Stortinget - Møte tirsdag den 9. mai 2017

Dato: 09.05.2017
President: Kenneth Svendsen

Innhald

Sak nr. 7 [13:57:25]

Interpellasjon fra representanten Sveinung Rotevatn til olje- og energiministeren: «NVE gjennomfører no ei landsdekkande kartlegging av ras- og flaumfare. I Sogn og Fjordane er det plukka ut 41 område som skal kartleggast, men berre 19 av desse har fått førsteprioritet. For dei som bur eller ønskjer å busette seg i dei andre 22 områda, betyr ventinga på NVE ein stopp i byggjeplanlegging eller høge eigenkostnadar til privat kartlegging. I sitt svar på spørsmål frå stortingsrepresentant Skjelstad viser olje- og energiministeren til at «Gitt vårt langstrakte land, med mye natur og spredt bebyggelse, vil det være bygninger og bosetninger som innenfor slike rammer ikke kan prioriteres for detaljert kartlegging.» Meiner statsråden dette er eit godt nok svar til dei som ønskjer å etablera seg i Sogn og Fjordane, men som ikkje har råd til å ta eigenkostnaden av omfattande kartlegging av ras- og flaumfare»?

Talarar

Sveinung Rotevatn (V) []: Klimaet på jorda er i endring. På grunn av høgare utslepp av klimagassar endrar temperaturen seg, og dermed også vêrsystema våre. Vi har til no berre sett forsmaken, men det forskarane fortel oss, er at vi går mot ei framtid der vêret blir villare. Det blir våtare, og det blir varmare. Dette får konsekvensar, og det kostar pengar. Skred, flaum og andre naturulykker- og katastrofar kan føre til enorm skade på menneske og enorm skade på materielle verdiar.

Vi har hatt fleire tilfelle i vårt eige land dei siste åra der ekstremvêr og naturhendingar har ført til svært store utgifter både for det offentlege, for forsikringsselskap og for privatpersonar. Vår viktigaste jobb som politikarar er sjølvsagt å hindre ei slik utvikling. Vi må leggje om energiproduksjonen vår, vi må bytte ut køyretøya våre, vi må bremse utvinninga av fossile ressursar og gjennomføre eit grønt skifte, nasjonalt så vel som internasjonalt.

Men sjølv om vi lykkast med det – og det får vi håpe at vi gjer – vil klimaet framleis endre seg. Det vi snakkar om, er å halde oss under 2-gradersmålet. Men sjølv med to grader oppvarming, blir det konsekvensar. Derfor er det viktig at vi framover ikkje berre lykkast med politikken mot klimaendringa, men at vi også lykkast med klimahandteringa.

Interpellasjonen min i dag er eigentleg veldig konkret og handlar om lokale byggjeprosessar. Men eg tenkte eg ville innleie litt med å løfte blikket på denne måten og måle opp det store biletet, for i klimapolitikken er det verkeleg slik at alt heng saman med alt. Store globale endringar i vêrsystema våre får store lokale konsekvensar for heilt vanlege folk. Når vi ser at faren for farlege flaumar blir større, og det same gjeld faren for ras, gjev det utfordringar med tanke på bl.a. byggjeprosessar.

I mars i fjor fekk kommunane endå strengare krav til å forsikre seg om at alt er i orden før dei gjev klarsignal til bygging. Grunnforhold og eventuell rasfare skal vere kartlagde. Det er dei såkalla aktsemdskarta til NVE som skal leggjast til grunn. Det er i utgangspunktet ei grei sak. Problemet er at arbeidet med dei karta går sakte, og at mange såkalla aktsemdsområde ikkje inngår i kommunale reguleringsplanar, eller at gjeldande planar ikkje tek høgde for dei skjerpa krava som no er pålagde kommunane.

Per i dag har NVE kartlagt flaumsoner i til saman 135 kommunar og kvikkleiresoner i til saman 85 kommunar. Det er vidare kartlagt faresoner for skred i bratt terreng i utvalde område i 35 kommunar.

NVE har begynt å lage detaljerte ras- og flaumsonekart, men klarar berre å nå over ti kommunar i året, ifølgje NRK. I mitt heimfylke, Sogn og Fjordane, er det plukka ut 41 ulike område som skal kartleggjast, men berre 19 av dei har fått førsteprioritet.

