Stortinget - Møte torsdag den 20. oktober 2022

Dato: 20.10.2022
President: Morten Wold

Søk

Innhald

Sak nr. 1 [10:02:26]

Interpellasjon fra representanten Alfred Jens Bjørlo til olje- og energiministeren: «Bølgjekraft kan bli ein viktig del av framtidas grøne energimiks. Det skjer for tida ei rask teknologiutvikling innanfor bølgjekraft – mellom anna mogleg integrering med flytande offshore vind. European Energy Forum anslår at bølgjekraft kan levere 10 pst. av Europas elektriske kraftproduksjon innan 2050. I Noreg er SINTEF ein sentral aktør i teknologiutviklinga, og det skal testast ut elektrifisering av havbruksanlegg med bølgjekraft i Vestland. Kva vil regjeringa gjere for at Noreg skal bli ein leiande nasjon i utviklinga av bølgjekraftteknologi?»

Talarar

Alfred Jens Bjørlo (V) []: Energiframtida har ikkje eitt svar, men mange. Det er både fordi vi treng store mengder rein fornybar energi for å elektrifisere samfunnet og erstatte fossil energi, og fordi eit mangfald av energiløysingar – i Noreg og i eit felles europeisk kraftnett – gjev eit meir robust og mindre sårbart samfunn. Nokre typar fornybar energi med stort potensial, som offshore vind, har allereie sterke krefter i ryggen i form av kapital, industrielle partnarskap og store menneskelege ressursar. Andre energiformer har også stort potensial, men ikkje dei same sterke, allereie eksisterande industrielle kreftene i ryggen. Det gjeld bølgjekraft. Difor er det tema for min interpellasjon i dag.

European Energy Forum har anslått at bølgjeenergi, altså det å utnytte energien i havbølgjer til å produsere elektrisk kraft, kan levere så mykje som 10 pst. av den samla elektriske kraftproduksjonen i Europa i framtida.

Det klassiske argumentet mot bølgjekraft kan lesast i svara frå Olje- og energidepartementet til Stortinget i vår i samband med energimeldinga:

«Staten har i over fire tiår støttet forskning og utvikling av bølgekraftteknologier, uten at det har gitt de helt store resultatene.»

Det er nok ei korrekt skildring av fortida, men det er ikkje nødvendigvis ei like presis skildring av framtida. Bølgjekraft står no høgst truleg framfor nettopp det gjennombrotet som lenge har vore etterlyst, både på grunn av teknologiske framsteg og fordi bølgjekraft for første gong har fått ein definert plass i den samla energistrategien til Europa.

For i det siste har det skjedd noko som aldri har skjedd før, og som kan bety eit tidsskifte for bølgjekraft. EU-kommisjonen har i sin nye strategi for fornybar havenergi sett ein konkret ambisjon for bølgjekraft og tidvasskraft: 1 GW innan 2030 og 40 GW innan 2050. 40 GW innan 2050 – då snakkar vi om eit volum og ein marknad som det er potensial i, både industrielt og som bidrag til framtidas energiforsyning. Og dette går raskt: Allereie neste år planlegg ein på EU-nivå å lyse ut anbod på ein bølgjekraftpark med minimum fire einingar.

Kva så med Noreg? For det første – og svært viktig: Når EU no blinkar ut bølgjekraft som satsingsområde i sine forskingsprogram, er framståande norske teknologimiljø som SINTEF Energi og SINTEF Ocean på ballen. SINTEF-miljøa er sentrale partnarar i eit europeisk samarbeidsprosjekt som skal demonstrere ny testmetodikk for bølgjekraftomformarar. Og vi har norske bølgjekraftinitiativ som er i ferd med å ta dei neste stega. Neste år set teknologiselskapet Havkraft frå Nordfjord i drift eit bølgjekraftverk som ikkje lenger er eit reint testanlegg, men som skal levere straum på ordinær måte – til Svanøy Havbruk utanfor Florø i Vestland. Noreg – og Vestlandet – får dermed neste år det første oppdrettsanlegget i verda som er elektrifisert med bølgjekraft.

