Stortinget - Møte onsdag den 10. juni 2015 kl. 10

Dato: 10.06.2015

Dokument: (Innst. 325 S (2014–2015), jf. Dokument 4:1 (2014–2015))

Sak nr. 13 [19:04:26]

Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Sivilombudsmannens forebyggingsenhet mot tortur og umenneskelig behandling ved frihetsberøvelse – Årsmelding 2014

Talarar

Votering i sak nr. 13

Bård Vegar Solhjell (SV) [19:04:53]: (ordførar for saka):

Sivilombodsmannens førebyggingseining mot tortur og umenneskeleg behandling ved fridomstap vart oppretta våren 2014, og eit sentralt føremål med opprettinga av eininga er å oppfylle forpliktingane som Noreg har teke på seg som følgje av tilslutninga til Torturkonvensjonens tilleggsprotokoll, ofte forkorta til OPCAT, etter den originale, engelskspråklege tittelen. Førebyggingseininga har rett til å besøkje alle stader der personar er, eller kan vere, fråtekne fridommen sin. Føremålet med besøka er å førebyggje tortur og anna grufull, umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff. Besøka kan skje varsla eller uvarsla.

Komiteen har bite seg merke i at eininga har brukt fasen frå opprettinga til å kome i gang. Mykje av arbeidet som har skjedd i 2014, har dreidd seg om planlegging, om utarbeiding av arbeidsmetodar og rutinar og om å lage dokument som besøksmanualar og prioriteringskriterium for kvar det skal gjerast undersøkingar.

I tillegg har det vorte laga meir konkrete besøksplanar, og det har vorte oppretta dialog og kontakt med ei rekkje aktørar – frå offentlege myndigheiter, utdanningsinstitusjonar, fagforeiningar og akademia til det sivile samfunnet. Eininga har i løpet av 2014 gjennomført totalt fem besøk. Av dei var to av besøka i fengsel og tre i politiarrestar. Dei besøkte institusjonane har motteke ein rapport med anbefalingar etter besøket, og vi føreset at dei anbefalingane vert følgde opp.

Vi reknar med at førebyggingseininga vil gjennomføre klart fleire besøk i 2015 enn i 2014, ettersom det første året meir eller mindre utan unntak gjekk med til oppstart og innkøyring.

Komiteen har merka seg at førebyggingseininga konstaterer at høgt belegg og bygnings- og bemanningsmessige utfordringar fører til auka isolasjon og innstramming når det gjeld høvet til fellesskap for innsette i fengsla. Ein samla komité er bekymra over det.

Vi er òg bekymra over at førebyggingseininga har inntrykk av at kvinnelege innsette får eit lite tilfredsstillande soningstilbod samanlikna med menn. Det er ikkje bra. Eg vil seie at det er eit tema som er interessant å undersøkje meir nøye og grundig.

Så har vi merka oss at òg den nye eininga finn at det er utfordringar knytte til å overhalde todøgnsfristen. Det som vert omtalt som todøgnsfristen, er altså regelen i politiarrestforskrifta § 3-1, som seier at den innsette innan to døgn skal overførast frå politiarrest til vanleg fengsel. Det står i politiarrestforskrifta § 3-1 om overføring frå politiarrest til fengsel:

«Den innsatte skal overføres innen to døgn etter pågripelsen, med mindre dette av praktiske grunner ikkje er mulig. Er den innsatte under 18 år skal overføring skje snarest mulig og senest dagen etter pågripelsen. Dersom overføring skjer senere, skal begrunnelsen nedtegnes i arrestjournalen.»

Sivilombodsmannen har over fleire år uttrykt bekymring over talet på oversitjingar av fristen. Det er derfor med uro vi les om at for lange opphald i politiarrest synest å vere eit aukande problem fleire stader, bl.a. på grunn av mangel på ledig kapasitet i fengsla.

Ein samla komité seier at dei er glade for at førebyggingseininga er seg bevisst problema med brot på todagarsfristen. Ein samla komité peikar også på behovet for å byggje ut kapasiteten i fengsla som eit av dei sentrale tiltaka for å få bukt med problema.

Til slutt vil eg seie at eg trur eg snakkar for ein samla komité når eg seier at vi er glade for at denne førebyggingseininga no er vorten oppretta, og at ein har kome godt i gang med eit viktig arbeid. Vi takkar for ei grundig første årsmelding for eininga.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 13.

Votering i sak nr. 13

Komiteen hadde innstilt:

Dokument 4:1 (2014–2015) – om Sivilombudsmannens forebyggingsenhet mot tortur og umenneskelig behandling ved frihetsberøvelse – Årsmelding 2014 – vedlegges protokollen.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.