Stortinget - Møte tirsdag den 9. mai 2017

Dato: 09.05.2017
President: Kenneth Svendsen

Innhald

Sak nr. 8 [14:30:56]

Interpellasjon fra representanten Kjersti Toppe til helse- og omsorgsministeren: «Ifølgje ein Sintef-rapport har berre fire av ti kommunar etablert rutinar for at sjukehus varslar kommunar når pasientar blir skrivne ut etter sjølvmordsforsøk, eller ved mistanke om sjølvmordsforsøk. Handlingsplan for forebygging av selvmord og selvskading 2014–2017 gir ei samla framstilling av mål og tiltak for å førebygge sjølvmord og sjølvskading, der tidleg intervensjon og generell førebygging er viktig, men og tiltak mot sårbare og utsette grupper. Det er også kjent at personar som har vore fengsla, har mykje høgare risiko for å ta sitt eige liv enn normalbefolkninga, og størst er risikoen dei fire første vekene etter at fengselsopphaldet er avslutta. Kva gjer regjeringa for å førebygge sjølvmord i befolkninga, korleis er handlingsplanen følgt opp, kva gjer regjeringa for å førebygge sjølvmord etter fengselsopphald, og kva vert gjort for å sikre pasientar oppfølging etter innlegging i helsevesenet for sjølvmordsforsøk og overdose»?

Talarar

Kjersti Toppe (Sp) []: Tap av liv er eit stort samfunnsproblem og ei stor smerte for dei etterlatne. Ifølgje Handlingsplan for forebygging av selvmord og selvskading 2014–2017 døyr det kvart år i overkant av 500 menneske av sjølvmord i Noreg. 70 pst. av desse er menn. Mellom 3 500 og 7 500 personar forsøkjer årleg å ta sitt eige liv.

Det er behov for å styrkja det sjølvmordsførebyggjande arbeidet i Noreg. På oppdrag frå Helse- og omsorgsdepartementet fekk Helsedirektoratet, i samarbeid med brukarorganisasjonar, profesjonsforeiningar, praksisfeltet, kompetansemiljø og andre direktorat, utarbeidd ein handlingsplan for å førebyggja sjølvmord og sjølvskading i perioden 2014–2017. Da hadde det ikkje vore nokon nasjonal plan for sjølvmordsførebygging sidan 2002.

Det overordna målet i denne er å redusera omfanget av sjølvmord og sjølvskading i befolkninga. Det skulle skje gjennom god psykisk helse og mestring i befolkninga, redusert førekomst av sjølvmord og sjølvskading i risikogrupper, god oppfølging og varetaking av etterlatne, pårørande og andre som vert råka, eit kunnskapsbasert tenesteapparat og kunnskapsbaserte tiltak og strategiar.

Planen peikar på nye tiltak og vidarefører pågåande arbeid. 29 tiltak skulle styrkja innsatsen for å førebyggja sjølvmord og sjølvskading og auka kunnskapsgrunnlaget og kompetansen i tenesteapparatet.

Gjennomføring av planen hadde til føresetnad at det vart sett av midlar i dei årlege budsjetta. Planen skulle verta utvida med nye tiltak i planperioden. Spørsmålet er korleis denne handlingsplanen er vorte følgt opp. I tillegg har vi Nasjonal overdosestrategi 2014–2017, som heiter «Ja visst kan du bli rusfri – men først må du overleve». Han har som mål å betra oppfølginga av ikkje-dødelege overdosar, betre vurderinga av sjølvmordsrisiko og sjølvmordsførebyggjande tiltak i overdosesamanheng samt å betre hjelpetilbodet til pårørande og nærståande som har behov for bistand etter overdosedødsfall.

Det er auka risiko for sjølvmord og sjølvskading i nokre grupper i befolkninga. I Noreg er sjølvmordsraten høg blant eldre menn, men ikkje blant eldre kvinner. Om lag ein av ti 15–17-åringar i Noreg rapporterer at dei har gjort sjølvmordforsøk eller skada seg sjølv ein eller fleire gonger. Det er påvist høgare førekomst av sjølvmordstankar og sjølvmordsforsøk blant homofile, lesbiske og bifile. Pasientar innlagde til døgnbehandling i psykisk helsevern, har forhøgd sjølvmordsrisiko. Innsette i fengsel har nesten åtte gonger høgare førekomst av sjølvmord enn

befolkninga elles. Risikoen er særleg høg i varetektsperioden. Mange innsette har psykiske problem, som personlegdomsforstyrring, rusmiddelproblem og krisereaksjonar.

