Stortinget - Møte torsdag den 21. mai 2015 kl. 10

Dato: 21.05.2015

Sak nr. 6 [13:34:07]

Interpellasjon fra representanten Sveinung Rotevatn til arbeids- og sosialministeren:
«I avtalen mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre 12. mars i samband med endringane i arbeidsmiljølova og sosialtenestelova vart fleirtalet samde om at det er behov for tiltak som styrkjer varslarvernet, og viser til ei rekkje konkrete tiltak. I arbeidslivet er vi stadig vitne til saker der varslarane ikkje vert høyrde ved intern varsling eller vert utsette for gjengjelding for varslinga si. Det er samfunnet som vert skadelidande når ein vel å teie. Det er med andre ord eit demokratisk problem.
Korleis jobbar regjeringa med å implementere dei ulike delane av fleirtalsvedtaket om tiltak for å styrkje varslarane sin situasjon, og kva ytterlegare tiltak ser statsråden føre seg å gjennomføre for å styrkje varslarvernet?»

Talarar

Sveinung Rotevatn (V) [13:35:04]: Å varsle om kritikkverdige, utilbørlege eller jamvel ulovlege forhold på ein arbeidsplass kan vere ei svært tung bør. Dei fleste av oss har lojalitet til sjefen, til kollegaene og til arbeidsplassen – heldigvis, må vi vel kunne seie. Men ein slik lojalitet kan også gjere det vanskeleg å seie frå når det er nødvendig. At nokon seier frå, at nokon varslar, veit vi har ein enorm samfunnsmessig verdi.

Internasjonale undersøkingar viser at om lag halvparten av ulovlege forhold blir avdekte av nettopp varslarane. Særleg vanskeleg blir det sjølvsagt å seie frå dersom ein har grunn til å frykte represaliar. Vi veit at så mykje som kvar fjerde norske arbeidstakar meiner at dei blir møtte med uvilje frå sjefen dersom dei kjem med kritiske synspunkt om arbeidstilhøva der dei jobbar.

Ein skal vere forsiktig med nullvisjonar, men i dette tilfellet trur eg vi må kunne seie at det alltid er eit mål å skape eit samfunn av myndige borgarar, der ingen er redde for å stå opp mot autoritetar – heller ikkje eigen sjef. Det varierer ein del kor sterk arbeidstakarane opplever sin eigen ytringsfridom. Eksempelvis veit vi at kvinnelege tilsette opplever å ha mindre rom for å ytre seg enn det menn gjer. Vi veit også at jo fleire ein jobbar saman med, jo svakare vurderer ein eigen ytringsfridom som arbeidstakar.

Særleg alvorleg meiner eg vi bør sjå på eit siste poeng, nemleg at tilsette i offentleg sektor opplever ein meir avgrensa ytringsfridom enn tilsette i privat sektor. Eg meiner dette er særleg alvorleg fordi det 1) er offentleg sektor, at vi som folkevalde har det største direkte ansvaret, og 2) fordi stillingsvernet ofte er sterkare i offentleg sektor. Likevel opplever altså dei tilsette at rommet for å ytre seg er svakare nettopp her. Også i Sivilombodets årsmelding for 2013 blir det uttrykt uro for utviklinga i offentleg sektor.

I ein artikkel på forskning.no den 3. september i fjor uttaler Birte Eriksen, som skriv doktorgrad om varsling ved Universitetet i Bergen:

«Vi ser blant annet stadig eksempler fra kommunesektoren på at sterke politiske interesser kan oppleve seg truet dersom ansatte får uttale seg fritt. Det inngås derfor ofte skriftlige avtaler på arbeidsplassen som begrenser de ansattes ytringsfrihet. Et typisk eksempel er at det etableres instruks eller avtale om at det kun er avdelingsleder som får uttale seg til media.»

Denne typen avtalar er ganske vanleg. Ifølgje Fafo seier 34 pst. at dei har ein skriftleg arbeidsavtale med arbeidsgjevaren, som avgrensar moglegheita til å uttale seg om arbeidsplassen offentleg – dette trass i at slike avtalar fort kan tenkjast å kome i konflikt med vern om ytringsfridom i Grunnloven § 100 og dermed vere ulovleg.

Sjølv om kåra for varslarar i Noreg nok er betre enn kva som er tilfellet i mange andre land, har vi framleis ein veg å gå. Venstre har lenge vore opptekne av ytringsfridom generelt og vilkåra for varslarar spesielt. Vi er difor glade for anledninga til å diskutere denne problemstillinga med arbeidsministeren og med Stortinget i dag.

