Stortinget - Møte torsdag den 8. juni 2017

Dato: 08.06.2017
President: Olemic Thommessen
Dokument: (Innst. 373 L (2016-2017), jf. Prop. 119 L (2016-2017))

Søk

Innhald

Sak nr. 12 [23:35:58]

Innstilling fra næringskomiteen om Endringar i havressurslova m.m. (regulering av turistfiskenæringa m.m.) (Innst. 373 L (2016-2017), jf. Prop. 119 L (2016-2017))

Talarar

Presidenten: Etter ønske fra næringskomiteen vil presidenten foreslå at taletiden blir begrenset til 5 minutter til hver partigruppe og 5 minutter til medlemmer av regjeringen.

Videre vil presidenten foreslå at det – innenfor den fordelte taletid – blir gitt anledning til inntil seks replikker med svar etter innlegg fra medlemmer av regjeringen, og at de som måtte tegne seg på talerlisten utover den fordelte taletid, får en taletid på inntil 3 minutter.

– Det anses vedtatt.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) [] (ordførar for saka): Det har vore ei arbeidsmessig glede å leie arbeidet med denne saka i komiteen. Dette er ei sak som i stor grad handlar om eit teknisk forhold, men er også starten på ei ny regulering av eit felt som det på Stortinget er stor semje om har vore underregulert for lenge.

Den tekniske delen er at ein flytter delar av fiskeriforbodslova – det som no er igjen av ho – over til havressurslova, som regulerer turistfisket. Det gjer det ryddig. Det er eit ledd i eit litt større flytteprosjekt som har gått gjennom fleire etappar. I 2013 var siste gongen, og no gjer vi ei ny flytting. Samtidig nyttar ein anledninga til å gjere viktige justeringar av korleis ein regulerer turistfiske.

Utgangspunktet er ein rapport frå 2011, der ein såg på heile reguleringa av turistfiske i dag. Det er den lange ferda der som vi i dag på mange måtar avsluttar, men som eg, som eg skal koma tilbake til, meiner er ein start.

For det første opnar den nye lova, som vi i dag skal ha førstegongsbehandling av, for at verksemder, anlegg eller aktørar som legg til rette for turistfiske, skal gi visse opplysningar til myndigheitene, altså ei regulering som gir myndigheitene anledning til det. Dessutan får myndigheitene anledning til å etablere ei registreringsordning for desse bedriftene. I dag er det ingen særskilde rapporterings- eller registreringsplikter for desse selskapa, og vi har rett og slett ingen oversikt over kor stort uttaket av turistfiske er. Det verserer mange ulike tal. Antakeleg er det betydeleg. Vi veit at denne næringa er blitt stor og betydeleg, så i eit reint berekraftig forvaltningsperspektiv er det viktig å få fram ei oversikt over det totale uttaket i denne næringa. Og spesielt lokale bestandar: Vi veit at turistfiskarane i stor grad ikkje går langt. Dei er i nærleiken av kysten, og det er ofte der vi finn nokre av dei mest utfordra artane langs norskekysten. Det å få på plass eit skikkeleg regelverk og ei oversikt over kva dette inneber, er ekstremt viktig.

Det er også ein annan viktig dimensjon i dette, og det er å få på plass eit system for seriøsitet. I min landsdel kjem det dagleg inn rapportar om useriøse aktørar som driv turistfiske, som driv cowboyverksemd langs kysten og fiskar døgnet rundt for å finne den eine store fisken, og kastar fisken som ikkje er stor nok til å ta med seg heim som trofé. Dette er utlendingar som kjem til Noreg og behandlar havet og fisken på ein måte som vi ikkje vil ha noko av.

Dette er starten på reguleringa på dette området.

Samtidig må det seiast at turistfisket er ei fantastisk fin næring. Ho byggjer på dei stolte tradisjonane vi har langs kysten med kystkultur og god bruk av havet. Gjort på ein riktig måte kan dette vere ei fantastisk fin og veksande næring, men det må skje innanfor gode og solide rammer der vi har oversikt over bestanden.