Fleire internasjonale studiar har vist at det er høg sjølvmordsrate blant legar. Det er moderat auka risiko for sjølvmord blant norske FN- og NATO-veteranar samanlikna med andre norske menn. Men nærvær av beskyttande faktorar kan redusera kor sårbar ein person er for risikofaktorar. Førebygging av sjølvmord inneber både å redusera risiko og fremja beskyttande faktorar på individ- og samfunnsnivå.

Strukturar og tiltak som bidrar til å forhindra at menneske fell ut av skule og arbeidsliv, er blant dei viktigaste tiltaka for å sikra god helse og god fordeling av helse i eit generasjonsperspektiv. Styrking av psykologar i kommunane, skulehelseteneste, målretta innsats mot fråfall frå utdanning og arbeid, implementering av rettleiar i lokalt psykisk helse- og rusarbeid er tiltak som kan bidra til dette.

Tidleg identifisering av personar med sjølvskadings- og sjølvmordsåtferd er avgjerande for å sikra tidleg adekvat oppfølging og behandling på riktig tenestenivå. Å identifisera sårbare grupper med høg risiko for sjølvmord eller sjølvskading er viktig for å kunna ha tiltak som reduserer desse risikofaktorane eller faktisk førekomst av sjølvmordsåtferd.

God oppfølging og varetaking av etterlatne, pårørande og andre som vert råka, er også eit mål i handlingsplanen. Pårørande må få god informasjon, moglegheit til å stilla spørsmål, omsorg og støtte. God kompetanse i førebygging av sjølvmord og sjølvskading blant tenesteutøvarane er ein føresetnad for eit godt tilbod. Tenestene må vera tilgjengelege og likeverdige. Ifølgje handlingsplanen skal arbeidet med å systematisera og formidla forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap om sjølvmordsåtferd og sjølvskading vidareførast og styrkjast. Handlingsplanen er altså veldig god, han er konkret, han er målbar, og han burde vore implementert og hatt effekt.

Ein SINTEF-rapport viser no at fleirtalet av norske kommunar, trass i handlingsplanen, ikkje har rutinar for oppfølging av personar etter sjølvmordsforsøk eller overdose. Omtrent fire av ti kommunar rapporterte at det er etablert rutinar for at sjukehuset varslar kommunen når pasientar vert utskrivne etter å ha vore innlagde for sjølvmordsforsøk eller ved mistanke om dette. Og berre fire av ti kommunar svarer at dei har etablert rutinar internt i kommunen for oppfølging etter sjølvmordsforsøk.

Ifølgje rapporten er det berre to av ti kommunar som melder at dei har etablert rutinar for oppfølging etter overdose. Det er sjølvsagt svært alvorleg at i underkant av halvparten av kommunane i landet har etablert rutinar for oppfølging, og at enda færre kommunar har etablert rutinar for oppfølging etter overdose. Det er geografiske forskjellar, og i dei store kommunane er rutinane generelt i større grad på plass enn i små kommunar. Kommunane i helseføretaksområdet til Østfold og i Vestre Viken-området har oftast rutinane for varsling frå spesialisthelsetenesta til kommunane på plass.

Rapporten avdekkjer òg ein stor mangel på eit viktig område. Det er ekstra alvorleg at desse pasientgruppene ikkje får oppfølging når dei vert utskrivne. Vi veit at risikoen for eit nytt forsøk da er stor. Når desse pasientane går ut sjukehusdørene, eller når innsette går ut fengselsdørene, er det ein verkeleg treng, oppfølging frå kommunane. At det ikkje finst rutinar for dette, er uakseptabelt. At det skjer på tampen av ein opptrappingsperiode, når handlingsplanen mot dette har fungert i nesten fire år, er nærmast uforståeleg.

