Stortinget - Møte tirsdag den 20. november 2018

Dato: 20.11.2018
President: Morten Wold

Søk

Innhald

Voteringer

Votering

Etter at det var ringt til votering, sa

presidenten: Då er Stortinget klar til å votere.

Votering i sak nr. 1

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt fem forslag. Det er

  • forslaga nr. 1 og 2, frå Tuva Moflag, på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 3, frå Kjersti Toppe på vegner av Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti

  • forslag nr. 4, frå Kjersti Toppe på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 5, frå Sheida Sangtarash på vegner av Sosialistisk Venstreparti

Det vert votert over forslag nr. 3, frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen forskriftsfeste krav til ergoterapi- og fysioterapikompetanse i sykehjem.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti vart med 75 mot 27 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.16.52)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 4, frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen snarest mulig igangsette en kartlegging av menneskerettighetssituasjonen på norske sykehjem og i hjemmetjenesten, der også beboere og brukere selv, og deres pårørende, er kilder. Regjeringen bes rapportere til Stortinget på egnet måte.»

Kristeleg Folkeparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 76 mot 27 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.17.17)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 1 og 2, frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede en endring i Husbankens tilskuddsordning til heldøgns omsorgsplasser i sykehjem og omsorgsboliger, slik at tilskuddsordningene også kan inkludere trygghetsboliger uten heldøgns omsorg.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen ta initiativ overfor partene i arbeidslivet for å få på plass et samarbeid for opprettelse av vikarpool med fast ansatte vikarer i kommunene, eventuelt som et samarbeid mellom nærliggende kommuner.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Voteringstavlene viste at 53 representantar hadde røysta for forslaga og 51 representantar hadde røysta imot.

(Voteringsutskrift kl. 14.17.43)

Trygve Slagsvold Vedum (Sp) (fra salen): Jeg tror noen kan ha stemt feil. Kan vi ta voteringen om igjen?

Presidenten: Det verkar som at det er fleire som har røysta feil. Då tek me voteringa om igjen.

Votering:

Forslaga frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart vedtekne med 53 mot 52 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.18.33)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 5, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at den planlagte tilskuddsordningen til renovering, etablering eller gjenetablering av lokalkjøkken på sykehjem blir utredet og lagt fram i løpet av første halvdel av 2019, og at det i forslag til revidert nasjonalbudsjett settes av midler til ordningen.»

Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstre parti vart med 53 mot 52 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.19.02)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:
I

Stortinget ber regjeringen fremme forslag om at «ensomhet» tas inn i folkehelseloven § 7.

II

Stortinget ber regjeringen stimulere til etablering av lavterskel psykisk helsetilbud for eldre i flere kommuner.

III

Stortinget ber regjeringen legge til rette for at kommuner og frivillige organisasjoner kan styrke sitt arbeid og sine tiltak for at eldre og aleneboende skal få noen å spise måltider sammen med.

IV

Stortinget ber regjeringen legge fram en helhetlig nasjonal strategi for godt kosthold og sunn ernæring hos eldre som mottar tjenester i sykehjem og hjemmetjeneste, med forslag til konkrete, målrettede tiltak.

V

Stortinget ber regjeringen vurdere særskilte tiltak for å styrke den ernæringsfaglige kompetansen og det systematiske ernæringsarbeidet i helse- og omsorgstjenesten og komme tilbake til Stortinget på egnet vis.

VI

Stortinget ber regjeringen utrede en egen tilskuddsordning til stillinger som kan sikre økt tverrfaglig kompetanse og mer frivillighet ved norske sykehjem og i hjemmetjenesten.

VII

Stortinget ber regjeringen i 2019 fremme egen sak for Stortinget om palliativ omsorg og oppfølging av NOU 2017:16 På liv og død – Palliasjon til alvorlig syke og døende.

VIII

Meld. St.15 (2017–2018) – Leve hele livet – En kvalitetsreform for eldre – vedlegges protokollen.

Presidenten: Det vert først votert over VI.

