Stortinget - Møte torsdag den 7. mars 2019

Dato: 07.03.2019
President: Nils T. Bjørke

Søk

Innhald

Voteringer

Votering

Etter at det var ringt til votering, sa

presidenten: Då ser det ut til at me er klare til å gå til votering.

Votering i sak nr. 1

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt fem forslag, frå Hulda Holtvedt på vegner av Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber Stortingets presidentskap fremme et forslag hvor Stortingets retningslinjer for bruk av tilskudd fra Stortinget til stortingsgrupper og uavhengige representanter oppdateres. De nye retningslinjene skal inneholde et krav om økonomisk åpenhet om hvordan tilskuddene brukes, med retningslinjer for innsyn i regnskapene tilsvarende annen bruk av offentlige midler.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber Stortingets presidentskap i sin gjennomgang av gruppetilskuddet legge til grunn at det er behov for mer åpenhet om hvordan partigruppenes midler brukes og fremme et forslag om dette innen utgangen av 2019.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber Stortingets presidentskap i sin gjennomgang av gruppetilskuddet sammenligne økonomisk åpenhet for gruppetilskudd hos andre parlamenter og redegjøre for regelverk som sikrer større åpenhet enn Stortinget har i dag.»

Forslag nr. 4 lyder:

«Stortinget ber Stortingets presidentskap i sin gjennomgang av gruppetilskuddet sikre at eksperter og organisasjoner som spesialiserer seg på økonomisk åpenhet og åpenhet i parlamenter blir rådspurt.»

Forslag nr. 5 lyder:

«Stortinget ber Stortingets presidentskap søke råd gjennom Open Government Partnership om hvordan Stortinget kan vise større åpenhet, blant annet i forbindelse med gjennomgangen av gruppetilskuddet.»

Det vert votert alternativt mellom desse forslaga og tilrådinga frå presidentskapet.

Sosialistisk Venstreparti har varsla støtte til forslaga.

Presidentskapet hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:59 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentant Per Espen Stoknes om oppdatering av retningslinjer for bruk av tilskudd fra Stortinget til stortingsgrupper og uavhengige representanter – vedlegges protokollen.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå presidentskapet og forslaga frå Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt vart tilrådinga vedteken med 90 mot 9 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 13.32.26)

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten har Elise Bjørnebekk-Waagen sett fram eit forslag på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til endringer i lov eller foreta nødvendige forskriftsendringer for å sikre at kvinner med alvorlige fødselsskader kan få rett til erstatning eller kompensasjon.»

Det vert votert alternativt mellom dette forslaget og tilrådinga frå komiteen.

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:45 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Kjersti Toppe og Siv Mossleth om å sikre kvinner rett til erstatning etter alvorlige fødselsskader – vedtas ikke.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 51 mot 48 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 13.33.31)

Votering i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt fire forslag. Det er

  • forslaga nr. 1 og 2, frå Tuva Moflag på vegner av Arbeidarpartiet

  • forslag nr. 3, frå Kjersti Toppe på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 4, frå Sheida Sangtarash på vegner av Sosialistisk Venstreparti

Det vert votert over forslag nr. 4, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen i samarbeid med ansattes organisasjoner utrede og foreslå kvalitets- og kompetansebaserte bemanningsnormer i eldreomsorgen.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart med 89 mot 9 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.34.15)

Presidenten: Det vert så votert over forslag nr. 3, frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme tiltak som gir kommunene insentiver til å styrke verdibasert, stedlig ledelse i den kommunale eldreomsorgen, og informere Stortinget på egnet vis.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 80 mot 19 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.34.33)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:24 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Ingvild Kjerkol, Tuva Moflag, Tellef Inge Mørland, Elise Bjørnebekk-Waagen og Tore Hagebakken om å utrede og innføre kvalitetskrav for eldreomsorg i norske kommuner – vedtas ikke.

Presidenten: Det vert votert alternativt mellom tilrådinga og forslaga nr. 1 og 2, frå Arbeidarpartiet.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede og innføre kvalitetskrav for eldreomsorg i norske kommuner.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen i utredningen av kvalitetskrav for eldreomsorgen vurdere en løsning med egne innsatsteam som kan hjelpe kommuner å heve kvaliteten på tilbudet.»

Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Arbeidarpartiet vart tilrådinga vedteken med 69 mot 30 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 13.35.22)

Votering i sak nr. 4

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 3:5 (2018–2019) – Riksrevisjonens undersøkelse av tilgjengelighet og kvalitet i eldreomsorgen – vedlegges protokollen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 5

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 3:2 (2017–2018) – Riksrevisjonens kontroll med forvaltningen av statlige selskaper – 2017 – vedlegges protokollen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.