Stortinget - Møte onsdag den 22. april 2020

Dato: 22.04.2020
President: Tone Wilhelmsen Trøen

Søk

Innhald

Voteringer

Votering

Etter at det var ringt til votering, sa

presidenten: Stortinget er då klar til å gå til votering over sakene på dagens kart.

Votering i sak nr. 1, debattert 22. april 2020

Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Særskilt melding til Stortinget om isolasjon og mangel på menneskelig kontakt i norske fengsler (Innst. 172 S (2019–2020), jf. Dokument 4:3 (2018–2019))

Debatt i sak nr. 1

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 4:3 (2018–2019) – Særskilt melding til Stortinget om isolasjon og mangel på menneskelig kontakt i norske fengsler – vedlegges protokollen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 2, debattert 22. april 2020

Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Riksrevisjonens undersøkelse av saksbehandlingstid og effektivitet i tingrettene og lagmannsrettene (Innst. 166 S (2019–2020), jf. Dokument 3:3 (2019–2020))

Debatt i sak nr. 2

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 3:3 (2019–2020) – Riksrevisjonens undersøkelse av saksbehandlingstid og effektivitet i tingrettene og lagmannsrettene – vedlegges protokollen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 3, debattert 22. april 2020

Innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen om Særskilt melding til Stortinget om PSTs ulovlige innhenting og lagring av flypassasjeropplysninger (Innst. 184 S (2019–2020), jf. Dokument 7:2 (2019–2020))

Debatt i sak nr. 3

Presidenten: Under debatten har Dag Terje Andersen sett fram eit forslag på vegner av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Regjeringens håndtering av saken om ulovlig systematisk masseinnsamling og -lagring av flypassasjeropplysninger er sterkt kritikkverdig, da regjeringen hadde opplysninger om forholdene, men unnlot å stanse praksisen.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 54 mot 33 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.29.32)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 7:2 (2019–2020) – Særskilt melding til Stortinget om PSTs ulovlige innhenting og lagring av flypassasjeropplysninger – vedlegges protokollen.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Votering i sak nr. 4, debattert 22. april 2020

Innstilling fra justiskomiteen om Endringar i bilansvarslova (verkeområde, ansvarsgrense mv.) (Innst. 215 L (2019–2020), jf. Prop. 137 L (2018–2019))

Debatt i sak nr. 4

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande vedtak til

lov

om endringar i bilansvarslova (verkeområde, ansvarsgrense mv.)

I

I lov 3. februar 1961 om ansvar for skade som motorvogner gjer, blir det gjort følgjande endringar:

§ 2 skal lyde:
§ 2 (skade som ikkje går inn under lova)

Ein skade går ikkje inn under lova i tilfelle då skaden

  • a) kjem av at motorvogna vert nytta til anna enn køyredoning, eller

  • b) er gjord medan vogna er forsvarleg fråsegsett utanfor gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast, eller

  • c) er gjord medan vogna er med i organisert trenings- eller konkurransekøyring på lukka bane eller anna avsperra område, og det er teikna forsikring i samsvar med reglane som gjeld for slik køyring, eller

  • d) er atomskade som går inn under lov om atomenergivirksomhet, kapittel III om erstatning og forsikring.

§ 5 skal lyde:
§ 5 (skade som ikkje kan krevjast bøtt)

Ein kan ikkje krevja skadebot etter lova her for skade på motorvogna sjølv med tilhøyrsle, og heller ikkje for skade på gods som vert ført med vogna, frårekna gangklede og andre vanlege eigne bruksting som folk har på seg eller med seg på køyreturen som ferdagods, og som vert skadde i samband med at folk eller ei vogn får skade.

Ein kan heller ikkje krevja skadebot etter lova her for skade som nokon får på eiget sitt medan han køyrer motorvogna eller tilhengjaren eller anna vedheng til dei, frårekna gangklede og andre vanlege eigne bruksting som folk har på seg eller med seg på køyreturen som ferdagods, og som vert skadde i samband med at folk eller ei vogn får skade.