Oppfølging av pasientar som har gjennomført sjølvmordsforsøk, er eit kommunalt ansvar. Men det må skje i eit samarbeid med spesialisthelsetenesta. Eg meiner at sjukehusa ikkje burde skriva ut pasientar med slike utfordringar før ein er garantert at dei får ei oppfølging frå kommunehelsetenesta, og at det er rutinar på plass for dette.

Eg trur at tenestene stort sett har kompetansen på plass. Hovudutfordringa er at pasientane på ein måte forsvinn i systemet. Det må eit betre samarbeid til for å fanga opp og sjå pasientar som er i risikosona.

Mine spørsmål i interpellasjonen er:

Kva vil regjeringa gjera for å sikra at det vert etablert slike rutinar i alle helseføretak, slik at alle som treng det, får oppfølging i kommunane? Kva har regjeringa gjort, og kva vil regjeringa gjera for å følgja opp alle dei gode tiltaka som er i denne handlingsplanen, som eg har referert til? Planlegg regjeringa å koma med ein ny handlingsplan mot dette når den gjeldande går ut i 2017? Meiner statsråden at vi er i mål med det sjølvmordsførebyggjande arbeidet i Noreg, eller vil regjeringa sjå på nye konkrete tiltak for å få til ei betre oppfølging av denne gruppa?

Olemic Thommessen hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Bent Høie []: Interpellanten Toppe tar opp et viktig tema. Selvmord og selvmordsforsøk rammer hardt og brutalt, både for den som ser dette som en utvei, for familie og venner som sitter igjen, og for dem som jobber i helsetjenesten. Det er regjeringens mål at omfanget av selvskading, selvmordsforsøk og selvmord skal ned.

Å forebygge selvmord i befolkningen er et komplekst arbeid. Vi må jobbe generelt med det psykiske helseområdet og spesifikt med selvmordsforebygging.

Forebygging av selvmord og selvskading er en viktig del av folkehelsearbeidet vårt. Barnehager, skoler og arbeidsplasser skal være helsefremmende arenaer for å forebygge psykiske plager og øke livskvalitet og mestring. Dette er områder som inngår i regjeringens arbeid med å inkludere psykisk helse som en likeverdig del av folkehelsearbeidet. Barn og unge er en prioritert målgruppe i Program for folkehelsearbeid i kommunene, som vi har satt i gang i samarbeid med KS og Helsedirektoratet. Programmet skal utvikle og evaluere verktøy og tiltak som kommunene kan bruke for å fremme befolkningens psykiske helse.

Psykisk helse og rus har vært et satsingsområde fra første dag i regjering. Godt forebyggende psykisk helsearbeid, gode og tilgjengelige lavterskeltjenester og økt kompetanse i tjenestene skal bidra til å forebygge selvmord.

Handlingsplanen for forebygging av selvmord og selvskading 2014–2017 er Helsedirektoratets plan. Helse- og omsorgsdepartementet har løpende dialog med direktoratet om planen. Tilskuddsordningen Nasjonale tiltak for forebygging av selvmord og selvskading er endret slik at tilskuddene går til tiltak som har nasjonal innretning og faller inn under handlingsplanens mål. Departementet har økt tilskuddsordningen med 5 mill. kr i planperioden.

Per i dag er alle tiltak enten gjennomført eller under gjennomføring.

De siste selvmordstallene i Norge er fra 2015. Da var det noe oppgang i antall selvmord – til 590. Jeg lanserte handlingsplanen våren 2014. Underveis har vi gradvis satt i verk tiltak. Det betyr at vi ikke kan vurdere effekten av planen ennå.

Sykehusene har et særlig ansvar for at personer som har vært under behandling for selvmordsrisiko eller overdose, får en trygg og god overgang til videre oppfølging i helsetjenesten i kommunene.

Med bakgrunn i rapporten fra SINTEF og spørsmål til skriftlig besvarelse fra representanten Toppe ba departementet helseregionene om å redegjøre for hvilke rutiner som er etablert når det gjelder pasienter som har vært innlagt i spesialisthelsetjenesten som følge av selvmordsforsøk.

Helse Sør-Øst har svart at det varierer hvorvidt man har etablert egne lokale rutiner for kartlegging av pasientens behandlingsbehov og for varsling av primærhelsetjenesten, eller om man benytter de generelle systemene for kommunikasjon.