Dette var ei slags behandling i etterkant av det forslaget som SV løfta i fjor haust, der vi tok til orde for ein serie andre reguleringar i tillegg til opplysingsplikt og registrering. Vi tok også til orde for å avvikle den særnorske ordninga som vi berre finn innanfor havfiske, der du kan ta med deg eit visst kvantum fisk ut av landet. Ingen andre område har det slik, ingen andre land har det slik – det er spesielt for Noreg. Vi ser no at alt så langt i år er det meir ulovleg utførsel av fisk frå Noreg enn det var i heile fjor, t.d. dobbelt så mykje på grensepasseringa i Nordland.

Dette må ein berre sjå på som ein start.

Det er eit mindretal som meiner at utføringa av fisk ikkje skal reknast i filet som i dag, men i rund fisk. Det er også eit mindretal – Arbeidarpartiet, Senterpartiet og SV står bak begge forslaga – som meiner at utførselskravet skal gjelde per år. No må eg få leggje til at primærstandpunktet til SV står i ei innstilling frå i haust, og det er at vi skal avvikle denne særnorske ordninga. Dette er vårt sekundære standpunkt.

Ingrid Heggø (A) []: Turistfisket er relativt svakt regulert i dag. Det er eit paradoks, faktisk, at yrkesfisket, som skjer i det same havet og beskattar den same fisken er mykje sterkare regulert. Så det var på høg tid at saka om regulering av turistfiske kom – på overtid, ja, men ho kom. Eg forstår likevel ikkje kvifor statsråden ikkje er meir tydeleg på kva ein vil, utanom å få plass registreringsordningar som alle er samde om.

Turistfisket langs kysten har auka betydeleg det siste året. Stadig fleire reiselivsbedrifter rettar seg inn mot denne marknaden. Det er både viktig og rett å satsa på ein veksande marknad. For opplevingsturisme vil ein nytta våre fremste fortrinn: fjordane og den nydelege langstrakte kysten vår.

Førre gong vi diskuterte dette, samla komiteen seg om fleire punkt, og eit av dei var nettopp registreringsordninga. Vi har vore opptekne av å få kontroll over kor mykje fisk som faktisk vert teken opp av utanlandske turistar. Dette er heilt i tråd med Arbeidarpartiet si fiskeripolitiske plattform, vi støttar det fullt ut. Det som forundrar meg, er at ein samla komité sa at det skulle utarbeidast omrekningsreglar, slik at talet på kilo som turistane kan ta ut av landet, no skal reknast i rund fisk. Dagens praksis med «loins» og filetar er bokstaveleg talt gårsdagens løysing, der brorparten av fisken vert kasta. Dette er ikkje i tråd med stortingsfleirtalet sitt ønske og vilje når det gjeld å utnytta heile fisken og alt råstoffet. Eg håpar og trur at det berre har skjedd ein glipp her, og at i alle fall Kristeleg Folkeparti og Venstre står ved det dei sa sist, og støttar forslaget som ligg inne her i dag.

Når det gjeld troféfiske, var vi samde om dette prinsippet også sist. Forskjellen den gong gjekk på at nokon ville vente til reiselivsmeldinga, som då skulle innehalda turistfiske også. Andre, bl.a. Arbeidarpartiet, ville veta det med ein gong. Ingen var den gong heller ueinige i prinsippet om at troféfiske burde inkluderast. Dette kapitlet lukkar vi i dag med samla å seia noko om det. Det er i same gate som utkast av fisk – bruk av heile fisken. Det er bra jobba av saksordføraren og ein samla komité.

Sist gong var det òg ein samla komité som peika på at det er opplevinga av å fiska som er hovudessensen i turistfisket, ikkje matauk. Det føreset eg også at vi alle framleis meiner, og då vert det heilt unaturleg å støtta ein auke utover dagens 15 kilo. Det utgjer faktisk eitt års forbruk om ein tek utgangspunkt i kosthaldsråda når det gjeld fisk, og utanlandske turistar har ikkje høve til å selja fangsten sin.

Arbeidarpartiet og SV er også denne gongen klare på at utførselskravet på kilo skal gjelde per år, ikkje per utførsel, og også her ber eg eigentleg om støtte frå andre.