For dei som bur eller ønskjer å busetje seg i dei 22 andre områda, betyr det i praksis byggjestopp i overskodeleg framtid. Det vil seie med mindre ein sjølv tek kostnadene med ei slik kartlegging, men det er ikkje billeg. I februar fortalde NRK Sogn og Fjordane om Tonje Camilla Løfsnes Sjaastad som har funne seg ei flott tomt like ved Nordfjordeid sentrum, men fordi den tomta ho har lyst på, ikkje ligg i eit område som var prioritert frå NVE, må ho ut med over 80 000 kroner av eiga lomme for å få kartlagt skredfaren i området. Hadde ho valt å busetje seg i ein kommune som har prioritet frå NVE, ville ho ha spart langt meir pengar enn det noka regjering kan love henne i skattelette.

Den nye og strengare praksisen kombinert med mangel på ressursar hos NVE legg rett og slett opp til store økonomiske forskjellar blant dei som skal byggje hus i dette landet, avhengig av om kommunen dei bur i, har fått prioritet, eller om han ikkje har fått det.

I dei aller fleste tilfella vil det ikkje vere tale om reell skredfare, heldigvis. Men sjølv ei enkel skredvurdering kan koste mellom 70 000 og 100 000 kroner å gjennomføre. Ei større grunnundersøking dersom det er behov for det, kan kome opp i fleire hundretusen kroner. Då vil sjølvsagt privatpersonar måtte telje på knappane og sjå om det i heile teke er økonomisk gjennomførbart å setje i gang med byggjeprosjektet.

Dette er ikkje bra for dei av oss som er opptekne av at folk som ønskjer å busetje seg i distrikta, skal ha moglegheit til det, og kommunar med store område med potensiell skred- og flaumfare er ofte distriktskommunar. Dessutan har eg forstått det slik at NVE i sine kartleggingar vil gje prioritet til folketette område. Det kan ein kanskje forstå, men samtidig vil det ytterlegare forsterke distriktsdimensjonen i denne problemstillinga.

I ei tid der representantar viss namn skal vere unemnde, står på denne talarstolen og seier at det viktigaste for optimisme i distrikta er nokre øre billegare bensin, eller å utrydde truga dyreartar, eller å ha minst ein rådmann på kvart nes, ja, så trur eg faktisk at det er langt viktigare for folk flest at det er mogleg å byggje seg eit hus på heimplassen sin utan å måtte ut med hundretusenvis av kroner for ei geologisk undersøking.

Det å få seg ein plass å bu er etter mitt syn faktisk ganske undervurdert som utfordring med tanke på å styrkje busetjinga i distrikta. Det kan kanskje vere litt kontraintuitivt. Mange tenkjer at i distrikta der er det god plass. Der får ein seg så stort hus som ein vil for ein slikk og ingenting, og ein kan bu der ein vil. Men sanninga mange plassar er ei ganske anna. Mange distriktskommunar er for dårlege til å regulere for nye bustadtomter. Det er ofte få ledige bustader på marknaden, og som regel har ein ein undervikla eller attpåtil fråverande leigemarknad og svært få, om nokon, leilegheiter tilgjengeleg. Derfor er det å få fart på bustadbygging og variert bustadbygging ein viktig del av distriktspolitikken. Mange kommunar erkjenner denne problemstillinga, og mange ønskjer å vere på offensiven. Men då blir det sjølvsagt veldig forvanskande at ein ikkje får moglegheita til å drive tomteutvikling og bustadregulering fordi ein må vente i mange, mange år på at NVE kjem seg gjennom lista si med aktsemdsområde som skal kartleggjast.

Min kollega, representanten André Skjelstad, utfordra statsråden på dette tidlegare i år gjennom Dokument 15:634. I sitt svar på det skriftlege spørsmålet slo statsråd Søviknes fast:

«Gitt vårt langstrakte land, med mye natur og spredt bebyggelse, vil det være bygninger og bosetninger som innenfor slike rammer ikke kan prioriteres for detaljert kartlegging.»

Spørsmålet mitt i dag er om statsråden meiner at det er eit godt nok svar til alle dei som ønskjer å etablere seg i distriktskommunar, men ikkje har råd til å betale for eigne kartleggingar.