Vi er også glade for at det ikkje-sosialistiske stortingsfleirtalet i samband med handsaminga av den nye arbeidsmiljølova vart einige om å styrkje vilkåra for varslarar. Konkret bad Stortinget regjeringa om å sikre at relevante tilsyn samarbeider for å betre informasjonen om regelverket rundt varsling, under dette å vurdere ein felles rettleiar med informasjon om rettar og om plikter. Vi bad også om at ein i samarbeid med partane i arbeidslivet vurderer ein informasjonskampanje om varsling, samt at varslingsrutinar blir eit obligatorisk krav der lova bør presisere minstekrav til innhaldet i slike rutinar.

Sjølv om vi har respekt for at det er mange saker på statsrådens bord, er vi likevel utolmodige. Eg vil be statsråden om han i sitt innlegg kan greie ut om status for denne bestillinga frå Stortinget, og om korleis regjeringa vil jobbe for å styrkje varslarvernet framover.

Vidare er det viktig å understreke at sjølv om lovverket er viktig, er kultur også avgjerande. I fjor kom evalueringa av varslingsreglane i arbeidsmiljølova. I rapporten frå Fafo og Arntzen de Besche var hovudkonklusjonen at bevisstgjering, haldningsendringar og oppfølging i verksemdene synest å vere det aller viktigaste for å kome vidare i arbeidet for eit godt og trygt ytringsklima i arbeidslivet. Sjølv om det finst reglar, er det heller ikkje gjeve at dei alltid blir følgde.

I går behandla Oslo bystyre ei varslingssak der ting gjekk heilt feil. Det var ikkje rutinane det var noko gale med, heller ikkje regelverket. Det var oppfølginga og den praktiske handteringa. Saka gjaldt ei varslarsak om mistankar om medikamenttjuveri, der sjukeheimsetaten i Oslo sette den varslarsaka handla om, til å behandle saka – eit klart brot på retningslinjene i Oslo kommune, sjølvsagt, men også eit bevis på at det ikkje held å ha gode retningslinjer. Ein må også heile tida sørgje for at alle leiarar og mellomleiarar blir bevisstgjorde og faktisk opplærde i korleis varslarsaker kan handterast – både sjølve varslinga og oppfølginga av ho.

Det er viktig at vi som fellesskap oppmodar til varsling og stiller oss bak dei som vågar å ta den tøffe avgjerda det faktisk er å seie frå. Difor var det ekstra gledeleg at Fritt Ords Pris 2015 vart delt ut til nettopp to varslarar – Robin Schaefer og Jan Erik Skog – for deira innsats for å avdekkje kritikkverdige forhold i norsk arbeidsliv. Schaefer er kanskje den som er mest kjend for det offentlege, som han som varsla om den svært alvorlege Monika-saka i Hordaland politidistrikt. Skog varsla om ei rekkje kritikkverdige forhold ved konserna som driv kollektivtrafikken i Oslo kommune. Juryen framheva under utdelinga at dei to varslarane rett nok har hatt nokre støttespelarar under sitt arbeid, men at dei framfor alt har møtt kraftig motstand over lengre tid på arbeidsplassane sine. Slik sett er det særleg tankevekkjande at vi nyleg kunne lese i bladet Politiforum at Politidirektoratet framleis ikkje har gratulert Robin Schaefer med prisen.

Vi har alle eit ansvar for å styrkje varslarvernet. Forhåpentlegvis var dei grepa vi tok i samband med vedtakinga av ny arbeidsmiljølov, eit steg på rett veg. Men vi må alltid vere opne for at andre kanskje har funne endå betre løysingar enn oss. Det er ulik praksis frå land til land og frå by til by. Eksempelvis har ein i København kommune ei eiga «whistleblower»-ordning, som er uavhengig av kommuneforvaltinga og politiske myndigheiter, der tilsette kan melde frå om varslarsaker. I Nederland har ein «The Advice Centre» for varslarar, som er ei uavhengig eining som gjev råd og rettleiing til varslarar som tek kontakt med dei. Senteret har òg ein eigen tilsynskomité med representantar frå både næringsliv, arbeidstakarorganisasjonar og styresmakter.

