Stortinget - Møte tirsdag den 24. mai 2016 kl. 10

Dato: 24.05.2016

Dokument: (Innst. 271 S (2015–2016), jf. Dokument 12:23 (2011–2012))

Sak nr. 10 [16:27:40]

Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Grunnlovsforslag fra Ulf Erik Knudsen, Øyvind Vaksdal og Torgeir Trældal om endring av Grunnloven § 75 (stabile rammebetingelser for næringslivet)

Talarar

Votering i sak nr. 10

Gunvor Eldegard (A) [16:28:18]: Fyrst vil eg seia at det eigentleg er representanten Abid Raja frå Venstre som er saksordførar i denne saka, men då han måtte reisa i ei gravferd, har me avtalt at eg held saksordførarinnlegget for han. Det er enkelt, fordi det er ein samla komité som står bak merknadane, og det er ein samla komité som går imot forslaget. Tilsvarande forslag om endring av Grunnlova § 75 har vorte handsama to gonger tidlegare, både 10. januar i 2008 og 11. januar i 2011, og begge gongene vorte avviste, mot enkelte stemmer frå representantar frå Framstegspartiet.

Eg er einig med forslagsstillarane i at føreseielege rammevilkår er viktige for norsk næringsliv. Derimot er både eg og heile komiteen ueinig med forslagsstillarane i at det er behov for å innføra nye konstitusjonelle reiskapar for å sikra langsiktigheit og låsa politiske vedtak for lengre tid enn det som i dag er mogleg gjennom vanlege fleirtalsvedtak i Stortinget. Komiteen er òg av den oppfatning at ei konstitusjonell regulering som den forslagsstillarane legg opp til, i enkelte tilfelle kan verka mot si hensikt og f.eks. vera til hinder for nye, nødvendige reformer. Komiteen støttar heller ikkje forslagsstillarane når dei meiner at gjeldande parlamentariske og konstitusjonelle verkemiddel ikkje er tilstrekkelege, og at det å innføra ei ny «semikonstitusjonell» vedtaksform vil kunna sikra behovet for langsiktigheit og stabilitet, samtidig som ein varetek den nødvendige fleksibiliteten i vedtaksprosedyrane.

Omgrepet «rammevilkår for næringslivet» er ofte knytt opp til vedtak om skattesatsar og skatteformer, men det er jo meir enn det òg. For næringslivet er det viktig at den generelle økonomiske politikken alltid er tilpassa dei gjeldande konjunkturane i tida. Skulle det koma ei krise, kan det tenkjast at ein kanskje treng å setja ned skattane eller å auka skattane. Det kjem an på kva for natur krisa har. Men om ein gjennom semikonstitusjonelle vedtak då har bunde seg til ikkje å gjera det, er ein faktisk ikkje i stand til å møta ei krise. I ein global økonomi veit me at ei krise ofte kan koma raskare og vera mindre føreseieleg enn det me var vane med i den gamle, meir lukka økonomien. Difor vil semikonstitusjonelle vedtak òg på mange måtar forhindra ei regjering frå å kunna møta verkelegheita i økonomien på ein måte som gjev gode rammevilkår for næringslivet. Rammevilkår er som sagt meir enn skatte- og avgiftsvedtak.

Ein samla komité tilrår at forslaget ikkje vert vedteke.

Olemic Thommessen hadde her gjeninntatt presidentplassen.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 10.

Votering i sak nr. 10

Komiteen hadde innstilt:

Dokument 12:23 (2011–2012) – Grunnlovsforslag fra Ulf Erik Knudsen, Øyvind Vaksdal og Torgeir Trældal om endring av Grunnloven § 75 (stabile rammebetingelser for næringslivet) – samtlige alternativer – bifalles ikke.

Votering:Komiteens innstilling ble enstemmig bifalt.