Også andre norske industrimiljø arbeider no målretta med bølgjekraft, slik som på Haugalandet, der industrimiljøet m.a. ser potensialet i bølgjekraft i samband med planlagd utbygging av offshore vind.

Då energikomiteen handsama energimeldinga i vår, sa ein samla komité følgjande:

«Komiteen viser til at det ligger et potensial i fornybar energi fra bølge- og tidevannskraft, og mener det må investeres mer i og forskes mer på dette.»

Og då er vi ved årsaka til at eg løftar denne interpellasjonen i dag. Viss vi har denne felles forståinga – at bølgje- og tidvasskraft har eit potensial og bør satsast på som ein del av energimiksen i framtida – då hastar det med å kome vidare. For så raskt og med så konkrete mål som EU no bevegar seg framover, kan vi ikkje risikere at dette blir endå eitt av dei områda der Noreg hadde sjansen til å gå i front og leie an i teknologiutviklinga, men lèt andre kome først.

Dersom vi trur på at bølgjekraft har eit potensial, må vi faktisk gjere noko. Forske, ja, men endå viktigare er det at vi no set konkrete mål for kva rolle bølgje- og tidvasskraft skal ha i det norske kraftsystemet fram mot 2030, 2040 og 2050, slik Noreg allereie har gjort på offshore vind, og slik EU no også har gjort for bølgje- og tidvasskraft. Og ikkje minst: at vi kjem i gang med fleire reelle bølgjekraftprosjekt, slik at vi får testa ut teknologiløysingane.

Eg er oppteken av energipotensialet som ligg i bølgjekraft, men også av industripotensialet. Bølgjekraft passar som hand i hanske inn i den maritime kompetansen og dei maritime industrimiljøa vi allereie har i Noreg. Så akkurat no trur eg vi står ved eit vegskilje for satsinga på bølgjekraft i Noreg. No må vi vere med på det toget som går i EU, og kople på nye norske teknologiløysingar som snart blir rulla ut i praktisk bruk.

Så mi utfordring til statsråden er: Kva vil regjeringa gjere for at Noreg skal bli ein leiande nasjon i utviklinga av bølgjekraftteknologi?

Statsråd Terje Aasland []: Takk til interpellanten for å bringe opp en diskusjon om utviklingen innenfor fornybarområdet, som er veldig viktig.

Forskning og teknologiutvikling er nødvendig for å møte lavutslippssamfunnet og sikre energitilførselen. Det er mange potensielle gamechangere man kan se for seg framover, enten det er hydrogen, CO2-håndtering, bølgekraft eller andre teknologier. Virkeligheten her og nå er likevel at vannkraften er ryggraden i vår energiforsyning, og at vindkraft er det billigste rene alternativet.

Jeg er enig med interpellanten i at bølgekraftpotensialet i Europa er stort og på sikt kan bli en del av Europas grønne energimiks. Men foreløpig er bølgekraft en umoden teknologi, med en installert kapasitet på kun 2,3 MW. De kommende årene venter IRENA basert på sin prosjektdatabase at installert kapasitet øker til 100 MW, men mange av konseptene er fortsatt i test- og demonstrasjonsfasen. Først i 2020 ble det installert konsepter med en kapasitet på over 1 MW.

Norge har med sin lange kyst også et stort teoretisk potensial for bølgekraft. Hvis man bygger ut 20 pst. av det tekniske potensialet, kan det være snakk om 12–30 TWh kraftproduksjon, men det er en lang vei å gå før bølgekraft er konkurransedyktig sammenlignet med andre energiteknologier.

Samtidig vet vi at utnyttelse av bølgekraft ikke er uproblematisk. Vi vet hvilke enorme krefter bølgene representerer. De teknologiske kravene må nødvendigvis være store. Det stilles store krav til kompetanse, teknologiutvikling og gjennomføringsevne når slike prosjekter skal realiseres. Det er også miljøhensyn som må tas.

Staten har i over fire tiår, som representanten refererte til, og særlig på 1980-tallet, støttet forskning på og utvikling av bølgekraftteknologier, uten at det har gitt de helt store resultatene. Dette skyldes at det er svært økonomisk og teknologisk krevende å få utnyttet bølgekraft sammenlignet med andre fornybare energikilder. Det er heller ikke noen særlig stor interesse fra industri og næringsliv på området.