Venstre trur at det å ha eigne, uavhengige einingar som kan fungere som kompetansesenter og vaktbikkje for varslarar, kan vere ein veg å gå. Vi er i alle fall villige til å diskutere mange ulike løysingar som kan sikre at varslarvernet i Noreg blir endå sterkare enn det det er i dag, og vi ser fram til å høyre statsråden sitt innlegg og forhåpentlegvis ein god diskusjon om dette temaet i dag.

Statsråd Robert Eriksson [13:43:28]: La meg først få lov til å gi honnør til representanten Rotevatn, som tar opp en viktig sak til debatt i Stortinget – en sak som bør få en god diskusjon, og som jeg tror vi alle sammen er opptatt av.

Et godt varslervern må etter mitt skjønn ivareta to hensyn. For det første: De som sier fra om kritikkverdige forhold på arbeidsplassen, må føle seg trygg på at man kan gjøre det uten at det fører til negative konsekvenser for dem som varsler. For det andre: Det er også viktig at man gjennom god varsling får avdekt ukultur og kriminalitet på en arbeidsplass.

Vi vet, som også representanten Rotevatn var inne på, at det ikke er risikofritt å varsle. Derfor er det viktig for meg at vi har regler som gir tydelige signaler om at vi ønsker at kritikkverdige forhold skal varsles. Varslerbestemmelsen i arbeidsmiljøloven trådte i kraft i 2006, og det ble foretatt en bred evaluering i 2014. I denne evalueringen så man på to ting. For det første så man på den rettslige situasjonen for varslerne i Norge, og for det andre så man på den faktiske situasjonen for varslerne i Norge. Hva ble så undersøkt? Jo, det ble undersøkt hvordan varsling foregår og virker i virksomhetene, og hvordan relevante tilsynsmyndigheter håndterte varslersakene. Representanten pekte bl.a. på et dårlig eksempel når det gjelder hvordan man håndterer en varslersak, fra Oslo kommune, om tyveri av medikamenter. Det er viktig at man gjennom en sånn type evaluering får gått grundig til verks og avdekt de faktiske forholdene.

Konklusjonen viser bl.a. at lovverket i all hovedsak fungerer etter hensikten. Norske arbeidstakere varsler i større grad enn i andre land, og de som varsler, blir i mindre grad utsatt for sanksjoner. Det synes jeg er bra. Det er positivt. Men vi skal også minne oss selv på at alt ikke er rosenrødt. Halvparten av arbeidstakerne i Norge sier at de kvier seg for å varsle – halvparten av arbeidstakerne i Norge sier altså i en undersøkelse at de kvier seg for å varsle. Det betyr etter mitt skjønn at det er behov for ytterligere utredninger, behov for å gå ytterligere gjennom varslingsbestemmelsene og se på hvordan man kan forbedre og styrke dem.

Jeg er glad for at komiteen gjennom det arbeidet som den gjorde da den behandlet endringen i arbeidsmiljøloven, og i innstillingen som ble gitt for snart to måneder siden, også gir et oppdrag til regjeringen om å gå gjennom flere momenter for å bedre rettssikkerheten for varslerne, få bedre opplysning og kampanjer knyttet til hvordan det kan bli enklere å varsle.

Jeg har også lyst til å peke på noen momenter som også representanten Rotevatn var inne på. I dag er det sånn at det er Arbeidstilsynet som har veiledningsansvaret og oppfølgingsansvaret når det gjelder arbeidsmiljøloven. Men også andre etater, andre offentlige myndigheter, må være på banen. Jeg tar noen eksempler: La oss si at det er varsling om alvorlig miljøkriminalitet, alvorlige hendelser knyttet til dyrevelferd eller korrupsjon. Da er det viktig at man får til mer samhandling mellom de kontrollmyndighetene, sammen med Arbeidstilsynet, og at man har et godt og felles grunnlag og en verktøykasse for å gå inn i de problemstillingene. Den tverretatlige eller tverrsektorielle måten å jobbe på tror jeg det er viktig at man i større grad klarer å styrke – altså en bedre samordning.

Vi vet at innenfor arbeidsmiljølovens bestemmelser er det i dag bl.a. en bestemmelse om at man kan beskytte identiteten til vedkommende som varsler – i § 18-2. Jeg synes det er bra. Det er bra at den som varsler, kan føle seg trygg på at når en går og melder fra til Arbeidstilsynet, er en ivaretatt på en god og trygg måte. Som jeg innledet med å si: En som varsler, skal føle seg trygg på at en ikke får represalier fordi en har varslet om kritikkverdige forhold.

