre og ei meir effektiv og samordna forvalting. Fylkeskommunane har fått fleire verkemiddel og rom for å verte ein sterkare regional utviklingsaktør gjennom å sjå fleire sektorar i samanheng, få ei samla prioritering og slik ei betre planlegging. Dette er ei rolle det vil vere nødvendig å løyse i samarbeid med andre lokale og regionale aktørar. Overtaking av ansvaret for andre riksvegar med tilhøyrande ferjestrekningar er ein viktig faktor for regional utvikling og difor eit viktig grep i denne reforma. Stortinget har handsama fleire lov- og budsjettproposisjonar om reforma og gjort vedtak i tråd med Regjeringa sine intensjonar og framlegg.

I tråd med signala i kommuneproposisjonen for 2010 er det i statsbudsjettet for 2010 vedteke å tilføre fylkeskommunane samla vel 7,6 milliardar kr gjennom rammetilskot og momskompensasjon i samband med reforma. Av dette er om lag 7,1 milliardar kr knytte til ansvaret for andre riksvegar og riksvegferjer. I dette beløpet ligg ei styrking av fylkeskommunane sine frie inntekter med 1 milliard kr grunngitt med eit større veg- og ferjeansvar. I tillegg gir ordninga med rentekompensasjon, med ei ramme på 2 milliardar kr årleg, òg høve til å auke aktivitetsveksten.

Regjeringa ynskjer å setje fylkeskommunane i best mogleg stand til å handsame det auka samferdsleansvaret frå 2010. Det har samstundes vore ein føresetnad både frå Regjeringa og Stortinget at løyvingane i samband med reforma i størst mogleg grad skulle kome som frie inntekter. Dette inneber at den einskilde fylkeskommunen ut frå lokale behov står fritt til å vurdere kva dei ynskjer å prioritere desse midlane til, sjølv om denne veksten er grunngitt med det auka samferdsleansvaret.

Eg legg det lokale prioriteringsansvaret til grunn og føreset at prioriteringane til Akershus fylkeskommune også tek omsyn til det auka ansvaret dei har fått som regional vegstyresmakt.

Sverre Myrli (A) [11:33:42]: Jeg takker for svaret, som viser at kommunalministeren har satt seg godt inn i saken.

Det er jo noe spesielt, det som det borgerlige flertallet i Akershus nå gjør. Statsråden, Regjeringa og Stortinget kan jo ikke gjøre noe med vedtaket som er fattet i Akershus. Men litt tilbake i tid, da vi hadde budsjettdebatten her i Stortinget, var det, særlig fra Høyre og Fremskrittspartiet, et voldsomt kjør mot Regjeringa mot at det ikke skulle følge nok penger med oppgaveoverføringa. Så ser vi altså at det borgerlige flertallet i Akershus, med Høyre og Fremskrittspartiet i spissen, ikke ønsker å bruke de ekstrabevilgningene som de får, til vegformål.

Kommunalministeren har ei fortid som samferdselsminister og har således vært sentral i arbeidet med overføringen av øvrige riksveger til fylkeskommunene. Så spørsmålet mitt til kommunalministeren blir nå: Har kommunalministeren noen formening om hva som vil skje med de nye fylkesvegene, de som tidligere var riksveger, både i Akershus og i andre fylker, etter at fylkeskommunene fra 1. januar har overtatt ansvaret?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:34:50]: Heldigvis ser eg ut frå dei meldingane som kjem, at fylka tek ansvaret som vegeigar på ein god måte. Dei aller fleste fylka har auka aktiviteten på området betydeleg. Dei aller fleste fylka ser etter moglegheiter for å strekkje rammene og få best mogleg bruk av midlane, både til vedlikehald av eksisterande vegar og til investeringar i nye vegar.

Eg er veldig glad for dei signala som kjem, og er sjølvsagt noko forundra over at ein i enkelte fylke, som det vart referert til her, vel andre prioriteringar. Likevel er det umogleg for meg som kommunalminister å gå inn i det enkelte fylket sine prioriteringar, og eg har respekt for at ein har vurdert det slik at dei signala som kom i Stortinget i budsjettdebatten, ikkje er i tråd med den kvardagen ein opplever i Akershus.

Sverre Myrli (A) [11:35:58]: Jeg takker igjen for svaret og er i grunnen beroliget for situasjonen i øvrige fylker, at det der ikke foretas slike ukloke prioriteringer som det gjøres i Akershus.

Akershus fylkeskommune ønsker altså ikke å bruke de 66 mill. kr som de har fått i ekstrabevilgninger som følge av overføring av ansvaret for store deler av riksvegnettet. I fjor bevilget Stortinget ekstra midler til kommuner og fylkeskommuner som en del av Regjeringas krisepakker. Den andelen som Akershus fylkeskommune fikk av krisepengene, ble heller ikke brukt slik tanken var fra storting og regjering, i Akershus fylkeskommune. Så vidt jeg veit, står de pengene fortsatt udisponert, på samme måte som de ekstra vegpengene gjør.

Mitt siste spørsmål til statsråden blir egentlig av litt generell art: Har statsråden noen tanker om de økonomiske prioriteringene og disposisjonene som for tida blir gjort i Akershus fylkeskommune?

Statsråd Liv Signe Navarsete [11:37:02]: Som eg sa i mitt førre svar, er det veldig vanskeleg for meg som statsråd å gå inn og gjere vurderingar av prioriteringane til enkeltkommunar og enkelte fylkeskommunar. Men ut frå dei signala som eg har motteke som tidlegare samferdsleminister, og som eg òg, ikkje minst, har høyrt i debattar i denne sal, frå Høgre og Framstegspartiet, kan ein verte litt forundra over situasjonen og prioriteringar som vert gjorde. Men utover det vil eg sjølvsagt ikkje gå inn og verken kritisere eller elles ha noka meining om dei prioriteringane som vert gjorde, for dei er det opp til det enkelte fylkestinget å gjere. Eg er særdeles oppteken av som kommunal- og regionalminister å respektere det lokale sjølvstyret òg i denne saka.

Presidenten: Vi går så over til spørsmål 9. Dette spørsmålet, fra representanten Arne Sortevik til samferdselsministeren, er overført til kommunal- og regionalministeren som rette vedkommende.