Rett før sommeren fikk jeg overrakt den nye Energi21-strategien fra styret for Energi21. Den gir anbefalinger til departementet og bransjen om hvordan forsknings- og innovasjonsinnsatsen for rene energiteknologier bør innrettes. Energi21 har prioritert åtte satsingsområder som det anbefales å styrke innsatsen innenfor, bl.a. vindkraft, havvind, solenergi og hydrogen. Bølgekraft er ikke prioritert, men Energi21 viser til et behov for å videreutvikle også bølgekraft som en del av en bredere kunnskapsbase om utvalgte energiteknologier.

Det strategien trekker fram, er behov for utvikling av robuste, kostnadseffektive anlegg som tåler påkjenningene fra bølgekraft, og støtte til patentering, oppskalering og kommersialisering av konsepter. Alt dette har vi allerede virkemidler i Norge som støtter opp under gjennom ulike programmer. Både i Norges forskningsråd, Enova og Innovasjon Norge er det mulig å søke støtte til utvikling og innovasjon av norsk bølgekraftteknologi, inklusiv bølgekraftverk kombinert med havvind, men det krever at norske forsknings- og teknologimiljøer og næringslivet kommer opp med relevante bølgekraftprosjekter, og at disse når opp i konkurransen med andre energiteknologiprosjekter. De senere årene har det imidlertid ikke vært særlig stor interesse fra energibransjen for utvikling av bølgekraft.

Jeg er derimot enig med representanten i at bølgekraft på sikt kan bli en del av framtidens energimiks, og at vi kan bidra til teknologiutvikling på området. Det har vi som sagt allerede et virkemiddelapparat som er rigget for å kunne gjøre. Men for å møte de energi- og klimautfordringene vi står overfor, mener jeg det er viktigere å konsentrere teknologiinnsatsen i Norge om områder der vi har et aktiv næringsliv og gode kunnskapsmessige forutsetninger for å lykkes. Vi bør derfor heller konsentrere oss om å styrke forsknings- og innovasjonsinnsatsen innenfor fornybar energi som havvind, vannkraft, energieffektivisering, karbonfangst og -lagring, hydrogen og elektrifisering enn å satse tungt på bølgekraft.

Alfred Jens Bjørlo (V) []: Eg takkar statsråden for svaret, eit svar som kanskje illustrerer nettopp det dilemmaet som eg har prøvd å reise med denne interpellasjonen. Statsråden påpeikar og seier seg einig i at bølgjekraft – det å utnytte kraft frå bølgjene – vil vere ein del av energimiksen i framtida, det er ei energiform som kjem, og vil vere ein del av framtida, men at vi per i dag ikkje har det nødvendige trykket i det til at vi kan få fart på teknologiutviklinga i Noreg. Då er vi i ein klassisk høna-eller-egget-problematikk. Då er eigentleg spørsmålet kva vi må gjere no for at vi skal kome nærare det målet at bølgjekraft blir ein del av energimiksen i framtida. Det er der eg påpeikar – og det trur eg er ein nøkkel – det EU no gjer: at ein faktisk begynner å plassere konkrete mål for utbygging av bølgje- og tidvasskraft inn i den samla strategien for utvikling av energisystema i Europa og koplar det med å leggje resursar bak både forsking og det å få opp dei første testanlegga.

Det er heilt rett at det enno er eit stykke veg å gå, men vi er no ved det tidspunktet då EU begynner å blinke ut mål som gjer at det er mogleg å få industrien og tyngre krefter bak til å satse på bølgjekraft. For det som er ein stor fordel med bølgjekraft som teknologi, er at dei anlegga, dei modulane ein skal ha opp, er relativt små og relativt rimelege viss ein samanliknar med eksempelvis offshore vind, der modulane er store, kostbare og krev store investeringar. Dette er noko som er mogleg å gjere i mindre skala og få til å funke. Eg trur vi no står framfor pilotar som vil kome opp i løpet av kort tid, som eg nemnde i stad, både i Noreg og elles i Europa.

