Stortinget - Møte torsdag den 12. mai 2016 kl. 10

Dato: 12.05.2016

Dokument: (Innst. 266 S (2015–2016), jf. Dokument 14 (2015–2016))

Sak nr. 9 [12:47:16]

Innstilling fra justiskomiteen om Årsrapport for 2015 fra Stortingets utvalg for rettferdsvederlag

Talarar

Votering i sak nr. 9

Hadia Tajik (A) [12:47:44]: (leiar for komiteen og ordførar for saka): Det er ein einstemmig komité som har avgjeve si innstilling etter behandling av årsrapporten for rettferdsvederlagsordninga for 2015. Rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eiga ordning der enkeltpersonar kan søkja om ein skjønsmessig kompensasjon frå staten når vedkommande har kome særleg uheldig ut og er påført skade eller ulempe som ikkje vert dekka etter alminnelege erstatningsreglar eller gjennom trygde-, forsikrings- eller erstatningsordningar. Det er ei ordning som er basert på sedvane. Sakene vert avgjorde av Stortingets utval for rettferdsvederlag, og det er statens sivilrettsforvalting som er tillagt oppgåva som sekretariat for utvalet.

Komiteen registrerer at utvalet har halde ti møter og avgjort 490 saker i 2015. Både talet på mottekne og behandla saker har vore fallande dei seinare åra. I 2015 har det likevel vore ei svak auke samanlikna med 2014, utan at det endrar utviklinga over dei siste åra. Det er ei utvikling som ikkje er unaturleg all den tid talet på potensielle saker med tida har vorte redusert. Det vart innvilga rettferdsvederlag i 52 pst. av sakene som vart avgjorde i 2015. Det er på nivå med 2014, då 51 pst. av sakene vart innvilga.

Komiteen merkar seg at sjølv om den totale gjennomsnittlege saksbehandlingstida har gått noko ned dei siste åra, har ho likevel auka frå 2014 til 2015 frå 16 til 17 månader på grunn av tekniske problem med saksbehandlingssystema.

Til slutt: Dette er ei viktig ordning. Det er enkeltsaker av betyding, og det er ein del av Noregs historie. Me takkar difor rettferdsvederlagsutvalet for arbeidet så langt og strekar under viktigheita av at alle saker vert behandla så hurtig som det er forsvarleg å gjera.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 9.

Votering i sak nr. 9

Komiteen hadde innstilt:

Dokument 14 (2015–2016) – Årsrapport for 2015 fra Stortingets utvalg for rettferdsvederlag – vedlegges protokollen.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.