Helse Sør-Øst har etablert et regionalt kompetansesenter for forebygging av selvmord som har stillinger både sentralt og ved helseforetakene i regionen. Dette har medvirket til stor bevissthet om behovet for tett oppfølging av denne pasientgruppen.

I Helse Vest har alle helseforetak og DPS rutiner for å varsle kommunene ved selvmordsforsøk eller mistanke om selvmordsforsøk. Noen helseforetak har egne rutiner som kun omhandler dette, mens andre har rutiner for utskriving og samarbeid med kommunene der varsling ved selvmordsforsøk er en del av denne kommunikasjonen. Helse Midt-Norge opplyser at det er etablert oppfølgingsrutiner ved Helse Nord-Trøndelag HF og St. Olavs Hospital. Det er noe ulikhet i rutinene, men hovedtrekkene er vekt på epikrise og eventuelt særlig varsling av fastlege, varsling av andre i kommunen som kjenner pasienten etter pasientens samtykke, time i hånda og sjekkliste ved utskriving med forsterkede punkter ved selvmordsforsøk. Ved overdose og alkoholforgiftning hos barn og unge innlagt i somatisk avdeling meldes sak til barnevernet i Helse Møre og Romsdal.

I Helse Nord er det godt innarbeidede rutiner om oppfølging av pasienter som er vurdert å ha forhøyet selvmordsrisiko under behandling. Det er rutiner for etablering av kriseplan og innhold i epikrise ved utskriving. Ved innkomstsamtale bes det om opplysninger om samarbeidspartnere. Psykisk helsevern og enheter for tverrfaglig spesialisert behandling har utstrakt møtevirksomhet med primærhelsetjenesten om disse pasientene før utskriving.

Med bakgrunn i handlingsplanen er det utarbeidet veiledende materiell som omtaler kommunenes mulighet for å avdekke, sette i gang tidlig intervensjon og følge opp personer med selvmordsatferd og selvskading. Det er også laget materiell om hvordan man kan organisere arbeidet internt og styrke samhandlingen med spesialisthelsetjenesten. Både fagmiljøer og bruker- og pårørendeorganisasjoner har bidratt i dette arbeidet. Materiellet lanseres så snart innspillene fra høringsrunden – som avsluttes i morgen – er innarbeidet. Materiellet skal gjøres kjent i kommunene for å styrke kommunenes kompetanse og innsats.

Personer som er løslatt fra fengsel, har forhøyet risiko for selvmord og overdosedødsfall. Utfordringer knyttet til å få nødvendige tjenester ved løslatelse kalles ofte for «glippsoneproblematikk».

I 2016 ble det nedsatt et tverrdepartementalt utvalg for samordnet tilbakeføring etter gjennomført straff. Utvalget forbereder flere tiltak for å tette glippsoner mellom ulike instanser og nivåer etter soning. Dette handler også om å identifisere tjenestebehov og sørge for at den enkelte får forsvarlig oppfølging, enten det handler om rus og/eller psykisk helse, inkludert selvmords- og overdoserisiko.

Kriminalomsorgen utarbeider også en tiltakspakke for forebygging av selvmord i fengsel som oppfølging av Cramer-rapporten om forekomst av psykiske lidelser hos domfelte i norske fengsler.

Innsatte i fengsel som har behov for langvarige og koordinerte helse- og omsorgstjenester, har rett til å få utarbeidet en individuell plan. Fengselshelsepersonell skal gi melding til innsattes bostedskommune om behov for individuell plan og har selv plikt til å delta.

Opptrappingsplanen for rusfeltet som Stortinget sluttet seg til i fjor, omfatter innsatte og løslatte fra fengsel. Det polikliniske behandlingstilbudet i fengslene skal styrkes for å tilby tverrfaglig spesialisert rusbehandling og psykisk helsevern. Oppdraget ble gitt helseregionene i 2016.

Primærhelsetjenestetilbudet i fengslene er styrket med 10 mill. kr i 2017, og det er bevilget 12 mill. kr til tre nye rusbehandlingstilbud i fengsel.