§ 9 skal lyde:
§ 9 (ansvarsgrense ved skade på eige)

Når eige vert skadd, kan skadebota vera opptil 100 000 000 kroner for det som vert skadd i same hending. Var det meir enn ei vogn som gjorde skaden, hefter dei som har ansvaret for kvar vogn, for heile summen.

Er skaden på eiget større enn 100 000 000 kroner, og meir enn éin har lide skade, vert summen bytt mellom dei etter storleiken på kvart skadebotkrav. Krav om skadebot må setjast fram til trygdeverket eller, om så er, staten eller den kommunen eller kommunale institusjonen som det gjeld, jf. § 16, seinast ein månad etter skaden vart gjord. Skadelidar som set fram kravet sitt etter den tid og etter at skadebota til andre skadelidarar er utreidd, kan krevja sitt berre av det som står att av ansvarssummen (trygdesummen).

Attåt skadebot som nemnd i paragrafen her, skal det svarast rente etter § 6 og sakskostnad.

§ 10 skal lyde:
§ 10 (motorvogn som ikkje er trygda eller ikkje kjend)

Når ei motorvogn som skulle vore trygda, men ikkje er det, gjer skade på folk eller eige, skal dei trygdelaga som er godkjende eller registrerte etter § 17 bokstav a, bera skaden i lag som om vogna hadde vore lovleg trygda hjå dei. Det same gjeld når ei motorvogn som ikkje er trygda, vert nytta urettmessig. Fyrste og andre punktum gjeld likevel ikkje om skadelidaren av fri vilje har teke plass i motorvogna som gjorde skaden, endå skadelidaren visste at ho ikkje var lovleg trygda.

Har ei motorvogn gjort skade på folk, fast eigedom eller dyr, men ingen veit å seia kva for vogn det var, skal dei trygdelaga som er godkjende eller registrerte etter § 17 første ledd bokstav a, bera skaden i lag som om vogna hadde vore lovleg trygda hjå dei. Fyrste punktum gjeld tilsvarande for skade på anna eige enn fast eigedom og dyr, men berre når det ved hendinga også er gjort meir enn uvesentleg skade på person. I vurderinga av om det er gjort meir enn uvesentleg skade på person, skal det leggjast vekt på kor stor og varig skaden er.

§ 13 første ledd skal lyde:

Dei trygdelaga som har reidd ut skadebot etter § 10 fyrste leden, kan søkja utlegget att, anten nokon er ansvarleg for skaden etter vanlege skadebotreglar eller ikkje, hjå den som forsømde å trygda motorvogna, eller hjå den som køyrde eller brukte henne då skaden vart gjord, endå han visste eller måtte vita at vogna ikkje var lovleg trygda. Om motorvogna vert nytta urettmessig, svarar brukaren i staden for eigaren. Kjem det til å verka urimeleg i fall heile kravet lyt svarast, og åtferda er orsakande, kan retten minka kravet.

§ 15 skal lyde:
§ 15 (motorvogner skal vera trygda)

Motorvogn som er registrert eller skulle vore registrert eller ha kjennemerke etter vegtrafikklova, skal eigaren trafikktrygda for all skade som går inn under kapitel II. Anna motorvogn skal eigaren trafikktrygda om han let vogna verta brukt, faren med eller fråsegsett på slik vis at det kan koma opp skadebotkrav etter denne lova.

§ 17 første ledd bokstav h og ny bokstav i skal lyde:
  • h) trygding for motorvogner som blir ført inn til riket utan å vere registrert her,

  • i) at alle eller sume slag uregistrerte motorvogner skal ha med lovleg trygdeprov når dei vert køyrde eller fråsegsette på gate, veg eller annan stad der ålmenta kan ferdast.

§ 20 skal lyde:
§ 20 (straffer)

Om nokon

  • a) brukar eller køyrer ei motorvogn endå han veit eller må vita at vogna ikkje er lovleg trygda, eller

  • b) let vera å retta seg etter påbod om trygdeprov, gjevne med heimel i § 17 fyrste leden bokstav i, vert han straffa med bot.

