Stortinget - Møte torsdag den 22. november 2018

Dato: 22.11.2018
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Søk

Innhald

Voteringer

Votering

Etter at det var ringt til votering, sa

presidenten: Då er Stortinget klar til å gå til votering.

Votering i sak nr. 1

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt sju forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Marit Knutsdatter Strand på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 2, frå Martin Henriksen på vegner av Arbeidarpartiet

  • forslag nr. 3, frå Marit Knutsdatter Strand på vegner av Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslaga nr. 4–7, frå Audun Lysbakken på vegner av Sosialistisk Venstreparti

Det vert votert over forslag nr. 4, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge fram en plan for opptrapping av offentlig og ideelt eierskap og drift for å sikre at barnehagene drives av offentlige eller ideelle aktører.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart med 92 mot 8 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.14.20)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 5, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen innføre, eller fremme nødvendige forslag for å innføre, et krav om at når en barnehage selges, må ny eier søke om tilskudd på nytt.»

Arbeidarpartiet og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart med 63 mot 37 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.14.40)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 3, frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen innføre meldeplikt og forkjøpsrett for kommunen ved salg av barnehager og fremme forslag til eventuelle nødvendige lovendringer for å innføre slik rett og plikt.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 82 mot 18 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.15.02)

Presidenten: Det vert votert over forslaga nr. 6 og 7, frå Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 6 lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme de forslag som er nødvendige for å endre størrelsen på pensjonstilskuddet til de private barnehagene, slik at de tilsvarer de reelle pensjonskostnadene barnehagene har.»

Forslag nr. 7 lyder:

«Stortinget ber regjeringen endre regelverket slik at hele pensjonstilskuddet som private barnehager mottar blir brukt i tråd med formålet og kommer de ansatte i barnehagen til gode.»

Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Forslaga frå Sosialistisk Venstreparti vart med 52 mot 48 røyster ikkje vedtekne.

(Voteringsutskrift kl. 13.15.24)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen sørge for at kommunene får adgang til å stille samme krav til private og offentlige barnehager.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 52 mot 48 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.15.44)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 2, frå Arbeidarpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge fram sak om innføring av meldeplikt og forkjøpsrett for kommunen ved salg av barnehager, inkludert en vurdering opp mot EØS-avtalens bestemmelser, og fremme forslag til eventuelle nødvendige lovendringer.»

Sosialistisk Venstreparti og Raudt har varsla subsidiær støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet vart med 63 mot 37 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.16.04)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Stortinget ber regjeringen gjennomgå finansieringssystemet for private og kommunale barnehager med sikte på å ivareta de små og ideelle barnehagene og en mangfoldig barnehagesektor.

Presidenten: Raudt har varsla støtte til innstillinga.

Presidenten antek at Høgre, Framstegspartiet og Venstre ynskjer å røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 53 mot 47 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 13.16.39)

Votering i sak nr. 2

Presidenten: Under debatten er det sett fram to forslag. Det er

  • forslag nr. 1, frå Jorodd Asphjell på vegner av Arbeidarpartiet

  • forslag nr. 2, frå Hans Fredrik Grøvan på vegner av Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti

Det vert votert over forslag nr. 2, frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag til lovendring, slik at retten til videregående opplæring for ungdom med endelig avslag på asylsøknad gjelder fram til utsendelsesdato.»

Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti vart med 76 mot 24 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.17.22)

Presidenten: Det vert votert over forslag nr. 1, frå Arbeidarpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen gi en vurdering av hvordan man kan sikre at mindreårige med endelig avslag på asylsøknad får fortsette påbegynt videregående opplæring fram til utreisefrist, forutsatt at de involverte samarbeider om retur. Opplæringen bør være tilpasset slik at den er returforberedende.»

Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet har varsla subsidiær støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet vart med 55 mot 45 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.17.51)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Stortinget ber regjeringen foreta en vurdering av hvordan kommuner og fylkeskommuner kan bidra til relevante, returforberedende aktivitets- eller opplæringstilbud for mindreårige ungdommer med endelig avslag på asylsøknad fram til utreisedato, forutsatt at de involverte aktivt samarbeider om retur, og komme tilbake til Stortinget på egnet måte.

Presidenten: Presidenten antek at Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Kristeleg Folkeparti og Raudt ynskjer å røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart med 52 mot 47 røyster ikkje vedteken.