Helsedirektoratets nasjonale faglige retningslinje for avrusning fra rusmidler og vanedannende legemidler fra 2016 inneholder anbefalinger om oppfølging etter overdose, bl.a. for å sikre vurdering av behov for videre oppfølging i helsetjenestene. Jeg legger til grunn at tjenestene vil følge anbefalingene som er gitt i retningslinjen.

Regjeringens innsats mot overdosedødsfall følges også opp gjennom overdosestrategien og pasientsikkerhetsprogrammet.

Et viktig tiltak er pilotkommuneprosjektet som omfatter ni kommuner, samt fire som selv finansierer deltakelse. Forsøkskommunene utarbeider lokale handlingsplaner mot overdose, herunder tiltak, rutiner og prosedyrer for oppfølging etter overdose og overdosedødsfall. Erfaringene fra pilotprosjektet vil ha nasjonal overføringsverdi.

Pasientsikkerhetsprogrammets arbeid med forebygging av overdosedødsfall etter løslatelse fra fengsel følges opp av Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter i samarbeid med Helsedirektoratet. Det er også utarbeidet en tiltakspakke for forebygging av overdosedødsfall etter utskriving fra institusjon. Tiltakspakken er utprøvd ved tre helseforetak. Det har vært gjennomført et nasjonalt læringsnettverk der team fra hele landet har deltatt.

Gjennom overdosestrategien vil det iverksettes ny innsats på utvalgte områder, og det vil arbeides for å få et større overdoseforebyggende fokus inn i allerede eksisterende tiltak og tjenester.

Arbeidet på selvmordsområdet må fortsette. Arbeidet er på langt nær slutt ved utløpet av handlingsplanperioden. Derfor har direktoratet i sitt tildelingsbrev for 2017 fått i oppdrag å gjøre opp status for arbeidet mot selvmord og selvskading og fremme anbefalinger for videre arbeid på området etter handlingsplanens utløp i 2017. Videre arbeid på dette området vil ta utgangspunkt i hva Helsedirektoratet legger fram.

Representantens interpellasjon tar opp et viktig og veldig sårbart tema, nemlig risikoen for selvmord i tilknytning til behandling og overføring mellom ansvarsområder. Det er et område som generelt i helsetjenesten er kjent som et område med dessverre forhøyet risiko for at det skjer feil. Det er derfor veldig viktig at helseregionene og helseforetakene nå lærer av hverandres erfaringer. Jeg er enig med det som er interpellantens utgangspunkt, at gjennomgangen i status viser at det er forskjell på hvilken måte de ulike helseforetakene jobber systematisk med dette på overfor kommunene.

Kjersti Toppe (Sp) []: Takk til statsråden. Eg oppfattar at statsråden er tydeleg og har forståing for det som er hovudpoenget i interpellasjonen min, at vi ikkje kan akseptera at det er ved flytting av pasientar dette skjer, når dei allereie har vore inne i helsestellet. Eg kan akseptera og forstår veldig godt at førebygging av sjølvmord er komplekst og gjeld mange område, og det er òg eit stort og viktig arbeid. Men når først pasienten vert innlagd, kan ein ikkje akseptera at det er da han eller ho glepp. For det er ein ting vi veit, og det er at har ein vore innlagd for eit sjølvmordsforsøk og vert utskriven, er ein i risikosona for at det kan skje igjen.

Eg er glad for å høyra det statsråden seier, at han no er veldig tydeleg opp mot helseføretaka, og at det skal koma på plass rutinar i alle helseføretak. Om det er litt forskjellig frå helseføretak til helseføretak, er ikkje mitt poeng. Poenget er at det skal vera rutinar på plass, slik at ingen av desse pasientane glepp, for da har helsestellet svikta. Det kan ikkje skje. Vi kan skulda på kommunane – dei òg må gjera jobben sin, og dei har kanskje ikkje fokusert nok på denne pasientgruppa – men det er òg eit ansvar som ligg til helseføretaka, som trass alt skriv ut pasienten. Dette gjeld òg det vidgjetne samarbeidet mellom spesialist og kommunehelseteneste, som ikkje er godt nok, heller ikkje for denne pasientgruppa. Det må ein jobba med.

