Stortinget - Møte tirsdag den 4. februar 2014 kl. 10

Dato: 04.02.2014

Sak nr. 1 [10:02:18]

Interpellasjon fra representanten Bård Vegar Solhjell til utenriksministeren:
«Situasjonen for demokrati og menneskerettar i Russland gjer stor grunn til uro. Gjennom fleire år har rettsvesenet, mediene og sivilsamfunnet blitt svekka. Det foregår omfattande brot på menneskerettane, og det er døme på overgrep og arrestasjonar mot journalistar, organisasjonar og enkeltpersonar som er kritiske til sentralmakta. Dei nye lovene som forbyr positiv omtale av «ikkje-tradisjonelle» seksuelle relasjonar inneber ei alvorleg diskriminering av homofile, og eit klart brot på Russland sine internasjonale forpliktingar. Ifølgje regjeringserklæringa skal regjeringa «rette mer oppmerksomhet mot sivile og politiske rettigheter, også i nærliggende land».
Korleis vil utanriksministeren gjere det overfor Russland, og vil regjeringa sikre at denne kritikken kjem tydeleg fram under og omkring OL i Sotsji?»