Stortinget - Møte onsdag den 12. mai 2010 kl. 10

Dato: 12.05.2010

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 4

Arne Sortevik (FrP) [11:38:50]: Da har jeg et spørsmål til samferdselsministeren:

«Regjeringen øker bruken av bompenger. Det blir flere prosjekter som finansieres med bompenger, og bompengenes andel av investeringsbeløpene øker. Bruken av bompenger er utvidet til både anlegg og drift innenfor kollektivtransport. Det ser også ut til å være en markert økning i bruk av bompenger til trafikksikring, til gang- og sykkelvei og til såkalte miljøtiltak. Dette siste ser ut til være et nytt bruksområde for bompenger.

Vil statsråden legge begrensninger på dette og styrke styring og kontroll med bompengebruk?»

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:39:33]: Nasjonal transportplan 2010–2019 inneber ei historisk satsing på samferdsel. Likevel er det lokale ynske og vilje til å ta i bruk bompengar for å framskunda realiseringa av eit vegprosjekt ytterlegare, eller for i det heile å få eit vegprosjekt realisert. Dette stiller eg meg positiv til, men det er ein klar føresetnad at det er lokalpolitisk tilslutning til dei bompengeprosjekta som blir fremja for Stortinget.

Framstegspartiet har ved fleire anledningar teke til orde for å innføra folkeavrøsting om bompengefinansiering. Etter mitt syn kan det vera vanskeleg å sikra at alle partar blir høyrde på ein forsvarleg måte gjennom ei folkeavrøsting, der spørsmålsstillingane nødvendigvis må bli vesentleg forenkla. Eg meiner difor at staten skal leggja vekt på formelle vedtak som blir fatta av dei kommunane og fylkeskommunane som saka gjeld.

Som omtalt i St.meld. nr. 16 for 2008–2009, er det ikkje lagt opp til å setja noko tak på det totale talet på bompengeprosjekt. Regjeringa meiner at det bør gjerast ei konkret vurdering for kvart enkelt prosjekt, bl.a. for å sikra at bompengebelastinga ikkje blir for stor i det enkelte området. I tillegg ser eg det som viktig at prosjekta blir vurderte i forhold til dei retningslinjene som er trekte opp for bompengefinansiering, f.eks. samanhengen mellom nytte og betaling og lengda på innkrevjingsperioden.

Gjennom Forvaltingsreforma er fylkeskommunen sitt ansvar for utviklinga av det offentlege vegnettet vesentleg auka, ved at store delar av det tidlegare øvrige riksvegnettet er omklassifisert til fylkesveg. Dette kan få innverknad på bruken av bompengar på dette vegnettet. Det er lagt opp til at òg bompengeprosjekt på fylkesvegnettet skal vurderast av regjeringa og Stortinget, på lik linje med prosjekt på det statlege vegnettet – dette for å sikra ei samla vurdering av aktivitetsnivå og bompengebelasting.

Det ligg innafor heimelsgrunnlaget i veglova § 27 å nytta bompengar til trafikktryggleikstiltak, gang- og sykkelvegar og miljøtiltak dersom det er lokalpolitisk tilslutning til dette. Dette har vore mest vanleg innafor bypakker og er ikkje noko nytt. For eksempel omfatta Trondheimspakka, som vart vedteken i 1990, midlar til såkalla KSM-tiltak, altså kollektivtrafikk-, miljø- og trafikktryggleikstiltak. At bypakkene i større grad omfattar slike tiltak, ser eg på som positivt. Byområda har store miljøutfordringar, og det er difor behov for tiltak, både for å redusera biltrafikken og for å leggja til rette for auka kollektiv- og sykkeltrafikk. Bruk av bompengar til slike tiltak kan bidra til utvikling av betre og meir miljøvenlege transportsystem i byområda. Fordelinga av dei midlane som bompengeselskapa stiller til disposisjon for Statens vegvesen dei enkelte år, blir avklart gjennom dei årlege budsjetta.

Arne Sortevik (FrP) [11:42:34]: På slutten nærmet statsråden seg et svar på det spørsmålet egentlig dreier seg om. Det dreier seg ikke om omfanget av bompengebruk og politisk utpressing som drives av regjeringen, og det dreier seg ikke om forslag fra Fremskrittspartiet om å bruke folkeavstemning, som er et godt tiltak, og la folk selv bestemme. Men det dreier seg nettopp om vegloven § 27, hvor Stortinget og departementet setter vilkår for bestemt bruk av avgiftsmidlene. Det er denne bruken av avgiftsmidlene, bruken av bompengene, jeg er på jakt etter med spørsmålet, for vi ser at det brukes bompenger til en rekke andre formål enn det jeg tror bilistene opplever som primærformålet. Vi opplever at de bl.a. brukes til rene byutviklingstiltak i bomringer, som statsråden var inne på. Dette fremstår jo mer som en generell ekstraskatt enn som en ekstra transportskatt.

Vil ikke statsråden legge noen begrensninger på denne utviklingen?

Presidenten: Presidenten reagerer på begrepet «politisk utpressing» og håper at det ikke forekommer senere.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:43:47]: Som eg sa i mitt fyrste svar: Bruk av bompengar til tiltak som bidreg til å redusera biltrafikken, og som samtidig legg til rette for auka kollektiv- og sykkeltrafikk, synest eg er positivt.

Føresetnaden i dei prosjekta som har vorte lagde fram for Stortinget, er at desse forslag òg skal vera lokalt initierte, baserte på lokale vedtak. Eg ser det som mi oppgåve å følgja dei opp, der vi bidreg til både eit betre miljø og betre framkome i byområda, samtidig som vi følgjer opp det som er den lokale viljen i desse spørsmåla.

Arne Sortevik (FrP) [11:45:03]: La meg bemerke at denne representanten har brukt uttrykket «politisk utpressing» mange ganger fra denne talerstolen, med andre presidenter, og da pleier det å gå ganske så bra.

Igjen – vilkår for bruk av avgiftsmidler og ferske eksempler: Vi kan ta to ferske eksempler, for vi har nå to saker til behandling. Den ene er utvidelse av Bergensprogrammet. Der brukes det nesten 2,5 mrd. kr til såkalte programtiltak. 36 pst. av hele pakken brukes altså til helt andre ting enn til å bygge vei. Vi har nettopp fått informasjon i samleproposisjonen om utvidelse av miljøpakken i Trondheim, der bompengene i 2010 skal utvides med 90 mill. kr mer til bompengetiltak, som skal brukes til miljøtiltak. To tredjeparter av bompengene som kommer inn i 2010, skal altså brukes til helt andre ting enn til vei.

Mener statsråden at dette er å sette vilkår for bruk av avgiftsmidlene?

Presidenten: Da har representanten Sortevik registrert at denne presidenten mener at «politisk utpressing» er et mindre bra parlamentarisk begrep.

Statsråd Magnhild Meltveit Kleppa [11:46:12]: Eg meiner dei to eksempla som representanten Sortevik her nemner, er veldig gode eksempel nettopp på at det er lokal vilje til tiltak som bidreg til større framkome, og samtidig til eit betre miljø, til å redusera biltrafikken og til betre framkome både for gåande og syklande, og òg for dei som måtte ha bruk for bil. Begge desse to eksempla er lokalt initierte og lokalt vedtekne, og eg ser det som mi klare oppgåve – ut frå den regjeringa eg representerer – å følgja opp denne typen forslag.

Mitt velmeinte råd til Framstegspartiet vil vera å ikkje vera så einsidig fokusert på kva som blir kravt inn, men faktisk òg fokusera på kva ein eigenleg får igjen av betre miljø og helse for små midlar.