Stortinget - Møte onsdag den 6. februar 2019

Dato: 06.02.2019
President: Magne Rommetveit

Innhald

Formalia

President: Magne Rommetveit

Presidenten: Representanten Nina Sandberg, som har vore permittert, har igjen teke sete.

Den innkalla vararepresentanten frå Akershus fylke, Solveig Schytz, tek no sete.

Frå Framstegspartiet si stortingsgruppe ligg det føre søknad om sjukepermisjon for representanten Mazyar Keshvari frå og med 6. februar og inntil vidare.

Etter forslag frå presidenten vart samrøystes vedteke:

  1. Søknaden vert handsama straks og innvilga.

  2. Vararepresentanten, Carl I. Hagen, vert innkalla for å møta i permisjonstida.

Presidenten: Carl I. Hagen er til stades og vil ta sete.