Hermed tek eg opp mindretalsforslaga, som Arbeidarpartiet er med på.

Presidenten: Representanten Ingrid Heggø har tatt opp de forslagene hun refererte til.

Laila Davidsen (H) []: Igjen ser vi at regjeringen leverer. I dag har vi en sak til behandling som er etterlyst og etterspurt av både kommuner og seriøse reiselivsaktører over store deler av Kyst-Norge. Norge skal være en attraktiv reiselivsdestinasjon, og vi er nødt til å sikre oss rammebetingelser som gjør at seriøse aktører får mulighet til utvikling og vekst.

Vi vet at det over tid har fått vokse opp et marked innenfor turistfisket som gir lite eller ingenting igjen til lokalsamfunnene, som fører til et uoversiktlig uttak av fisk – og som oppleves konkurransevridende for de etablerte aktørene. Det skal nå ta slutt. Nå skal vi sikre at forvaltningen får bedre oversikt over det samlede uttaket av de viltlevende marine ressursene. Da vil det bli mulig å regulere turistfiskenæringen, på lik linje med all annen virksomhet som høster av ressursene i havet for næringsformål.

Dette forslaget vil pålegge virksomheter som eier eller driver fiskeanlegg eller fiskevirksomhet, å gi opplysninger om alt fisket i sjø som de legger til rette for. Men komiteen har også vært tydelig på at det er viktig at det gjennomføres på en praktisk og lite byrdefull måte for aktørene. Dette lovforslaget har blitt tatt godt imot av både næringen og høringspartene. Ved å gjøre denne lovendringen i dag vil departementet ha de nødvendige mulighetene til å fastsette forskriftsendringer som sikrer intensjonen i vedtaket. Turistfisket kommer også i framtiden til å være en viktig del av våre reiselivsnæringer. Nå vil det skje i kontrollerte former og på en bærekraftig og seriøs måte.

En liten kommentar må jeg få knytte til forslaget om å endre utførselsgrensen fra filetert til rund fisk, i utgangspunktet et tilforlatelig forslag, men etter Høyres vurdering vil det være en endring som krever nye høringer, og som vil forsinke endringene i forskriften ytterligere. Derimot tror vi at de nye forskriftene som nå kan innføres, vil sikre at turistfiskebedriftene gir turistene nødvendig opplæring i både hvordan de skal håndtere fisken – og også hvilket lovverk som skal følges. Det tror vi vil sikre at intensjonen om regulering og kontroll i turistfisket vil være godt ivaretatt.

Oskar J. Grimstad (FrP) []: Turistfiskenæringa er i dag lite regulert, og forvaltninga manglar påliteleg kunnskap om det samla uttaket frå havet.

Dåverande Fiskeri- og kystdepartementet sette på denne bakgrunn hausten 2010 ned ei arbeidsgruppe for å vurdere moglege forvaltningstiltak overfor den raskt veksande turistfiskenæringa langs kysten i Noreg. Rapporten har vore på allmenn høyring, og høyringsinnspela var i hovudsak positive til dei mest sentrale forslaga i rapporten, som registrering av turistfiskeverksemder, rapportering av fangst, forslag til endringar i havressurslova § 22 og ny forskrift om turistfiskeverksemder m.m.

Formålet er å få ei betre oversikt over det samla uttaket av viltlevande marine ressursar, og ein samla komité støttar dette.

Fiskeriforbodslova regulerer retten for utlendingar til å drive fiske og anna fiskerirelatert verksemd i norsk territorialfarvatn. Forslaget om å oppheve fiskeriforbodslova går ut på å flytte føresegnene i lova til havressurslova. Hovudformålet er å forenkle regelverket ved å oppheve ei lov som ikkje er naudsynt, og samle føresegner om fisket i sjø i ei felles lov, noko som er fornuftig, og som vil forenkle.

Fleirtalet i komiteen, alle unntatt medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, registrerer at forslaget frå regjeringa vil påleggje næringsdrivande ei ny administrativ byrde i form av registrering og innrapportering. I høyringa er det tatt til orde for at ordninga må gjennomførast på ein praktisk og lite byrdefull måte for aktørane, og alle partia elles i komiteen er einige om dette.