I det arbeidet som departementet nå er i gang med, mener jeg det kanskje er lurt å vurdere å utrede om den bestemmelsen også skal overføres til annen relevant lovgivning – med tanke på nettopp alvorlige, kritikkverdige forhold innen dyrevern, korrupsjon eller miljøkriminalitet, for da kommer det også andre instanser inn. Hvordan skal man føle seg like trygg, like beskyttet når man tar det opp med de etatene som man bør ta det opp med? Det er noe som vi i departementet ser på, og noe som vi vil se nærmere på.

Så er vi i gang med de forslagene som ble vedtatt i Stortinget, vi er i gang med et utredningsarbeid. Jeg kan ikke her og nå love i hvilken måned vi blir ferdig og kan legge frem en sak for Stortinget om det, men det prioriteres fra min side. Jeg ønsker å gjøre det grundig, men jeg ønsker også å ta med – for å få varslet om det – en dimensjon til inn: Bør vi utvide varslervernet til også å omfatte andre ansatte enn bare de fast ansatte i en virksomhet? Bør man ha den samme tryggheten f.eks. for innleid arbeidskraft, at de har det samme vernet når de varsler om kritikkverdige, alvorlige situasjoner?

Det er noe jeg også ser på i det utredningsarbeidet og oppfølgingsarbeidet som Stortinget har bedt regjeringen om å gjøre, og jeg synes det er viktig også å se det i en sånn sammenheng, når vi først skal legge frem en sak om varsling. Da er hvor raskt vi kommer tilbake, også litt avhengig av hvor mye vi ser på. Men for meg er det viktig at vi holder trykket oppe, at vi holder fremdrift på det, og at vi får levert en god sak til Stortinget, sånn at man nettopp får fulgt opp det som er intensjonen til både regjeringen og interpellanten: at man får et bedre og styrket varslingsvern for dem som peker på alvorlige og kritikkverdige forhold i arbeidslivet.

I en tid der vi også ser at det griper om seg med alvorlig arbeidslivskriminalitet, vil det være enda viktigere, tror jeg, at man har den tryggheten for at man kan varsle når kritikkverdige forhold er der, og at man har det offentlige, og støtteapparater som Arbeidstilsynet og andre etater, i ryggen – at ens sikkerhet blir ivaretatt. Det å finne de gode løsningene på det er noe regjeringen nå også sitter og ser på i det samme arbeidet.

Jeg vil nok en gang gi honnør til interpellanten for å reise en viktig debatt – en arbeidslivsdebatt, etter mitt skjønn – som handler om tryggheten til norske arbeidstakere. Når vi vet at halvparten av alle arbeidstakerne er skeptisk til å gå til det skritt å varsle og kvier seg for å gjøre det, synes jeg det er noe vi som politikere skal ta på alvor. Da bør vi også se på hvordan vi kan bedre deres trygghet og ikke bare lene oss tilbake og være fornøyd med at loven etter all hensikt fungerer godt. Vi må også skape den nødvendige trygghet for å få dette til å fungere på en optimal måte.

Sveinung Rotevatn (V) [13:53:15]: Eg synest det var mykje lovande i det statsråden sa, både at ein heilt openbert er i gang med å følgje opp det Stortinget har vedteke, og at ein – eg tolkar det i den retninga – jobbar endå breiare enn det og på mange måtar varslar ei større sak til Stortinget. Det trur eg er veldig klokt, ikkje minst det å sjå på problemstillingane rundt innleigd arbeidskraft, som statsråden nemnde.

Det er klart at det er ein del trekk ved arbeidslivet vårt som tilseier at vi kanskje må ta varslarutfordringa endå meir på alvor enn det ein har gjort tidlegare. Det gjeld bl.a. den utviklinga ein ser når det gjeld arbeidslivskriminalitet. Eg trur det er viktig at ein ikkje svartmålar situasjonen i arbeidsmarknaden, for dei aller fleste er heiderlege og ønskjer å følgje reglane, men det er klart at vi ser ein del graverande eksempel, særleg i enkelte bransjar, og det involverer ofte innleigd arbeidskraft. Då er det endå viktigare å sørgje for eit godt ytringsvern, gode høve til å seie ifrå om kritikkverdige og faktisk farlege forhold. Så det synest eg er lovande.

