Stortinget - Møte tirsdag den 13. juni 2017

Dato: 13.06.2017
President: Olemic Thommessen
Dokument: (Innst. 349 S (2016–2017), jf. Dokument 14 (2016–2017))

Innhald

Sak nr. 17 [16:46:16]

Innstilling fra justiskomiteen om Årsrapport for 2016 fra Stortingets utvalg for rettferdsvederlag (Innst. 349 S (2016–2017), jf. Dokument 14 (2016–2017))

Talarar

Hadia Tajik (A) [] (leiar i komiteen og ordførar for saka): Det er ein samrøystes komité som har levert innstilling etter behandling av årsrapporten for rettferdsvederlagsordninga for 2016. Rettferdsvederlagsordninga er Stortingets eiga ordning, der enkeltpersonar kan søkja om ein skjønnsmessig kompensasjon frå staten når vedkomande har kome særleg uheldig ut og er påført skade eller ulempe som ikkje vert dekt etter alminnelege erstatningsreglar eller gjennom trygde-, forsikrings- eller erstatningsordningar. Det er ei ordning som er basert på sedvane. Sakene vert avgjorde av Stortingets utval for rettferdsvederlag, og det er Statens sivilrettsforvaltning som har fått oppgåva som sekretariat for utvalet.

Komiteen registrerer at utvalet har halde ti møte og avgjort 407 saker i 2016. Søknader etter særordningane har stabilisert seg på i underkant av 100 saker per år. Søknader etter alminneleg ordning har variert, men har lege relativt stabilt på rundt 400 saker årleg dei seinare åra.

Komiteen merker seg at det i 2016 er utbetalt 25,8 mill. kr i rettferdsvederlag frå staten, ca. 5 mill. kr mindre enn i 2014 og 2015.

Komiteen merker seg at den totale gjennomsnittlege saksbehandlingstida har gått noko ned, frå 17 til 14 månader, og ser positivt på det.

Til slutt vil eg understreka at dette er ei viktig ordning. Det er enkeltsaker av betydning. Og det er ikkje minst òg ein del av vår felles historie. Me takkar difor for Rettferdsvederlagsutvalet sitt arbeid og understrekar kor viktig det er at alle saker vert behandla så raskt som det er forsvarleg å gjera.

Presidenten: Flere har ikke bedt om ordet til sak nr. 17.