Så har diskusjonen gått om volumet den enkelte skal kunne fiske, og eit mindretal har tatt til orde for at dette skal vere rekna i rund fisk, mens det er brei einigheit om å «inkludere troféfiske i grensa for kor mykje fisk som kan takast ut av landet». Men framfor alt vil vi med denne reguleringa få eit oversyn over ressursuttaket og totaluttaket, og når ein får nødvendig oversikt over dette, vil ein kunne kome tilbake og gjere nødvendige endringar i volum og om dette skal vere årlege uttak.

Til slutt: Eg må innrømme at eg ikkje forstår argumentasjonsrekkja til Arbeidarpartiet når dei held innlegga sine, der dei prøver å skape eit inntrykk av at det er stor ueinigheit også i denne saka, om denne reguleringa. Det faktiske forholdet er at det er brei einigheit. Det er litt ueinigheit om det som eg var inne på: Skal ein seie at dette er eit årleg uttak? Skal ein rekne det i rund fisk? Skal ein rekne det i filetert fisk? Dette er jo mindre ting – som eg var inne på – i forhold til det at ein får eit oversyn over totalressursuttaket, på den same måten som profesjonelle fiskarar må registrere kvar kilo dei tar ut. Når ein får det totale oversynet her, kan ein også få ei betre forvaltning, og då kan ein kome tilbake igjen og sjå på kva som er nødvendig: Skal det vere rund fisk? Skal det vere filetert fisk? Korleis vel vi å ha det i framtida? Men den endringa og det forvaltningsregimet som vi legg opp til no, er etterlyste – og er gode tiltak.

Line Henriette Hjemdal (KrF) []: Jeg har sagt det ved flere anledninger i denne salen, og jeg sier det igjen: Norge er et vakkert land med store ressurser som vi skal forvalte godt. I dag er det særlig fiskeriressursene våre vi er opptatt av. Med en langstrakt kyst som både er vakker og rik på fisk, er vi også et populært reisemål og en populær destinasjon for fiskeglade folk.

Tidligere denne våren behandlet vi reiselivsmeldingen, hvor et samlet storting viste at vi ønsker å satse på reiselivet vårt, og at vi skal legge til rette for økt verdiskaping i denne næringen. Dette gjelder også for turistfiskenæringen.

Når det er sagt, må vi også ha to tanker i hodet samtidig – for vi ønsker vekst i denne næringen, men vi må også sikre at vi har oversikt over fiskeressursene som blir tatt opp gjennom næringen, slik at vi har kontroll over beskatningen av ressursene. Derfor støtter Kristelig Folkeparti forslaget om at det skal innføres et krav om registrering av turistfiskebedrifter og om rapportering av fangst. Dette skal skje på en måte som ikke gir næringen mye merarbeid eller økte kostnader.

En av utfordringene knyttet til turistfiske er at det blir igjen mye fisk etter at filetene er skåret og pakket. Dette fører til at mye fisk blir kastet. Kristelig Folkeparti ønsker at vi skal bruke hele fisken, og derfor støtter vi forslaget om å be regjeringen utarbeide omregningsregler slik at antall kilo blir regnet i rund fisk. Ved en inkurie framgår ikke dette av innstillingen, men jeg meddeler nå at Kristelig Folkeparti støtter dette forslaget, slik vi også gjorde i behandlingen av representantforslaget fra SV i høst.

Pål Farstad (V) []: Jeg vil vise til en samlet komité, som peker på at turistfisket er relativt svakt regulert i dag. Det er et paradoks at yrkesfisket, som foregår i det samme havet, i de samme fjordene, og beskatter den samme fisken, er mye sterkere regulert. Derfor synes jeg det er positivt at regjeringen nå fremmer forslag for å styrke reguleringen av turistfisket.

