Stortinget - Møte onsdag den 6. mars 2013 kl. 10

Dato: 06.03.2013

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 1

Bård Hoksrud (FrP) [11:07:05]: «Riksadvokaten har instruert landets politidistrikter om å slå hardt ned på kjøring med vannscooter. Dette skjer selv om ESA skriftlig i brev 3. oktober 2012 ga beskjed til Miljøverndepartementet om at straffeforfølgningen av norske vannscooterførere er uhørt og må stoppes. Den første som ble dømt for vannscooterkjøring i sommer, må gjennomføre ankesak i Agder lagmannsrett 5. mars, til tross for at ESA er krystallklare på at føreren ikke har gjort noe ulovlig.

Hvor lenge mener statsråden at norske myndigheter skal fortsette å håndheve et regelverk i strid med uttalelsen fra ESA?»

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:07:45]: Eg vil først vise til at enkeltsaker på straffesaksområdet ligg under påtalestyresmakta, som vert leia av Riksadvokaten. Påtalestyresmakta er i desse enkeltsakene ikkje undergitt instruksjon av politiske styresmakter, og det vert heller ikkje rapportert til desse om handsaminga av enkeltsaker eller om dei vurderingane som påtalestyresmakta legg til grunn for dei avgjerdene dei tek. Politiske styresmakter vil derfor verken ha formelt eller faktisk grunnlag for å gripe inn i enkeltsaker eller påverke handsaminga av desse, og eg vil leggje til – og godt er det.

Etter småbåtlova § 40 tredje ledd, jf. første ledd, er bruk av vasscooterar forbode. Stortinget vedtok forbodet i 2000, særleg for å unngå støy og forureining og dessutan skadar på dyre- og planteliv. Etter § 40 fjerde ledd kan kommunen ved forskrift gjere unntak frå forbodet så framt ikkje omsynet til miljø eller tryggleik tilseier noko anna. Det er gitt særskilt forskrift om kva for område som ikkje kan opnast for bruk av vasscooter.

Miljøverndepartementet har sendt på høyring forslag om endring i reglane for bruk av vasscooter. Forslaget inneber at det generelle forbodet vert oppheva, men at bruk av vasscooter ikkje vert tillate i eit belte nær land. I desse områda vert det berre tillate med køyring i låg fart for å transportere seg ut til opne område. Køyring vert heller ikkje tillate i eller nær verneområde.

Riksadvokaten har i brev 15. januar 2013 gjeve eit nytt direktiv for handheving av forbodet mot bruk av vasscooterar på bakgrunn av Miljøverndepartementet sitt høyringsforslag. I direktivet er det fastsett at forbodet mot bruk av vasscooter berre skal handhevast i nærmare bestemte område. Områda Riksadvokaten fastset handheving i, svarar i stor grad til dei områda som er foreslått regulerte i høyringsforslaget om endring av småbåtlova.

Bakgrunnen for den lovendringa som er foreslått, er særleg omsynet til å forenkle regelverket – dette fordi dagens ordning kan framstå som komplisert for brukarane, og dessutan vere administrativt krevjande for kommunane. I tillegg er forslaget motivert av eit ønske om å sikre at norsk regelverk er fullt ut i tråd med EØS-avtala.

Øyvind Korsberg hadde her overtatt presidentplassen.

Bård Hoksrud (FrP) [11:10:03]: Jeg vil takke statsråden for svaret.

Jeg skjønner at statsråden ikke kan gå inn og instruere Riksadvokaten, og det tror jeg også er bra. Men det er tross alt Miljøverndepartementet som holder i saken og er ansvarlig for lovverket og oppfølging av det, og man kan i hvert fall sende klare og tydelige signaler til Riksadvokaten, hvis man mener at det Riksadvokaten holder på med, er feil.

