Stortinget - Møte onsdag den 22. mai 2013 kl. 10

Dato: 22.05.2013

Tilbake til spørjetimen

Spørsmål 3

Fra representanten Bjørn Lødemel til kunnskapsministeren:

«Kunnskapsdepartementet sette våren 2012 ned ei ressursgruppe som skulle sjå på dei særskilde utfordringane for elevane som hadde nynorsk som hovudmål. Gruppa skulle sjå på årsakene til språkskiftet frå nynorsk til bokmål i skulen, og kome med framlegg til tiltak for å motverke språkskifte. Det siste møtet i gruppa var i november.

Når kjem rapporten, kva kunnskap har departementet om årsakene til språkskiftet frå nynorsk til bokmål, og kva konkrete tiltak vil statsråden sette i verk for å motverke dette?»

Presidenten: Dette spørsmålet utsettes til neste spørretime, da statsråden er fraværende på grunn av deltakelse i begravelse.