Jeg vil også peke på behovet for å få en bedre oversikt over det som beskattes av fisk og andre marine ressurser. I en merknad vi er alene om, peker vi på at en bedre oversikt over det som beskattes i forbindelse med turistfiske, er påkrevd. Jeg mener det er viktig at ordningen utformes på en effektiv og rasjonell måte med minst mulig administrativ byrde for dem den vil omfatte, slik vi peker på i merknaden som vi dessverre står alene om.

Jeg vil avslutte med å melde at Venstre også går inn i forslag nr. 1:

«Stortinget ber regjeringa utarbeide omrekningsreglar slik at talet på kilo vert rekna i rund fisk.»

Det gjør vi ut fra det at vi i en merknad i teksten peker på dette for å hindre det vi ser i dag, at mye av fisken blir kastet. Det er en logisk konsekvens for oss å være med på det forslaget fra – så langt – mindretallet.

Statsråd Per Sandberg []: Denne lovproposisjonen dreier seg om to forskjellige forslag. Det ene forslaget går ut på å innføre lovhjemler som er helt nødvendige for å kunne innføre den reguleringen av turistfiskenæringen som de aller fleste ønsker. Det andre forslaget går ut på å forenkle fiskeriregelverket, og forenklingen består rett og slett i å oppheve en gammel lov, fiskeriforbudsloven, og flytte lovens resterende bestemmelser til havressursloven. Forslaget innebærer en oppdatering og en modernisering av lovbestemmelsene som flyttes til ny lov. Forslaget innebærer også at regelverket blir mer tilgjengelig ved at det samles på ett sted i lovverket.

La meg også si at jeg er glad for at regjeringen har fått full tilslutning for begge forslagene fra en enstemmig næringskomité. Det er bra, for begge forslagene er viktige. Forslaget om å innføre en lovhjemmel for å regulere turistfiskenæringen anser jeg som en milepæl. Turistfiskenæringen har etter hvert utviklet seg til å bli en viktig næring i Norge. Den bidrar til både aktivitet og arbeidsplasser langs kysten, og dette er stort sett positivt.

Samtidig er det et paradoks, noe flere har vært inne på, at denne viktige næringen er så svakt regulert – turistfiske skjer jo i det samme havet og beskatter de samme ressursene som det tradisjonelle yrkesfisket. Derfor kommer denne reguleringen nå. Dette er også turistfiskenæringen selv klar over, og den har vært gjennomgående positiv til at vi får en sånn ordning på plass.

Jeg har også hatt på høring et forslag til ny forskrift om turistfiskenæringen med nærmere bestemmelser om registrering, rapportering osv. Variabel utførselskvote inngår også i dette høringsforslaget. Jeg tar sikte på å fullføre arbeidet med ny forskrift etter at Stortinget nå vedtar de nødvendige lovhjemlene. Forskriften dreier seg i stor grad om relativt tekniske bestemmelser, og derfor stusser jeg litt over at de rød-grønne komitémedlemmene mener det er uheldig at regjeringen på en rekke områder ikke har konkludert. Det vil vi jo gjøre så snart vi får de nødvendige lovhjemlene vedtatt av Stortinget. Jeg registrerer også at ulike mindretall har en del synspunkter på hvordan vi skal beregne utførselskvoten, herunder omregningsregler. Dette går på relativt tekniske beregningsspørsmål som jeg er sikker på at vi får løst på en god måte når vi fastsetter forskriften.

Jeg registrerer at representanter fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og SV også her vil fremme noen mishagsytringer gjennom at de antyder at regjeringen har brukt lang tid på dette forslaget. Disse representantene mener også at det er uheldig at vi går inn i nok en sommersesong uten at regelverket er på plass. Jeg må si jeg blir litt overasket over å høre det fra de rød-grønne representantene. Regjeringens forslag bygger som kjent på anbefalinger fra en partssammensatt arbeidsgruppe. Arbeidsgruppen bestod av representanter fra turistfiskenæringen og fiskenæringen foruten forvaltning og forskning. Alle anbefalingene var omforent. Denne arbeidsgruppen avga altså sine anbefalinger til den rød-grønne regjeringen i juni 2011. Alt lå altså til rette for å følge opp de omforente anbefalingene allerede i 2011, men den rød-grønne regjeringen gjorde absolutt ingenting. Hadde de rød-grønne den gangen fulgt opp anbefalingene som de er så enig i, hadde vi ikke bare hatt på plass et regelverk denne sommersesongen, men også de foregående tre sommersesongene. Men la nå det ligge. Jeg er uansett glad for at vi nå får på plass de nødvendige reglene fra neste sesong, og at det er bred enighet på Stortinget om regjeringens forslag.