Statsråd Terje Søviknes []: La meg starte litt overordnet innledningsvis. Regjeringen er opptatt av sikkerheten til våre innbyggere. Vi tar det på det største alvor, og vi har flere ganger de siste årene opplevd hva slags utfordringer flom og skred kan medføre for dem som blir berørt. Derfor er jeg veldig glad for at siden regjeringen tiltrådte, har vi – i samarbeid med Venstre og Kristelig Folkeparti – styrket flom- og skredbevilgningene betydelig. For 2017 er det satt av 365 mill. kr til dette arbeidet, og i RNB nå kommende torsdag vil det også være midler til å følge opp den utfordrende situasjonen på Svalbard.

Mange av tiltakene som Stortinget har bevilget midler til, er i distriktskommuner. For eksempel har fylket som her var omtalt, Sogn og Fjordane, gjennom 2014, 2015 og 2016 fått gjort arbeid for i alt 111 672 000 kr, som er nest mest av alle fylker i landet, etter Oppland. Tiltakene som blir gjort, bidrar til å sikre liv og helse til vanlige folk, samtidig som det skaper aktivitet og sysselsetting i distriktene.

Når det gjelder kartlegging av flom- og skredfare, som vi her er inne på, er det viktig å skille mellom kartlegging i forbindelse med ny utbygging og kartlegging av fare og risiko knyttet til eksisterende utbygde områder. All ny utbygging krever, som interpellanten var inne på, utredning av tilstrekkelig sikkerhet mot flom og skredfare. Det er regulert gjennom plan- og bygningsloven og byggteknisk forskrift, og det er tiltakshavers ansvar og plikt å utrede og ivareta tilstrekkelig sikkerhet mot naturfare ved ny utbygging. I litt større planer skal kommunene og utbygger utrede både skred- og flomrisiko knyttet til kommuneplan, reguleringsplan og på byggesaksnivå. Vi har jo et eget hierarki knyttet til plan- og bygningsloven.

Norges vassdrags- og energidirektorat, NVE, har i sitt arbeid med landsdekkende farekartlegging ikke fokus på nye områder i utgangspunktet. Deres fokus er knyttet til områder som allerede er utbygd. Staten, ved NVE, gir bistand til farekartlegging i disse bebygde områdene, og NVEs farekartlegging tar utgangspunkt i områder der eksisterende bebyggelse kan være utsatt, basert på de naturgitte forholdene som er i området. Statens bistand til kartlegging er ikke lovregulert, men styrt gjennom de rammer som Stortinget til enhver tid setter opp gjennom årlige tildelinger på statsbudsjettet.

Arbeidet med kartlegging i statlig regi fritar ikke kommunene fra ansvaret for kartlegging etter plan- og bygningsloven eller sivilbeskyttelsesloven. Det fritar heller ikke utbyggere fra ansvaret de har for å få utredet fare før ny utbygging.

NVEs bevilgning til kartlegging er mer enn doblet i perioden siden 2013 og utgjør 70 mill. kr i 2017. Per februar 2017 har NVE, som interpellanten var inne på, kartlagt flomsoner i 135 kommuner og kvikkleiresoner i 85 kommuner. Ser man nå inn i 2017 og tar med det arbeidet som skjer i år, vil man i løpet av dette året ha nådd opp i 50 kommuner når det gjelder å kartlegge fare for skred i bratt terreng. I denne type kartlegging inngår fare for både snø-, sørpe-, stein-, jord- og flomskred.

De 41 konkrete områdene som representanten Rotevatn viser til, som skal kartlegges på sikt i Sogn og Fjordane, er en del av den nasjonale prioriteringslisten til NVE i Plan for skredfarekartlegging. De 19 områdene med prioritet 1 og de 22 områdene med prioritet 2 kartlegges kommunevis. Ved identifisering og prioritering av området er det lagt vekt på hvor det bor og oppholder seg mennesker innenfor potensielt skredutsatte områder. Ut fra tilgjengelige materialer er det gjort en mest mulig objektiv vurdering for hele landet for hver skredtype. Effekten av forventede klimaendringer er også vurdert i forbindelse med prioritering av områder. Som interpellanten var inne på, gjør faren for at man får mer konsentrert nedbør, at både faren for flom i flomutsatte områder og faren for skred i skredutsatte områder øker.