Høgre, Framstegspartiet og Venstre har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 56 mot 47 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.20.23)

Presidenten: Det vert så votert over I, II, III, IV, V og VII.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Presidenten: Det vert så votert over VIII.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt 15 forslag. Det er

  • forslaga nr. 1–9, frå Elise Bjørnebekk-Waagen på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti

  • forslaga nr. 10 og 11, frå Kjersti Toppe på vegner av Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti

  • forslag nr. 12, frå Sheida Sangtarash på vegner av Sosialistisk Venstreparti

  • forslaga nr. 13 og 14, frå Olaug V. Bollestad på vegner av Kristeleg Folkeparti

  • forslag nr. 15, frå Elise Bjørnebekk-Waagen på vegner av Arbeidarpartiet

Det vert votert over forslaga nr. 13 og 14, frå Kristeleg Folkeparti. Forslag nr. 13 lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endring av alkoholloven for slik å redusere maksimal skjenketid fra kl. 03.00 til kl. 02.00.»

Forslag nr. 14 lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til lovendring som sikrer at kommunale salgs- og skjenkegebyrer settes til minimum én prosent av alkoholomsetningen.»

Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Kristeleg Folkeparti vart med 96 mot 9 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 14.21.39)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 12, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede om det finnes grupper som trenger et utvidet informasjonsopplegg knyttet til skadevirkningene av alkohol og andre rusmidler ved graviditet, og om den nasjonale faglige retningslinjen for svangerskapsomsorgen følges godt nok opp eller trenger forsterkning.»

Senterpartiet, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart med 84 mot 21 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.22.04)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 10, frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen komme tilbake til Stortinget med forslag til tiltak som begrenser forbruksdrivende produktinformasjon om alkohol.»

Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti vart med 78 mot 27 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 14.22.25)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 7, frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at alle gravide får god informasjon om skaden alkoholinntak under svangerskap kan påføre barnet, herunder sikre at absolutt alle gravide informeres om dette på svangerskapskontroll.»

Sosialistisk Venstreparti og Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti vart vedteke med 57 mot 48 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.22.52)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 1–6 og 8 og 9, frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringen sette ned et offentlig utvalg for å vurdere de store samfunnsmessige kostnadene ved alkohol for samfunn, arbeidsliv og enkeltpersoner og deres familier.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen innlede et samarbeid med idrettens organisasjoner om å styrke arbeidet for å gjøre idrett til en alkoholfri sone.»

Forslag nr. 3 lyder:

«Stortinget ber regjeringen invitere arbeidslivets parter til et styrket samarbeid for økt bevissthet rundt holdninger til alkohol i arbeidslivet, for å fremme verdien av alkoholfrie arenaer og understreke behovet for valgfrihet og redusert alkoholpress i arbeidssammenheng.»

Forslag nr. 4 lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag for Stortinget om å innføre krav om innholdsmerking av alkoholholdig drikk.»

Forslag nr. 5 lyder:

«Stortinget ber regjeringen innføre sterkere tiltak mot smugling av alkohol til Norge gjennom bedre kontrollmekanismer, som blant annet tilstrekkelige driftsmidler til kontrollarbeid.»

Forslag nr. 6 lyder:

«Stortinget ber regjeringen i enda større grad tilrettelegge for behandlingstilbud for hele familier med alkoholproblemer.»

Forslag nr. 8 lyder:

«Stortinget ber regjeringen om å sikre at gravide med rusavhengighet får tettere oppfølging, og sørge for at det er nok plasser til å dekke behovet for behandling og oppfølging av kvinnene og barna.»

Forslag nr. 9 lyder:

«Stortinget ber regjeringen innføre en merkeordning for alkoholholdig drikk med helseadvarsler om alkoholbruk under graviditet og i forbindelse med kjøring.»

Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Kristelig Folkeparti vart vedtekne med 57 mot 48 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.23.20)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 15, frå Arbeiderpartiet. Forslaget vart under debatten endra, og har no følgjande ordlyd:

«Stortinget ber regjeringen reversere utvidelsen som ble gjort i taxfree-ordningen i 2014 fra 1/1-2020.»

Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet – med den nemnde rettinga – vart vedteke med 57 mot 48 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.23.55)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 11, frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen vurdere en reversering av den siste endringen av taxfree-kvoten ut ifra en evaluering av hvordan kvoten påvirker Vinmonopolets salg og stilling som et av de viktigste alkoholpolitiske instrumentene.»

Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti , Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla subsidiær støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti vart vedteke med 57 mot 47 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.24.22)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Stortinget ber regjeringen fremme en nasjonal alkoholstrategi for Stortinget, som beskriver hvordan de alkoholpolitiske målene om reduksjon i alkoholforbruket skal oppnås.

Presidenten: Høgre, Framstegspartiet og Venstre har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 57 mot 48 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.24.53)

Votering i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten har Kjersti Toppe sett fram eitt forslag på vegner av Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen i alkoholforskriftens bestemmelse om inndragning av bevilling ved overtredelse av alkohollovens regler legge til grunn at maksimalt antall prikker før inndragning av bevilling skal være åtte, ikke tolv.»

Det vert votert alternativt mellom dette forslaget og tilrådinga frå komiteen.

Bak innstillinga står Arbeidarpartiet, Høgre, Framstegspartiet og Venstre. Miljøpartiet Dei Grøne har varsla støtte til innstillinga.

Raudt har varsla støtte til forslaget frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti.

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Stortinget ber regjeringen – i påvente av Folkehelseinstituttets evaluering av de normerte reglene for inndragning av skjenkebevilling – om ikke å gjøre endringer i prikksystemet, men sørge for at evalueringen, om mulig, framskyndes.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaget frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti vart tilrådinga frå komiteen vedteken med 80 mot 25 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 14.27.04)

Votering i sak nr. 4

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:
  1. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre utbedring av strekningen E6 Krokstrand sentrum–Bolna innenfor en kostnadsramme på 301 mill. 2018-kroner.

  2. Stortinget samtykker i at bompengeselskapet får tillatelse til å ta opp lån og kreve inn bompenger til utbygging og finansiering av E6 Helgeland nord, inkl. utbedring av strekningen Krokstrand sentrum–Bolna. Vilkårene framgår av denne proposisjonen.

  3. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå tilleggsavtale med bompengeselskapet og fastsette nærmere regler for finansieringsordningen.

Presidenten: Raudt har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 98 røyster mot 1 røyst.

(Voteringsutskrift kl. 14.27.36)

Votering i sak nr. 5

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:
  1. Stortinget samtykker i at bompengeselskapet får tillatelse til å ta opp lån og kreve inn bompenger til delvis bompengefinansiering av prosjektet fv. 311 Presterødbakken i Vestfold. Vilkårene framgår av denne proposisjonen.

  2. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsette nærmere regler for finansieringsordningen.

Presidenten: Raudt har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 102 røyster mot 1 røyst.

(Voteringsutskrift kl. 14.28.17)

Votering i sak nr. 6

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:
  1. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å gjennomføre prosjektet rv. 36 Bø–Seljord innanfor ei kostnadsramme på 291 mill. 2018-kroner.

  2. Stortinget samtykkjer i at bompengeselskapet får løyve til å ta opp lån og krevje inn bompengar til bompengefinansiering av utbygging av rv. 36 på strekninga Bø–Seljord i Telemark. Vilkåra går fram av Prop. 113 S (2017–-2018).

  3. Samferdselsdepartementet får fullmakt til å inngå avtale med bompengeselskapet og fastsetje nærare reglar for finansieringsordninga.

Presidenten: Raudt har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 102 røyster mot 1 røyst.

(Voteringsutskrift kl. 14.28.47)

Presidenten: Sakene nr. 7–10 er andre gongs behandling av lovsaker og gjeld lovvedtaka 5 til og med 8.

Det ligg ikkje føre nokon forslag til merknad. Stortingets lovvedtak er dermed godtekne ved andre gongs behandling og vert å senda Kongen i samsvar med Grunnlova.