Eg har lyst til å utfordre statsråden, eigentleg på to område. Dersom vi skal kome vidare frå forsking på ting som verkar dårleg, over til å konsentrere oss om det som verkar bra, standardisere, få fart på det som gjev potensial, kva verkemiddel ser statsråden for seg kan vere aktuelle for det? Kan vi tenkje oss eksempelvis å prøve ut «feed-in»-tariffar, der ein faktisk får betaling for det som leverer straum på nettet, og ikkje berre det som ikkje gjer det? Er det aktuelt å setje norske ambisjonar og mål for kor vi skal fram mot 2050 på bølgjekraft og tidvasskraft, slik som EU no gjer? Ser statsråden det som interessant, som han også var inne på, å kombinere den utbygginga som no skal gjerast av offshore vind, med å prøve ut bølgjekraft – altså ein kombinasjon? For då har ein løyst ein del av problema med infrastruktur, nettpåkopling osv. Ein kan ta fleire energiformer inn i ein felles nettinfrastruktur.

Statsråd Terje Aasland []: Jeg synes det er spennende med ny teknologi og eventuelt også å trekke opp nye utfordringer og se på nye muligheter innenfor fornybar energiproduksjon, som bølgekraft er en del av. Det kan være spennende muligheter der, ikke minst for deler av norsk næringsliv med tanke på hvilken kompetanse de besitter, osv. Men vi er akkurat nå – og jeg har lyst til å understreke det – i en situasjon hvor vi må prioritere, og ikke bare rent økonomisk, hvilke ressurser vi vil bruke på de ulike teknologiene, men også hvilke prioriteringer vi gjør når det gjelder de menneskelige ressursene og den muligheten vi har for å rette forskningsinnsats mot områder som er særs viktige for Norge som nasjon, og da inn mot fornybar energi som et viktig grunnlag for framtiden.

Regjeringen har satt et ambisiøst, gigantisk mål for havvind, som ett eksempel. Det vil ha behov for betydelig oppmerksomhet, både når det gjelder økonomiske ressurser og menneskelige ressurser i tiden framover. Jeg mener at havvind har et stort potensial for Norge. En har en sameksistens med andre land som også vil utvikle havvind, og Norge har en mulighet for å ta en ledende posisjon, spesielt innenfor flytende havvind. Og hvis vi sprer innsatsen vår veldig bredt ut, tror jeg det fort kan bli sånn – og det er derfor også Energi21 veldig tydelig prioriterer noen områder – at de mulighetene vi har som lar seg løse og gjennomføre, faktisk forvitrer.

Det er samtidig viktig å understreke at det er liten interesse fra næringsliv og industri for å gå inn i bølgekraft med litt størrelse som kan bety en forskjell. Men når representanten og interpellanten tar opp behovet for å få opp piloter og slikt, er jeg positivt innstilt til det. Jeg er positivt innstilt til at man skal kunne bidra og sørge for at næringslivet kan komme med gode ideer, se om det er mulig å løse noen av de utfordringene som foreligger for bølgekraft. Da har vi et virkemiddelapparat som allerede er rigget for det. Både Forskningsrådet, Innovasjon Norge og Enova vil kunne være viktige bidragsytere for å få i gang den typen pilotering.

Men jeg tror det er viktig at det foregår en tydelig prioritering, ut fra de politiske konklusjonene som en trekker opp rundt fornybarsatsingen vår på de områdene hvor vi har store nasjonale fortrinn, og hvor vi har muligheten til å utgjøre en stor forskjell i å kunne produsere mer fornybar energi, relativt sett raskt. Bølgekraft i større stil ligger noe lenger fram i tid. Da tror jeg det er viktig at vi retter innsatsen mot å oppgradere vannkraften, bygge ut havvind, satse videre på landbasert vindkraft der hvor kommunene er enig i det, osv. – men samtidig ikke hindre gjennom politiske vedtak at ny teknologi kommer fram. Det mener jeg er klokt å ikke gjøre.

Presidenten []: Flere har ikke tegnet seg til interpellasjonsdebatten, og den er dermed avsluttet.