Detaljert kartlegging er ressurskrevende. Vi har et langstrakt land. Gitt den store samfunnsbetydningen en slik kartlegging har, er det rimelig at staten bistår kommunene – derfor denne nasjonale planen for risikokartlegging. Samfunnsøkonomiske vurderinger må ligge til grunn for både valg av metode, vektlegging mellom ulike typer flom og skred og prioritering mellom geografiske områder. Det sikrer at vi innenfor de rammene Stortinget til enhver tid setter av til denne type kartlegging, får mest mulig igjen for de ressursene som blir bevilget. Jeg oppfatter at dette er prinsipper som Stortinget har sluttet seg til.

Avslutningsvis vil jeg også minne om at regjeringen har fått i gang arbeidet med et nasjonalt heldekkende høyde- og terrengdatasett basert på laserdata. Slike data er viktig som planleggings- og analysegrunnlag for en rekke oppgaver og etater. For NVE bidrar slike data til at en får en mer effektiv utnyttelse av ressursene som brukes til å forebygge risiko for flom- og skredskade. NVE har opplyst at etablering av en ny nasjonal høydemodell vil kunne påvirke også tidspunktet for kartlegging og rekkefølgen mellom de prioriterte områdene også i Sogn og Fjordane. Det vil være fornuftig å kartlegge området med dekning av detaljerte høydedata først fordi man da får mer igjen for de til enhver tid bevilgede midlene.

Jeg er fullstendig klar over utfordringen knyttet til områder som ikke er prioritert i første fase, der man vil kunne komme i situasjoner med konkrete, enkeltstående byggesøknader eller mindre reguleringsplaner, der kommunen da ikke på selvstendig initiativ på et tidligere tidspunkt har kartlagt risikoen. Da er det slik i dag at det påhviler i utgangspunktet tiltakshaver å dekke denne kostnaden, eventuelt at man – som jeg vet blir gjort i en del kommuner – inngår en type spleiselag mellom utbygger/utbyggere og kommune for kanskje å få kartlagt et større område når det allikevel er aktuelt å kartlegge for en konkret tomt eller et lite tomteområde. Dette mener jeg er gode og praktiske løsninger som man må jobbe videre med, og som det ligger til det lokalpolitiske miljø å ta initiativ til for nettopp å oppnå det interpellanten var inne på: å sikre at vi får tilstrekkelig med utbyggingsareal ute i distriktskommunene, ikke minst i mindre kommuner. Det er viktig for å kunne få bosatt unge som ønsker å etablere seg og satse i disse kommunene. Det er viktig for muligheten til å bygge opp ny næring og aktivitet også i de minste kommunene.

Problemstillingen er velkjent, men fra regjeringens side forholder vi oss til de årlige bevilgningene som blir gitt fra Stortinget. Det er altså doblet midler til risikokartlegging gjennom denne regjeringsperioden, og de er nå på 70 mill. kr. Det vil nødvendigvis ta noe tid før NVE har fått jobbet seg gjennom alle de områdene som skal prioriteres i hele landet, og det er da jeg oppfordrer innstendig til at man også på lokalpolitisk nivå tar initiativ for å være med enkelttiltakshavere på enkeltbyggesaker og mindre reguleringsplaner og bidra til at man kan få gode spleiselag lokalt for å styrke arbeidet med kartlegging samlet sett, og dermed sikre befolkningen best mulig mot de utfordringer vi har knyttet til flom og skred.

Sveinung Rotevatn (V) []: Framstegspartiet har ei lang historie med å kjempe for at det skal vere enkelt å byggje på og byggje ut, det vere seg garasje eller anna, og i så måte synest eg at svaret på det skriftlege spørsmålet statsråden i si tid gav, var litt vel passivt. Eg synest det var betre takter no og vil takke for svaret frå statsråden. Det er rett det som blir sagt, at ein har auka opp løyvingane ein del – dobling høyrest alltid veldig mykje ut – men ein går frå vel 30 mill. kr til 70 mill. kr. Men eg tek med meg dei positive signala som blir gjevne om RNB, som straks blir lagt fram, og ikkje minst at det her kan vere behov for meir midlar framover. Ein ting er jo pengar, men ein treng også folk. Noko anna eg trur vi treng å satse mykje på framover, er nettopp å utdanne nok folk som kan ta desse jobbane med kartlegging, med klimahandtering. Eg veit at i fjor starta ein opp det første masterstudiet i Noreg innanfor såkalla «climate change management», på Høgskulen på Vestlandet, som har langt høgare søking enn talet på studieplassar som det er løyvd pengar til så langt. No er ikkje det denne statsrådens bord, men eg tenkjer det er verdt å nemne i samanhengen også.