Så skal vi ta med oss at 64 pst. av dei arbeidstakarane som har vore vitne til ulovlegheiter og kritikkverdige forhold, utilbørleg oppførsel på arbeidsplassen, faktisk seier ifrå. Det er eit gode. Og halvparten av dei som seier ifrå, meiner at det hjelpte. Så det er også ting å glede seg over.

Noko som mange melder frå om til meg, ikkje minst tidlegare varslarar som eg har hatt møte med, er at ei av hovudutfordringane er at arbeidstakarane ofte ikkje veit kvar dei skal vende seg. Éin ting er at dei ikkje kjenner reglane og det vernet dei faktisk har, men dei veit heller ikkje kven dei skal spørje om kvar ein finn ut av det. For det er klart at når ein står midt i ein situasjon, er det vanskeleg å vite kva ein kan vente seg av vern dersom ein seier ifrå, og om det ein har mellom hendene, i realiteten er ei varslarsak eller ikkje. Så det mange etterlyser, er ein plass å vende seg. No kan ein sjølvsagt vende seg til Arbeidstilsynet, ein kan vende seg til ein arbeidstakarorganisasjon, eller ein kan vende seg til Petroleumstilsynet, men kanskje er nettopp det ei av utfordringane.

Statsråden peika jo sjølv på at det finst gode reglar i arbeidsmiljølova. Kanskje skal ein sjå på om nokon av dei også kan overførast til andre lovverk, til andre delar av samfunnet. Då spør eg om statsråden vil reflektere litt over denne fragmenteringa av både ansvar og regulering og i kva grad det er eit problem.

Det siste eg vil spørje han om, er den utviklinga eg peika på i hovudinnlegget mitt, som særleg gjeld offentleg sektor. Det synest å vere ein trend, som fleire har påpeika, at ein stadig oftare inngår kontraktar der ein avgrensar ytringsfridomen til arbeidstakarane når det gjeld å uttale seg om sin eigen arbeidsplass. Kvifor er det slik i offentleg sektor, og kva kan vi gjere med det?

Statsråd Robert Eriksson [13:56:31]: Jeg er glad for – bare for å underbygge det som interpellanten sier – at halvparten av ansatte som har varslet, sier at det hjelper. Jeg tror også det i stor grad hjelper hvis man – og det handler dette mye om – har god bedriftskultur, har god kultur for varsling på den enkelte arbeidsplass. Der man har god kultur, gode holdninger og gode rutiner for dette, fungerer det veldig bra.

Her har vi fortsatt en vei å gå og et arbeid å gjøre for å skape bedre holdninger og gi bedre veiledning om og bedre hjelp til hvordan disse gode rutinene kan etableres. Det er også et av de forslagene som vi nå følger opp, og som bl.a. ble vedtatt av Stortinget og oversendt regjeringen.

Så stiller interpellanten etter mitt skjønn et stort spørsmål: Er måten vi har organisert dette på, for fragmentert? Jeg skal prøve å reflektere litt rundt dette, ettersom jeg har blitt utfordret til det:

Til dette at vi har ulike etater med god kompetanse og gode verktøy, og at det er fragmentert: Hvis disse verktøyene ikke kan brukes sammen, kan det skape problemer. Dette er i alle fall en stor utfordring. Det at man klarer å samarbeide mer, samordne seg og bruke verktøyene i et felles oppdrag, er veldig bra. Da er det ikke noe problem at man har ulike kompetansemiljøer.

La meg ta et eksempel der vi også tenker på bekjempelse av arbeidslivskriminalitet. Det at man nå har koordinerte tilsyn der skatteetaten, Arbeidstilsynet og politiet bruker sine verktøy sammen, gjør at vi får mer ut av det, og at det blir bedre. Det er bra med god kompetanse på flere steder når man samhandler om dette. Utfordringen tidligere var jo at man ikke var god nok til å samhandle.

Jeg tror vi må bli like gode til å samhandle når det gjelder varsling, som – som jeg peker på – når det handler om f.eks. dyrevelferd, alvorlig miljøkriminalitet eller korrupsjon. Bruk denne kompetansen og la etatene samhandle i mye større grad!

Når det gjelder offentlig sektor, er jeg enig i den bekymringen som interpellanten har. Jeg synes det er urovekkende hvis det er slik at enkelte ansatte føler seg bundet på hender og føtter og ikke kan si fra om kritikkverdige forhold fordi de opplever at deres arbeidskontrakt avgrenser deres mulighet til å si fra.