§ 21 første ledd skal lyde:

Kongen utpeiker eit eller fleire organ som skal sjå til at trygdelag, skadebehandlingsrepresentantar, informasjonssenter og erstatningsorgan oppfyller sine plikter etter lover og forskrifter som gjennomfører direktiv 2009/103/EF.

II

Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Kongen kan setje i kraft dei ulike føresegnene til ulik tid.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart samrøystes vedteken.

Presidenten: Det vert votert over overskrifta til lova og lova i det heile.

Votering:

Overskrifta til lova og lova i det heile vart samrøystes vedtekne.

Presidenten: Lovvedtaket vil verta ført opp til andre gongs handsaming i eit seinare møte i Stortinget.

Votering i sak nr. 5, debattert 22. april 2020

Innstilling fra justiskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentant Une Bastholm om å innføre obligatorisk ID-merking av hund og katt (Innst. 206 S (2019–2020), jf. Dokument 8:175 S (2018–2019))

Debatt i sak nr. 5

Presidenten: Under debatten er det sett fram i alt tre forslag. Det er

  • forslaga nr. 1 og 2, frå Lene Vågslid på vegner av Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti

  • forslag nr. 3, frå Petter Eide på vegner av Sosialistisk Venstreparti

Det vert votert over forslag nr. 3, frå Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å innføre obligatorisk ID-merking av katter.»

Voteringstavlene viste 77 røyster mot og 10 røyster for forslaget frå Sosialistisk Venstreparti.

(Voteringsutskrift kl. 13.31.07)

Ingvild Kjerkol (A): Jeg stemte feil.

Fleire frå salen: President! Jeg stemte feil.

Presidenten: Då tek me voteringa på nytt.

Votering:

Forslaget frå Sosialistisk Venstreparti vart med 80 mot 6 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.31.34)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:175 S (2018–2019) – Representantforslag fra stortingsrepresentant Une Bastholm om å innføre obligatorisk ID-merking av hund og katt – vedtas ikke.

Presidenten: Det vert votert alternativt mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga nr. 1 og 2, frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Forslag nr. 1 lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om å innføre obligatorisk ID-merking av hunder.»

Forslag nr. 2 lyder:

«Stortinget ber regjeringen utrede en obligatorisk ordning for generell ID-merking av andre familiedyr i Norge.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaga.

Votering:

Ved alternativ votering mellom tilrådinga frå komiteen og forslaga frå Arbeidarpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart tilrådinga vedteken med 52 mot 33 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 13.32.16)

Votering i sak nr. 6, debattert 22. april 2020

Innstilling fra næringskomiteen om Representantforslag fra stortingsrepresentantene Åsunn Lyngedal, Cecilie Myrseth, Terje Aasland og Nils Kristen Sandtrøen om å stoppe salget av våre felles norske skoger (Innst. 224 S (2019–2020), jf. Dokument 8:50 S (2019–2020))

Debatt i sak nr. 6

Presidenten: Under debatten har Geir Pollestad sett fram eit forslag på vegner av Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder:

«Stortinget ber regjeringen legge fram en sak for Stortinget som viser hvordan Statskog SF kan investere i videreforedlende skogindustri i Norge og bidra til mer industribygging og næringsutvikling også lokalt i områdene der Statskog SF har eiendommer.»

Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla støtte til forslaget.

Votering:

Forslaget frå Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vart med 45 mot 42 røyster ikkje vedteke.

(Voteringsutskrift kl. 13.32.50)

Komiteen hadde tilrådd Stortinget å gjera følgjande

vedtak:

Dokument 8:50 S (2019–2020) – Representantforslag fra stortingsrepresentantene Åsunn Lyngedal, Cecilie Myrseth, Terje Aasland og Nils Kristen Sandtrøen om å stoppe salget av våre felles norske skoger – vedtas ikke.

Presidenten: Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Raudt har varsla at dei vil røysta imot.

Votering:

Tilrådinga frå komiteen vart vedteken med 55 mot 32 røyster.

(Voteringsutskrift kl. 13.33.25)