Eg har forståing for at det kostar pengar å drive kartlegging, og det er Stortinget som løyver. Men eg tenkjer også at det vi no snakkar om, er ei oppgåve som går så djupt inn i veldig mange menneske sine liv, og som folk oppfattar som urimeleg, både kommunane og folk sjølve. Og det er viktig at ein har trygge og gode rammevilkår å halde seg til som utbyggjar. Med dagens tempo på kartlegging vil i alle fall eg anslå at det fort kan ta ein 20–25 år før alle kommunar her i landet har fått nødvendig kartlegging, slik at folk kan byggje ut utan for store personlege utlegg. I min eigen kommune, Eid kommune, har kommunen fått beskjed frå NVE om at det vil ta mange år. Men det er mogleg statsråden har eit anna anslag. Det ville i alle fall vore interessant å høyre når statsråden vil anslå at vi har nådd over kommunane i dette landet, slik at alle har fått ei nødvendig aktsemdsvurdering frå NVE – gjeve dagens tempo. Vil vi måtte belage oss på veldig mange av desse spleiselaga, som eg nemnde, framover, eller vil tempoet kunne vere noko høgare? For å ta eit eksempel frå kommunen min med dei 22 områda som har prioritet nr. 2: Når vil dei kunne vente seg at dette blir gjort?

Statsråd Terje Søviknes []: Først vil jeg si at når interpellanten trekker opp kompetanse som et poeng her, så er jeg helt enig. Vi skal være klar over at dette fokuset man har nå i lys av klimaendringene på behovet for kartlegging knyttet til skred- og flomrisiko, er et relativt nytt fokus. Det har alltid vært der, men det er blitt veldig forsterket i det siste, og det har kommet nye krav i plan- og bygningsloven som gjør at man her må gjøre en grundigere jobb. Og det viktigste arbeidet vi gjør på dette, er nettopp forebygging ved at man ikke risikerer å bygge i områder som viser seg senere å være flom- eller skredutsatt. Det er en dårlig politikk overfor innbyggerne. Vi skal bidra til, fra det offentliges side, at man bygger i områder som er godt sikret og ikke står i fare for å kunne oppleve den typen krisesituasjoner som oppstår ved store og alvorlige flom- eller skredsituasjoner. Man kan aldri gardere seg helt, og så er situasjonen vi står i, at man i deler av landet har bygd ut områder som nå viser seg å være mer flom- og skredutsatt, og det er jo de områdene Norges vassdrags- og energidirektorat har hovedfokus på nå.

Men kompetansen må bygges opp. Jeg besøkte på fredag NVE, og deres hovedfokus er nå på å bistå med å bygge opp gode kompetansemiljøer hos arkitektkontor, plankonsulenter som bistår private i planprosessene, som gjør at man kan få best mulige vurderinger, og også at kostnaden etter hvert kan gå ned, for nå er dette faktisk en etterspurt tjeneste det er for liten kapasitet på ute i kommunene.

Når det gjelder anslag for når en kan være ferdig gjennom det apparatet NVE stiller opp med, den bistanden NVE gir kommunene, så er det umulig å gi i dag, fordi det vil være avhengig av de årlige bevilgninger Stortinget gir til risikokartlegging. Det vil også selvfølgelig være avhengig av kompetansemiljøene og hvordan dette utvikler seg. Jeg tror vi vil se mer etter hvert at private vil kunne komme inn og tilby disse tjenestene til kommunene, slik at kommunene på eget initiativ kan forsere dette arbeidet nettopp for å sikre at de til enhver tid har mulighet for å legge ut nye utbyggingsområder eller fortette eksisterende områder og avklare hvor hen man kan bygge og ikke, fordi det er viktig for lokal samfunnsutvikling til enhver tid å kunne tilby aktuelt utbyggingsareal.