Jeg registrerer også at en samlet næringskomité foreslår at Stortinget ber regjeringen inkludere troféfiske i utførselskvoten. Det tar jeg til etterretning og vil følge opp når jeg så raskt som mulig fastsetter nye forskriftsbestemmelser i medhold av de nye lovhjemlene. Et alternativ der er rett og slett bare å ta ut troféfiske og eventuelt også legge noen begrensninger på størrelsen på fisken og heller slippe den ut. Vi har et problem med kveite i så måte. Et enkelt grep er å ta ut begrepet troféfisk, så blir det inkludert i utførselskvotene.

Presidenten: Det blir replikkordskifte.

Ingrid Heggø (A) []: Dagens praksis med loins og filetar er bokstavleg talt gårsdagens løysing, der brorparten av fisken vert kasta. Eg er veldig glad for at det no ser ut til å verta eit fleirtal, og ein samla komité stod òg sist gong bak ein merknad om omrekning frå filet til rund fisk. No har likevel regjeringspartia trekt seg, slik eg forstår det. Så spørsmålet mitt er: Er statsråden sjølv for eller imot ei omrekning til rund fisk?

Svein Roald Hansen hadde her overtatt presidentplassen.

Statsråd Per Sandberg []: Jeg sa nettopp fra talerstolen at jeg registrerer at dette er et ønske, og derfor vil det være helt naturlig at jeg ser på omregningsmåter. Men vi vet at omregningsfaktorer i det tradisjonelle fisket er en byråkratisk sak, og det er veldig teknisk. Hvis vi skal begynne å pålegge hver enkelt turistnæring og hver enkelt lille bedrift der ute å drive med omregningsfaktorer, blir det i hvert fall ingen forenkling i så måte. Jeg sier at vi selvfølgelig skal se på ulike måter å finne en beregning på, hvis det er ønsket.

Når det gjelder dette med utførsel, som jeg nevnte forbindelse med troféfisk: Hvis man tar den bort, blir den også en del av utførselskvoten, og det er noe som må vurderes når hjemlene er på plass.

Ingrid Heggø (A) []: Statsråden viste til at dei raud-grøne viste mangel på handlekraft, for dei fekk rapporten i 2011 og sat til 2013. Då er det nærliggjande å spørja: Regjeringa Solberg har sete i fire år – er statsråden nøgd med at reguleringa av turistfisket heller ikkje denne sesongen kjem på plass, når det har gått fire år? Kva seier det då om handlekrafta til denne regjeringa?

Statsråd Per Sandberg []: Jeg hadde ønsket at de rød-grønne hadde gjennomført dette da de fikk rapporten på bordet i juni 2011. Det var stor enighet, det var overhodet ingen uenighet, så for de rød-grønne var det faktisk bare å trykke på knappen i 2011, og så hadde dette vært på plass. Da hadde det ikke vært noen diskusjon. Jeg er laget slik at jeg synes at alt går for sakte, men det er noen tekniske utfordringer med å få på plass både lovendringer og registreringer, og vi ønsker i stor grad å gjøre det enklest mulig for turistbedriftene der ute. Da må man også bruke noe tid på det, og derfor har det vært en høringsprosess om dette. Jeg leter hele tiden etter måter å forenkle på, og for en Fremskrittsparti-representant er det ikke enkelt å innføre nye registreringer, nye regler og nye lover. Det tror jeg representanten Heggø vet.

Ingrid Heggø (A) []: Eg konstaterer at det at dei raud-grøne brukte litt over eitt år og ikkje trykte på knappen, er mangel på handlekraft, mens bortforklaringa om at denne regjeringa har sete i fire år utan å trykkja på knappen, viser handlekraft.