Så har vi også en jobb å gjøre når det gjelder å gi god veiledning inn mot offentlig sektor, for å bygge bedre rutiner, bedre holdninger og å ha et bedre grunnlag for å drive et bedre varslingsarbeid.

Karin Andersen (SV) [13:59:52]: Jeg vil takke interpellanten for at han tar opp et veldig viktig spørsmål.

Varsling er ønsket. Det er lovlig, og det er helt nødvendig hvis ikke virksomheter og deler av samfunnet skal forfalle og råtne på rot, for å si det rett ut. Dette handler om kriminalitet, brudd på lover og pålegg, brudd på etiske regler og alminnelige etiske standarder, trakassering og andre typer ulovligheter, og det forekommer nok dessverre oftere enn det vi liker å tenke på. Og endringer i arbeidslivet som gjør at flere og flere får en løsere tilknytning til sin arbeidsgiver, vil gjøre at mange flere vil komme i en enda mer marginal posisjon til å kunne si fra, eller tørre å si fra. Så det er viktig.

Når det er sagt, vil jeg minne om at det er nok av slike saker også i offentlig sektor og i kommunene. Det er oppsiktsvekkende hvor lav bevissthet det er om at dette har virksomhetene pålegg om å legge til rette for, altså å ha rutiner som gjør at varsling skal kunne skje. Det gjelder helt opp til brudd på grunnlovfestet ytringsfrihet. Den blir det også av og til øvd vold mot gjennom kommunale interne regelverk som hindrer ansatte i å diskutere innholdet i jobben sin offentlig. Og det er rett og slett ikke lov. Det har man lov til, og det skal vi ønske, fordi det er folk som har mye å bidra med, som da blir pålagt munnkurv.

Da denne lovteksten ble vedtatt, var det ganske store diskusjoner om innholdet i teksten. Alle ulike syn hadde selvfølgelig holdt på sin versjon, og jeg er fremdeles overbevist om at de kriteriene som ble stilt opp i den loven som ble vedtatt, er bedre enn dem som opposisjonen hadde den gangen. De var veldig fulle av en hel mengde vurderingstemaer som jeg mener det for en varsler er helt umulig å forholde seg til, f.eks. at man ikke skulle ha skadehensikt, eller at det skulle være konkurransemessige forhold som man måtte ta hensyn til, eller at man skulle ta hensyn til en eller annen alminnelig etisk standard som ikke var definert. Fra SVs side tok vi, da dette ble behandlet, veldig sterkt til orde for at dette må evalueres. Det er ingen prestisje på lovteksten, men hvis man skal ha en ny lovtekst, må den være enda klarere og enda enklere og ikke ilegges noen nye vurderingstemaer som en arbeidstaker vanskelig kan finne ut av. Og da er vi ved det siste, nemlig dette med et sted å henvende seg til. Det er jo slik at Kredittilsynet har mest greie på kriminalitet og uetiske ting som foregår i bank og finans, Arbeidstilsynet har mest greie på arbeidslivet osv., og det er ulike typer tilsyn man kan melde til. Men ofte trenger man noen å snakke med før det, som kan veilede deg til den instansen du skal til, som faktisk kan hjelpe deg med det faglige innholdet i det du ønsker å varsle om, og betrygge deg med at du er på rett spor. Og fordi dette ofte er mennesker som har vært i en veldig presset situasjon lenge, trenger de noen å støtte seg på. Derfor mener vi også at det er veldig stor grunn til å se på om det skal legges et sånt spesifikt ansvar ett sted. Om det skal være i Arbeidstilsynet, eller om man skal lage en egen enhet osv., har vi ikke noe fastlåst mening om, men vi er helt overbevist om at det trengs en slik enhet som et menneske kan henvende seg til for å få ulike typer råd om hvordan man skal gå fram.

Så mener vi også at det er behov for å se på dette med at det inngås hemmelige avtaler med sluttvederlag også i varslersaker – om det faktisk skal være lov framover. Dette er jo en måte å gi folk munnkurv på, på ting som det kan være av utrolig stor allmenn interesse at kommer fram.

Jeg har også, bare til slutt, behov for å si at hvis man varsler i god tro, har det ingenting å si om det man varsler om, i ettertid viser seg å være sant eller ikke. Det har ingenting med den vurderingen å gjøre. Det kan godt være feil, men retten til varsling er allikevel til stede.