Rigmor Andersen Eide (KrF) []: Først vil jeg takke interpellanten for å ta opp et viktig tema, for ras- og flomfare er en del av mange menneskers liv i dette landet. Kanskje spesielt på Vestlandet er dette en konstant fare mange må ha med seg i hverdagen, og vi har i mange år sett konsekvensen ras og flom har for lokalsamfunn og enkeltpersoner. Det er ikke alltid lett å fjerne denne risikoen, men kartlegging gjør at vi kan håndtere risikoen. For mange lokalsamfunn i Distrikts-Norge er det helt nødvendig å få på plass en slik kartlegging, som gjør det mulig å bygge og bo trygt. Det handler om hvor vi bor og hvor vi lever. Det handler om hvor vi bygger husene våre.

Raset ved Hatlestad terrasse utenfor Bergen i 2005 viser hvor galt det kan gå hvis vi ikke har kontroll på farene som finnes når hus bygges. Det samme skjedde i 2008 i Fjelltunvegen i min kjære hjemby, Ålesund. Ras tok med seg en ny boligblokk, konsekvensene var fatale, og mennesker omkom. I ettertid var det debatt om hvorvidt rasfaren var tilstrekkelig kartlagt før boligen ble bygd.

I årene framover er det ventet mer nedbør og mer ekstremvær grunnet klimaendringene. Dette vil gjøre det farligere å bo i flere områder og stiller nye krav når vi skal bygge nytt.

Dette blir derfor en viktig debatt – om det er det offentlige som skal ta disse kostnadene og få gjort kartleggingen i de områdene som er utsatte, eller om det skal være husbyggerne som selv må stå for disse undersøkelsene og kostnadene som følger med. I mange områder av Distrikts-Norge vil utfordringene være store, slik som i Sogn og Fjordane, som vi nå diskuterer, men også i mitt eget hjemfylke, Møre og Romsdal, og i Hordaland. Sist gang jeg var på besøk i Sogn og Fjordane, oppdaget jeg at de som kjørte bilen, satt helt på kanten av setet for å kunne holde oversikt over fjellsida ovenfor for å se om det kom ras. Dette sier noe om rasfaren og utryggheten det skaper, og at dette er et fylke som har betydelig rasfare. Da er det viktig å kunne bygge og bo trygt.

Skal vi overlate kostnadene med slike undersøkelser til private utbyggere, vil det kunne gjøre det enda vanskeligere for mennesker som ønsker å bygge og bo i områder hvor de har vokst opp og har sine røtter. Valget mellom å vente på kartlegging eller å betale den selv vil ofte ende med at man velger å etablere seg andre steder. Hvis vi ønsker å ta hele landet i bruk, er det viktig at vi legger til rette for dette, og at mennesker kan etablere seg over hele landet. Jeg mener dette er et for stort og for viktig spørsmål til at vi kan overlate til dem som bygger, å betale regningen, og at dette er en kostnad som fellesskapet må ta. Det handler om liv, det handler om helse og folks trygghet, og da må fellesskapet stille opp.

Sveinung Rotevatn (V) []: Eg får takke for debatten, sjølv om han ikkje vart så veldig lang. Men det er eigentleg litt interessant i seg sjølv, for i denne salen har vi jo ein tendens til å fokusere veldig på dei store symbolsakene, mens dei som verkeleg betyr mykje, er det kanskje ikkje alltid like stor merksemd rundt. Det er f.eks. interessant å merke seg at det partiet som profilerer seg klarast som eit distriktsparti, ikkje deltek i ein slik debatt. Eg trur nok at om ein familie får ein ekstra kostnad på 100 000 kr når dei skal byggje ut huset sitt, betyr det langt meir for distriktspolitikken i dette landet enn om bensinprisen går opp eller ned 5 øre, eller om vi lykkast med å utrydje eit av rovdyra våre eller ikkje – nok om det.

Eg vil i alle fall takke representanten frå Kristeleg Folkeparti for eit veldig godt innlegg. Det var ei god påminning frå Andersen Eide om nokre av dei forferdelege ulykkene vi har hatt, dei store menneskelege konsekvensane dei har, og korleis tidlegare tiders feilgrep sjølvsagt viser behovet for at ein kartlegg og gjer kloke val i framtida. For min del kan eg i alle fall seie at eg skal vere med og dytte på for at statsråden skal få endå meir pengar løyvde frå Stortinget til å få fart på dette arbeidet, for det trur eg er viktig.