Jeg har lyst til å utfordre statsråden: Det er ESAs klare og tydelige svar i brevet av 3. oktober i fjor at det ikke er riktig av norske myndigheter å fortsette forfølgingen av dem som driver med vannscooter. Det er veldig gøyalt, for både Hallgeir H. Langeland, partikollega av statsråden, og Freddy de Ruiter, som er stortingsrepresentant fra et av regjeringspartiene, sier at dette nå må opphøre. Min utfordring til statsråden er: Vil statsråden ta initiativ overfor Riksadvokaten for å stoppe det inntil den diskusjonen er over?

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:11:03]: Eg la merke til at Hoksrud først sa at han er veldig glad for at ikkje miljøvernministeren eller andre i regjeringa kan instruere Riksadvokaten. Men så seier han likevel at han skulle ønskje at vi kunne sende eit klart og tydeleg signal viss det dei driv på med, er dumt. Eg trur dei fleste ville oppfatte det som ein instruksjon, viss ein statsråd frå Stortingets talarstol eller andre stader seier at det Riksadvokaten driv på med, er dumt. Så det kjem eg ikkje til å blande meg inn i, nettopp fordi eg er ein veldig sterk tilhengjar av det prinsippet som Hoksrud iallfall i prinsippet sa han var veldig glad for eksisterte.

Så kan eg svare litt på saka og det som gjeld ESA sitt brev og behandlinga, for det er mitt ansvar. Vi har gått veldig nøye gjennom det, og det er riktig at det er ein vesentleg grunn til endringa av regelverket som no er sendt på høyring, fordi vi såg at vi kan behalde mange av dei omsyna til folk og natur som vi er opptekne av, samtidig som vi gjer ei sterk forenkling. Og vi trur det vil imøtekome ESA sitt brev av 3. oktober i år.

Bård Hoksrud (FrP) [11:12:11]: Ja, jeg hører hva statsråden sier, og han kan gjerne harselere med at jeg utfordret statsråden på å gi klare signaler til Riksadvokaten. Jeg synes ikke det er bra at vi har en Riksadvokat som går på tvers av det ESA mener er lovlig, og dette er en lovlig vare. På samme måte som en vanlig båt, er vannscooter å definere på samme måten. Da bør man gi klar beskjed til Riksadvokaten om at nå er man i et minefelt, og at man faktisk er inne på noe som ikke er lovlig. ESA har gitt klar beskjed om at dette er ulovlig. Jeg synes det er rart at statsråden ikke kan sørge for å følge opp dette. Jeg forventer at han kommer til å følge det opp fordi hans egen partikollega Hallgeir H. Langeland og Freddy de Ruiter fra Arbeiderpartiet, begge stortingsrepresentanter, har bedt statsråden om å stoppe det som nå er i ferd med å skje. Det blir spennende å se på utfallet fra lagrettsdommen som sannsynligvis vil komme om kort tid, og se hva den faktisk fører til.

Statsråd Bård Vegar Solhjell [11:13:10]: Eg harselerte ikkje, eg meinte iallfall ikkje å harselere. Eg gjekk eigentleg berre veldig kort gjennom prinsippa som ligg til grunn for den liberale rettsstaten.

Når det er sagt, kan eg seie at det er viktig at vi no får eit regelverk som er avklart. Det er derfor eg ganske raskt etter ESA sitt brev gjorde dei endringane. Det er ingen tvil om at det er betydelege endringar frå dagens situasjon, dersom det vert vedteke og når det vil tre i kraft, som vil gje ei betydeleg opning for bruk av vasscooter i Noreg på store område som vil vere lett tilgjengelege. Det trur eg mange av dei som køyrer vasscooter, vil vere glade for. Samtidig er eg veldig oppteken av at vi skal skjerme område nær land, der badande, hyttefolk og andre gjerne vil ha dei unna, og vi skal skjerme viktige naturverdiar. Der synest eg vi har fått ein god balanse, og eg ser fram til at det kan tre i kraft og fungere. Eg har eit godt håp om at det skal vere innafor ramma av det som ESA kan godkjenne.