Ein samla komité har òg meint at det er opplevinga ved å fiske som er hovudessensen i turistfisket – ikkje matauk. 15 kilo – det er faktisk eitt års forbruk, viss ein tek utgangspunkt i kosthaldsråda for fisk.

Kjem statsråden til å la grensa på 15 kilo stå?

Statsråd Per Sandberg []: Hadde de rød-grønne bare vist litt handlekraft i 2011, hadde vi ikke trengt å bruke ressurser på det i det hele tatt. Det var mitt poeng med dette. Og som jeg sa: I juni i 2011 lå dette helt klart, det var servert til de rød-grønne, men de gjorde ingenting med det. Nå har vi i hvert fall fått det på plass, og da synes jeg kanskje at representanten Heggø også skulle vist litt glede når vi nå får dette som har vært etterlyst over så lang tid.

Nei, jeg har ikke låst meg til noe, men i høringen var det 30 kilo. Noen er litt bekymret for det og mener det er litt mye. Man kan jo se for seg at grensen for antall kilo kan settes til f.eks. 10 kilo, altså 5 kilo mindre enn i dag, for dem som ikke registrerer seg. Og så kan man eventuelt sette grensen til 20 kilo – altså 5 kilo mer enn i dag – for dem som blir med på registreringsordningen. Det er én måte å se på det på.

Men hvis det er et signal fra Stortinget at man skal ned på et enda lavere antall kilo, mottar jeg selvfølgelig de meldingene, hvis de skulle komme.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Kva gjer regjeringa med den stadig aukande fiskesmuglinga?

Statsråd Per Sandberg []: Jeg hørte at representanten Fylkesnes tok opp dette også i sitt innlegg og pekte på bekymringene. Det er ikke nødvendigvis slik at det er økt smugling. Det vet man ikke, det kan man ikke kvalitetssikre. Men at det blir tatt mer, er helt riktig. Det settes nå inn ressurser i et bredt og betydelig samarbeid mellom de ulike etatene – toll, skatt osv. – for å avdekke og ta dem som smugler sjømat fra Norge. Men vi må fokusere betydelig på det framover også. Vi kan ikke lene oss tilbake selv om vi får på plass nye regler. Jeg har fått akkurat de samme bekymringsmeldingene som representanten Knag Fylkesnes pekte på. Det er cowboyvirksomhet der ute – ikke så lite heller, har jeg forstått – og derfor er det et spørsmål om vi må iverksette kontroll og tilsyn langs kysten av dette, som er omfattende, slik jeg har forstått det.

Torgeir Knag Fylkesnes (SV) []: Det er ei aukande mengd. Vi får fleire og fleire rapportar om utlendingar som kjem til landet og tar seg til rette på ulovleg vis. Kontrollsystemet rundt dette er svært mangelfullt. Informasjonen er også for dårleg. Mange turistar anar ikkje kor mykje dei kan ta ut av landet.

Når ein får beskjed om at Tollvesenet så langt i år, til og med mars, har dobla talet på beslag samanlikna med året før – altså tatt dobbelt så mange beslag på tre månader som i heile fjoråret – meiner eg det bør gå ein alarm, for under dette kan det rett og slett liggje omfattande fiskesmugling. Kan statsråden forklare kva for konkrete tiltak ein har gått i gang med, og kva som skjer no?

Statsråd Per Sandberg []: Jeg pekte litt på det. Og det er riktig: Det er store beslag som vi registrerer nå. Vi skal være litt tilfreds med det også, tror jeg, for det betyr at de ansvarlige etatene gjør jobben sin. At vi avdekker denne typen smugling i større grad enn noensinne, betyr at vi har satt inn betydelig med ressurser til det.

Det kan også være en økning. Det har jeg også fått rapport om fra ulike steder når jeg reiser langs kysten. Det er eksempler på at man har bygd om garasjer til filetanlegg, osv. Det har jeg fått rapporter om. Derfor tror jeg vi må styrke kontrollen langs kysten, der denne aktiviteten foregår, men vi må også styrke grensekontrollen, og slik ta ut mye mer av dette.

Presidenten: Replikkordskiftet er omme.

Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 12.