Eg vil til slutt få seie at partiet til statsråden ofte legg veldig stor vekt på kor dyrt det er med klimatiltak, og at ein ikkje må plage vanlege folk og bedrifter med fordyrande pålegg og avgifter for å få ned klimagassutsleppa. Det er sjølvsagt rett at det kan koste pengar å drive miljøpolitikk. Eg håpar at statsråden også innser at det kostar pengar å rydje opp etter dårleg miljøpolitikk, og at denne saka kanskje kan tene som ein illustrasjon på at når klimaet endrar seg, og vêret med det, skaper det stor usikkerheit – usikkerheit for skred, flaum, kvikkleire, ja hus og heim. Det kostar også pengar. Det kostar pengar å kartleggje faren for naturulykker, uavhengig av om det er private, eller om det er staten, som skal ta kostnaden. Jo større usikkerheit det er om ei framtidig utvikling, jo vanskelegare blir det å kartleggje, og jo meir pengar kostar det.

Difor håpar eg at statsråden i framtida både vil dytte på for at kartleggingsprosessane til NVE kan gjennomførast i eit endå større tempo, og at han vil ha dette i bakhovudet når vi skal diskutere vidare kor viktig det er at vi bruker mest mogleg fossile ressursar i høgast mogleg tempo, og kor dyrt det er for samfunnet heller å setje i gang med effektive klimatiltak enn andre ting. Kostnadene ved endringar i klimaet på jorda er store, ikkje berre for naturen som omgjev oss, men også for menneske – for dei som skal byggje seg hus, og for dei som skal sikre oss mot naturulykker. Slik sett kan ein jo seie – i og med at helseministeren er her – at klimapolitikken er litt som helsepolitikken: Det kostar ein del pengar å drive med førebygging, men det er også ganske dyrt å la vere.

Statsråd Terje Søviknes []: Først om den globale klimautfordringen: Den utfordringen må også løses globalt, og det er en langt større debatt, som vi får komme tilbake til ved en annen anledning.

Men jeg har lyst til å kommentere litt det som er blitt sagt her, også fra Kristelig Folkeparti-representanten. Fra mitt ståsted er det all grunn til å vurdere til enhver tid: Hvor stor andel av en kostnad knyttet til utbygging skal ligge hos tiltakshaver/utbygger, og hva skal det offentlige ta? Det er ikke tvil om at man gjennom plan- og bygningsloven har en rekke områder som i dag er med og bidrar til at man får høyere kostnad på bolig- og næringsprosjekter ute i kommunene. Skred- og flomkartlegging er ett tema. La meg bare kort også nevne øvrige grunnundersøkelser, registrering etter naturmangfoldloven, man har registrering av kulturminneverdier osv. Dette er alle bidrag til at man får høye kostnader for enkelte utbyggingsprosjekter.

I samme åndedrag har jeg lyst til å understreke at regjeringen i flere runder har kommet til Stortinget med gode forslag – og fått tilslutning til mange av dem – om å gjøre forenklinger også i plan- og bygningsloven, og ikke minst i teknisk forskrift, slik at man har kunnet ta ned kostnader for nye bygg, både på boligsiden og på næringssiden, og spesielt boligsiden. Dette er en balanse, men det er en diskusjon som man til enhver tid må ha: Hvor mye kan man forvente at en utbygger/tiltakshaver skal ta? Og hvor mange av de kravene myndighetene stiller til kartlegging, er det rimelig at myndighetene selv stiller opp med finansiering av?

Jeg vil avslutte denne interpellasjonsrunden med at det er et veldig godt tema, jeg skal følge opp og dytte på NVE. Så ser jeg fram til hjelp fra representanten Rotevatn og andre til å dytte Stortinget i retning av å gi mer penger til flom- og skredsikring og kartlegging. Det skulle ikke være meg imot, for det er helt avgjørende det representanten Rigmor Andersen Eide var inne på: Vi skal kunne bygge og bo trygt i dette landet. Trygghet er en helt avgjørende faktor, enten man bor i by eller på landet.

Presidenten: Debatten i sak nr. 7 er omme.