Eg er glad for det som vart sagt om fengselsvesenet. Vi kunne jo hatt justisministeren her òg for å greia ut om det, for det er ei problemstilling i seg sjølv. Eg høyrer kva statsråden seier om tiltak. Eg opplever at eg som sit i helse- og omsorgskomiteen, ikkje kan nok om det, men det er òg ein del av ansvaret til helsestellet å sørgja for likeverdige helsetenester til befolkninga, uansett om ein sit i fengsel eller ikkje. Vi veit at dei som er innsette, har ein auka risiko, så eg tenkjer at ein er nøydd til å via meir merksemd òg mot dei, spesielt opp mot sjølvmordsrisiko, som er veldig alvorleg.

Eg takkar for svaret og har eitt oppfølgingsspørsmål. Eg opplever at dette snakkar vi ikkje så mykje om. Eg kunne ønskt at vi fekk nokre saker til Stortinget der vi fekk status og tiltak. Kanskje eit høve kan vera når planen er over, at det på ein eller annan måte kjem ei oppfølgingssak til Stortinget, for vi treng å drøfta denne problemstillinga oftare.

Statsråd Bent Høie []: Jeg takker for tilbakemeldingen på mitt svar. Jeg er enig i vurderingene til representanten. Ja, vi har behov for bedre rutiner og systemer, men også oversikt på dette området.

En del av handlingsplanen i tiltaket var å få en bedre nasjonal oversikt og få mer kunnskap om selvmord som skjer blant pasienter som har vært under oppfølging av psykisk helsevern eller tverrfaglig spesialisert rusbehandling. Derfor fikk Helsedirektoratet i oppdrag av Helsedepartementet å forberede og koordinere en nasjonal innføring av et kartleggingssystem for selvmord i psykisk helsevern etter modell fra Storbritannia – såkalt NCI – i løpet av 2015 som ledd i handlingsplanen. Helseregion Nord fikk i oppdrag å innføre et nasjonalt kartleggingssystem etter modell fra Storbritannia sammen med Helsedirektoratet. Dette arbeidet er i gang, men det har tatt tid, bl.a. knyttet til søknader om datakonsesjon og dispensasjon fra taushetsplikten, som ble sendt Datatilsynet og Helsedirektoratet i august 2016. Det jobbes nå med å få dette godt implementert. Det vil også være et viktig verktøy nettopp for å skape et kunnskapsgrunnlag for å kunne få bedre rutiner på dette området.

Helsedirektoratet har fra 2017 fått i oppdrag å oppsummere og gi en status og anbefaling videre knyttet til resultatene fra handlingsplanen. Jeg ser det som helt naturlig at vi på en eller annen måte melder tilbake til Stortinget om dette. Nå legger vi årlig fram stortingsmelding om pasientsikkerhet og kvalitet. Det er ikke unaturlig at dette blir et tema i en sånn sammenheng, for dette handler jo også om det området som representanten tar opp, om det grunnleggende pasientsikkerhetsarbeidet for å hindre at selvmord skjer i forbindelse med eller i etterkant av behandling. Så det kan være én anledning til å melde tilbake igjen til Stortinget om dette temaet.

Elisabeth Røbekk Nørve (H) []: Å oppleve at en av ens nærmeste velger å ta sitt eget liv, er ubeskrivelig smertefullt for dem som sitter tilbake – ofte med mange ubesvarte spørsmål: Hva gikk galt? Hva kunne vi som pårørende, familie, venner og samfunn ha gjort annerledes?

I Norge dør i overkant av 500 mennesker årlig av sjølmord. 70 pst. av disse er ofte unge menn. Blant kvinner er sjølmordsforsøk og sjølskading – et rop om hjelp – mer vanlig. Til tross for at myndighetene de siste tiårene har lagt ned en betydelig innsats for å forebygge sjølmord, opplever vi fortsatt altfor høye tall.