(Voteringsutskrift kl. 13.18.38)

Votering i sak nr. 3

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Stortinget samtykker i deltakelse i en beslutning i EØS-komiteen om innlemmelse i EØS-avtalen av nye tilpasninger til forordning (EU) nr. 1031/2010 om auksjonering av klimakvoter, og inngåelse av to avtaler med Kommisjonen om tilknytning til EUs avtaler om felles tildeling av kontrakter for å anskaffe felles auksjonsplattformer og auksjonsovervåker.

Presidenten: Raudt har varsla at dei vil røysta imot.

Voteringstavlene viste at 90 representantar hadde røysta for tilrådinga frå komiteen og 2 representantar hadde røysta imot.

(Voteringsutskrift kl. 13.19.13)

Carl-Erik Grimstad (V) (fra salen): Jeg stemte feil.

Presidenten: Det ser ut som om det er fleire som har røysta feil. Då tek me voteringa om igjen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 98 røyster mot 1 røyst.

(Voteringsutskrift kl. 13.20.04)

Votering i sak nr. 4

Presidenten: Under debatten har Åslaug Sem-Jacobsen sett fram eitt forslag på vegner av Senterpartiet. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen ved utgangen av 2020 foreta en evaluering av foreldrepermisjonsordningen som trådte i kraft 1. juli 2018. Evalueringen skal primært ta for seg foreldrenes erfaringer, barneperspektivet, helsemessige konsekvenser for mor samt erfaringer med amming som følge av endringen i fedre- og mødrekvoten».

Kristeleg Folkeparti og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Senterpartiet vart med 79 mot 21 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.20.40)

Presidenten: Under debatten vart det gjort merksam på ein skrivefeil i lovvedtaket under §14-14 første ledd andre punktum. Ordet «førsel» vart retta til «fødsel».

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande vedtak til

lov

om endringar i folketrygdloven (tredeling av foreldrepengeperioden ved 80 prosent uttak)

I

I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd blir det gjort følgjande endringar:

§ 14-9 femte ledd skal lyde:

Stønadsperioden kan deles mellom foreldrene når begge fyller vilkårene for rett til foreldrepenger etter § 14-6. Når foreldrene velger full sats, er 15 uker forbeholdt faren (fedrekvoten) og 15 uker forbeholdt moren (mødrekvoten). Disse ukene er unntatt fra deling, se § 14-12. Tilsvarende er 19 uker forbeholdt hver av foreldrene når de velger redusert sats.

§ 14-9 nytt sjette ledd skal lyde:

Unntatt fra deling er de siste 15 stønadsdagene (3 ukene) før og de første 30 stønadsdagene (6 ukene) etter fødselen, som er den delen av stønadsperioden som er forbeholdt moren ved fødsel. De første 6 ukene etter fødsel som er forbeholdt moren, inngår i mødrekvoten. Mødrekvoten kan ikke tas ut før fødsel.

Noverande sjette ledd blir nytt sjuande ledd.

§ 14-12 første ledd første og andre punktum skal lyde:

Dersom begge foreldrene fyller vilkårene for rett til foreldrepenger, er 75 stønadsdager (15 uker) av stønadsperioden forbeholdt faren (fedrekvote) og 75 stønadsdager (15 uker) av stønadsperioden forbeholdt moren (mødrekvote) når foreldrene velger full sats. Ved redusert sats er 95 stønadsdager (19 uker) tilsvarende forbeholdt hver av foreldrene.

§ 14-14 første ledd andre punktum skal lyde:

Både ved fødsel og adopsjon skal det gjøres fratrekk for den delen av stønadsperioden som er forbeholdt moren etter fødselen, jf. § 14-9 sjette ledd.

§ 14-16 andre ledd skal lyde:

Unntatt fra gradert uttak er den delen av stønadsperioden som er forbeholdt moren, se § 14-9 sjette ledd.

II

Lova trer i kraft 1. januar 2019. Lova gjeld for tilfelle der uttaket av stønadsperioden startar 1. januar 2019 eller seinare.

Presidenten: Kristeleg Folkeparti har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiten – med den nemnde rettinga – vart vedteken med 93 mot 5 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 13.21.21)

Presidenten: Det vert votert over overskrifta til lova og lova i det heile.

Presidenten antek at Kristeleg Folkeparti ynskjer å stemma imot.

Votering:

Overskrifta til lova og lova i det heile vart vedtekne med 93 mot 5 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 13.21.48)

Presidenten: Lovvedtaket vil verta ført opp til andre gongs behandling i eit seinare møte i Stortinget.