Sveinung Rotevatn (V) [14:05:22]: Når vi i Noreg er eit samfunn der folk trass i alt er mindre redde for å seie frå enn i mange andre land, trur eg nok at det skuldast meir enn berre regelverk. Det skuldast ein kultur som er antiautoritær, og vi er eit egalitært samfunn av bønder med bøker i bokhylla, og det trur eg nok er det viktigaste å ta vare på.

Når det er sagt, er det alltid grunn til å sjå på regelverket. Eg trur – og Venstre trur – at det er behov for ei meir dedikert, gjerne uavhengig, eining, ein plass der ein kan søkje kompetanse og rettleiing; det er ein veg å gå. Det bør vi sjå vidare på.

Eg er også glad for at statsråden er med og tenkjer litt høgt rundt dette med fragmenteringa av ansvar, fragmenteringa av verkemiddel, sektorar og regelverk. Eg håpar at i det arbeidet regjeringa gyv laus på, er det ein av tinga ein vier merksemd.

Når det gjeld offentleg sektor, trur nok iallfall eg at det er mange, både etatsleiarar og også folkevalde politikarar der ute, som nok er litt redde for å miste kontrollen, ikkje minst i det mediesamfunnet vi lever i i dag, og av den grunnen kanskje overdriv bruken av eksempelvis ulike kontraktklausular, som eg har nemnd tidlegare.

Eg synest også, til innspelet frå representanten Karin Andersen: Ho heldt eit veldig godt innlegg, ikkje minst om dette som handlar om rett og slett å betale folk for å teie og gje eit sluttvederlag. Det er på mange måtar forståeleg at det blir gjort, men det er ein uting, og det fører til at samfunnet ikkje får ta del i den lærdommen som ein burde, når det blir varsla om alvorlege forhold.

Til sist vil eg seie at det i og for seg er synd at ikkje fleire deltek i ein så viktig debatt, men takk til dei som gjorde det. Så får vi ha respekt for at det nærmar seg helg, også for Stortinget.

Til det eg nemnde tidlegare i opningsinnlegget mitt, om varslarane som fekk Fritt Ords Pris: Eg registrerer at i eit intervju i går – i Aftenposten, var det vel – vart justisministeren spurt om han hadde gratulert Robin Schaefer med prisen enno, og det hadde han ikkje gjort. Så eg trur eg vil avslutte med å utfordre arbeidsministeren: Har han lyst til å gratulere mottakarane av Fritt Ords Pris for jobben deira som varslarar, når han skal ha eit innlegg etterpå?

Statsråd Robert Eriksson [14:08:18]: La meg først få lov til å få peke på det som også representanten Karin Andersen var inne på, det med å være trygg på hvor du kan henvende deg. Det tror jeg er viktig. Om man skal ha en egen varslingsenhet eller om man skal gjøre det på en annen måte, det har heller ikke jeg og regjeringen tatt stilling til. Kanskje den beste måten kan være at man bygger opp veiledningskompetansen på dette i Arbeidstilsynet, som allerede har veilednings- og informasjonsbiten på dette området. Men så må man prøve å passe på at man ikke lager strukturer som gjør det vanskeligere å utnytte kompetansen i de andre etatene, for her trenger vi et samarbeid på tvers for å lykkes i alvorlige saker – nettopp ved at det er flere instanser som er inne. Men det er ting vi ser på, og som vi gjerne vil ha en debatt med Stortinget om videre fremover: Hva er den mest effektive måten og den beste måten å organisere det på? Jeg føler at det som har kommet frem i debatten, ikke er fastlåste posisjoner, men at vi alle sammen har et ønske om å trygge hverdagen for dem som ønsker å varsle om kritikkverdige forhold – og at det skal bli tryggere og bedre.

Så har jeg også lyst til bare å understreke det som representanten Rotevatn sa. Jeg synes det har vært interessant å ha fått lov å delta i debatten. Det kunne vært enda mer interessant hvis man hadde fått en større og bredere debatt enn det som vi har fått i dag. Men jeg registrerer at vi i hvert fall har fått gode innspill fra dem som har deltatt i debatten.

Så kan jeg avslutte med å si at jeg har ikke noe problem med å gratulere dem som har vunnet Fritt Ords Pris – og herved er det gjort. Jeg tror det får være det siste ordet.

Presidenten: Da er debatten i sak nr. 6 avsluttet.