Norge var et av de første land i verden som iverksatte nasjonale tiltak for å forebygge sjølmord, tidlig på 1990-tallet. I 1993 utarbeidet Sosial- og helsedirektoratet et nasjonalt program for å forebygge sjølmord. Programmet ble fulgt opp med en handlingsplan i 1994. Senere utarbeidet Nasjonalt kunnskapssenter for helsetjenesten en kunnskapsoppsummering som dannet grunnlaget for utarbeidelse av nasjonale retningslinjer for forebygging av sjølmord i psykisk helsevern. Helsedirektoratet ga også i 2011 ut en veileder om ivaretakelse av etterlatte etter sjølmord. Under dagens regjering kom Helsedirektoratets Handlingsplan for forebygging av selvmord og selvskading 2014–2017. Planen gir en samlet fremstilling av mål og tiltak for å forebygge sjølmord og sjølskading og skal tjene som et hjelpemiddel for å gjennomføre og videreutvikle innsatsen på området.

Alle disse tiltakene – i tillegg til de mange tiltakene som også helseministeren viste til – forteller oss at forebygging av sjølmord er et svært vanskelig og krevende arbeid, som det må jobbes med kontinuerlig.

Det er regjeringens mål at omfanget av sjølskading, sjølmordsforsøk og sjølmord skal ned. Jeg vil derfor trekke frem den viktige satsingen som regjeringen har hatt på det forebyggende helsearbeidet rettet mot barn og unge. Vi vet at når det gjelder dem som i dag tar sitt eget liv eller forsøker å ta sitt eget liv, handler det ofte om personer som har slitt med plager i årevis, siden de var barn eller tenåringer. Disse kunne vært hjulpet dersom de hadde møtt et hjelpeapparat som var tilgjengelig når problemene oppsto – før problemene ble for store.

Jeg tror at like viktig som en handlingsplan mot sjølmord, er et lett tilgjengelig lavterskeltilbud for barn og unge, en helsesøster med åpen dør eller tilgjengelig psykolog i kommunen. Regjeringens satsing på helsestasjons- og skolehelsetjenesten er derfor svært viktig å nevne i dagens debatt. Sammen med Kristelig Folkeparti og Venstre har regjeringen styrket disse tjenestene med over 1 mrd. kr. Vi skal lovfeste tilgjengelig psykolog i kommunen. Ved å styrke rekrutteringstilskuddet har vi bidratt til at kommunene kan ansette flere psykologer. Disse grepene har gitt resultater. Det er blitt flere helsesøstre, og ca. halvparten av kommunene har ansatt psykolog.

Regjeringen har også inkludert psykisk helse som en likeverdig del av folkehelsearbeidet, på linje med fysisk helse. Med det ser vi hele mennesket og bekrefter at kropp og sinn er like viktige for helsen.

Med de endringene som regjeringen har foretatt, må kommunene nå ha planer som viser hvordan de vil gjennomføre og iverksette det forebyggende arbeidet også innen psykisk helse. Når disse viktige tiltakene har fått tid til å virke, både håper og tror jeg at vi skal stå bedre rustet i det forebyggende arbeidet mot sjølmord og sjølmordsforsøk. Det viktige arbeidet på dette området må fortsette.

Jeg vil til slutt takke representanten Toppe for at hun har tatt opp dette viktige temaet, og jeg håper at debatten i dag bidrar til økt fokusering på viktigheten av at kommunene styrker det forebyggende arbeidet generelt, og inn mot barn og unge spesielt.

Freddy de Ruiter (A) []: Dette er kanskje et av de mest krevende temaene å snakke om. Det er fortsatt mye tabubelagt omkring det, derfor er det viktig å snakke om og fokusere mye på dette feltet.

Historien viser oss at antall selvmord økte dramatisk fra 1960-tallet fram mot 1980-tallet og har siden flatet ut. Det er et alvorlig og stort samfunnsproblem. Det kan se ut som det er vanskelig å finne gode tiltak som virker, det viser selvmordstallene fra 1980-tallet og fram mot i dag.

Det er allikevel viktig ikke å gi opp, og jeg tror forrige taler var inne på noe. Å ha lavterskeltilbud, å jobbe med praksisfeltet og å se hvert enkelt individ tror i hvert fall jeg er helt avgjørende for å få gode resultater. Jeg tror ikke nødvendigvis det hjelper med så mange planer, men jeg tror det handler om å møte mennesker der de er, å klare å individrette, klare å forebygge, klare å se helhet, klare å få til en samhandling mellom de ulike tjenestene, særlig overfor sårbare mennesker. Det er der en ser at det ofte glipper, nemlig i samhandlingen mellom kommunehelsetjenesten, spesialisthelsetjenesten, fengselsvesenet osv.

Vi ser også en rekke forskjeller i kvaliteten på tjenestetilbudet, så jeg tror en i enda større grad i årene framover må forplikte seg og ramme ting inn. Jeg tror ikke det nytter å gi stor slakk av frihet på en del av disse områdene.

Takk til interpellanten for å ta opp et viktig tema. Det er sikkert ikke siste gang denne salen diskuterer nettopp denne tematikken, med ulike vinklinger. Jeg tror det er viktig å konstatere at her handler det om å se enkeltindividet, her handler det om å finne gode løsninger for praksisfeltet, lavterskeltilbud, og kanskje vi må ramme ting mer inn og forplikte både kommunen, spesialisthelsetjenesten og andre aktører på en annen måte enn vi har gjort hittil.

Kjersti Toppe (Sp) []: Takk til dykkar som har hatt ordet. Eg hadde ein interpellasjon om det same den 19. mai 2014. Den gongen var bakgrunnen at Adresseavisen hadde kome med artiklar som viste at minst 423 pasientar hadde tatt livet sitt mens dei var innlagde i psykisk helsevern sidan 2010, altså to i veka – sjokkerande tal. Det var òg kopla saman med påvising av uforsvarleg behandling og alvorlege systemfeil.

Den gongen var debatten her i Stortinget om ein burde ha innført ei fortløpande registrering av sjølvmord og sjølvmordsforsøk i psykiatrien, altså få eit landsdekkjande kartleggingssystem. Den gongen gjekk statsråden lenger enn det som var eit punkt i handlingsplanen, som var at ein skulle greia ut moglegheitene for dette. Statsråden var tydeleg og sa at han skulle vurdera å få dette innført i oppdragsdokumentet for 2015. Eg kan ikkje hugsa heilt om han nemnde dette i innlegget sitt, men eg kan spørja han no om korleis det går med den saka, for det var jo positivt i 2014 at statsråden lytta og såg poenget med å få eit slikt verktøy i psykiatrien, der det skjer ein god del sjølvmord, og det er svært viktig å førebyggja.

Elles vil eg takka for debatten, og eg er veldig positiv til det som statsråden antyda – at ein kunne få dette inn i dei årlege meldingane om kvalitet i norsk helsevesen, som vi får til behandling ein gong i året. Det hadde vore veldig bra.

Statsråd Bent Høie []: Til det konkrete spørsmålet som interpellanten tar opp, fulgte jeg opp dette ved å gi Helsedirektoratet i oppdrag i 2015 å forberede og koordinere en nasjonal innføring av et kartleggingssystem for selvmord i psykisk helsevern etter modell fra Storbritannia, det såkalte NCI, i løpet av 2015. Samme år fikk også helseregionen i oppdrag å starte dette i samarbeid med Helsedirektoratet.

På bakgrunn av dette fikk Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging i oppdrag fra Helsedirektoratet å utarbeide og gjennomføre dette systemet. NSSF ble ferdig med planleggingen av prosjektet i fjor sommer, og søknaden om datakonsesjon og dispensasjon fra taushetsplikten ble sendt til Datatilsynet og Helsedirektoratet i august 2016. Saksbehandlingen har tatt lengre tid enn påregnet, men vedtakene fra Helsedirektoratet og Datatilsynet kom i henholdsvis desember 2016 og april 2017. Disse innebærer noen begrensninger for kartleggingssystemet i forhold til hva det ble søkt om fra NSSFs side, bl.a. når det gjelder typen data som tillates samlet inn, og hvordan dette må gjøres i tråd med taushetspliktbestemmelser og personvernhensyn. På bakgrunn av dette vil jeg nå be Helsedirektoratet om en oppdatert status og framdrift for videre oppfølging av oppdraget, men jeg opplever at oppdraget er blitt fulgt opp, og at nødvendige søknadsprosesser nå er gjennomført, slik at vi kan få kartleggingssystemet gjennomført på et nasjonalt nivå i Norge – som oppfølging av interpellasjonsdebatten som representanten viste til.

Presidenten: Dermed er debatten i sak nr. 8 omme.