Til Stortinget
For første gang på fleire år vert det vurdert
å etab-lere deponi av ein viss storleik i norske fjordar i samband
med planar om gruveutbyggingar. I sakene står vesentlege interesser
mot kvarandre, og handsaminga av sakene vil kunne danne presedens
for seinare utbyggingar. Dette representantforslaget tek til orde
for at store planar om gruveutbygging og sjødeponi skal leggjast
fram for Stortinget før ein gjev eventuelle løyver, i form av utsleppsløyver
eller vedtak i samband med reguleringsplanar. Ein foreslår vidare
at sakene om gruvedrift med fjorddeponi i Førdefjorden og Repparfjorden
skal leggjast fram for Stortinget før ein gjev eventuelle løyver
til utslepp og utbygging.
Dei norske fjordane har i mange tusen år gjeve mat
og levebrød og utgjer ein vesentleg del av den norske identiteten.
Denne funksjonen er ikkje mind-re avgjerande i dag, med fjordane
som gyte- og oppvekstområde for fisk og som grunnlag for store næringar
som fiskeri, sjømat og turisme. Norske fjordar er likevel under
press frå ytre påverknad. I 2011 plasserte Artsdatabanken fjordane
på den første norske raudlista for naturtypar. Grunngjevinga var mellom
anna påverknadene frå forureining, marin akvakultur og klimaendringar.
Det er store kunnskapshol, og fjordane fekk difor vurderinga «DD» (manglande
datagrunnlag) i raudlista.
I store utbyggingssaker der vesentlege interesser står
mot kvarandre, er det vanleg at Stortinget vert involvert. Nokre
gonger er involvering av Stortinget lovfesta. Dette gjeld til dømes
ved store vassdragsutbyggingar. I § 2 i vassdragsreguleringsloven
står det:
«Vil en vassdragsregulering øke vannkraften i vassdraget
med minst 20.000 naturhestekrefter, eller står betydelige interesser
mot hverandre, skal saken forelegges for Stortinget før konsesjon
blir gitt, med mindre departementet finner det unødvendig.»
Vidare er det slik at i saker som gjeld store
petroleumsutbyggingar, blir utbyggingssaker av eit visst omfang
handsama i Stortinget før plan for utbygging og drift og utsleppsløyver
vert handsama. Då bygging av gasskraftverk for fyrste gong vart
vurdert i Noreg, fremja regjeringa eiga sak for Stortinget, før utsleppsløyva
vart handsama.
Når fjordar kjem på raudlista for naturtypar,
er det etter forslagsstillarane sitt syn viktig å rydde opp i gamle
miljøsyndar, redusere den negative påverknaden frå eksisterande
aktivitet, og dessutan gjere særskilte vurderingar for kva løyve
ein gjev til nye inngrep og utslepp.
Førdefjorden er ein av Vestlandets viktigaste gytefjordar
for torsk og ein viktig sjømatfjord. Den reine og artsrike fjorden
har fleire fiskeartar på nasjonal og internasjonal raudliste, og
fleire av dei har gyte- og oppvekstområde i dei djupare delar av
fjorden, der det er søkt om å dumpe gruveavfall. I Førdefjorden
er det etablert sjømatbedrifter som produserer og eksporterer sjømat
for store verdiar.
Gruveselskapet Nordic Mining har søkt om å sleppe
ut 300 millionar tonn gruveavfall i Førdefjorden i løpet av 50 år
frå ei rutilgruve i Engebøfjellet i Naustdal kommune.
Miljødirektoratet seier i brev til Klima- og
miljødepartementet 4. november 2014 følgjande om etab-lering av
fjorddeponi for gruveavfall i Førdefjorden:
«Vi mener også at kunnskapen som foreligger sannsynliggjør
at et fjorddeponi, slik det er forespeilet i planforslaget innebærer
risiko for at funksjon, struktur og produksjon i økosystemet i Førdefjorden som
helhet forringes.» og «Basert på kunnskapen fra de nye rapportene
om naturmangfold, samt kunnskapen fra konsekvensutredningen er vår
vurdering at en gjennomføring av Engebøprosjektet vil kunne bidra til
at forvaltningsmålet for arter i naturmangfoldloven § 5 ikke nås
for kysttorsk, pigghå, blålange og ål.»
og
«De negative miljøkonsekvensene av sjødeponiet som vi
har identifisert vil i liten grad kunne reduseres gjennom krav i
en eventuell tillatelse etter forurensingsloven.»
Miljødirektoratet har konkludert med at dei
miljøfaglege omsyna tilseier at innvendinga som er reist mot planane
om deponering av gruveavfall i Førdefjorden, bør takast til følgje.
Repparfjord er ein nasjonal laksefjord med eit artsrikt
liv som har kome godt tilbake i løpet av dei nesten 40 åra som har
gått sidan Folldal verk slutta med å dumpe gruveavfall i fjorden
i perioden 1972–1978. Repparfjordelva er også ei rik lakseelv.
Gruveselskapet Nussir har søkt om å sleppe ut
30 millionar tonn gruveavfall i Repparfjord frå ei kopargruve i
Kvalsund kommune i løpet av 15 år.
Den kjemiske tilstanden til Repparfjorden er
i dag klassifisert som god, men når det gjeld verknaden av det omsøkte
utsleppet, seier Fylkesmannen i Finnmark:
«Fylkesmannen mener at særlig utslippene av nikkel er
i strid med vannforskriftens § 7. Det må også vurderes om utslipp
av kadmium og kvikksølv er i strid med denne bestemmelsen».
Vassdragsforskrifta § 7 dreier seg om plikt
til å redusere utslepp av prioriterte stoff, og kopar, kadmium og
kvikksølv står på denne lista.
Direktoratet for Naturforvaltning fraråda giftige utslepp
frå gruvedrift i Repparfjord fordi det kan utgjere ein stor trussel
for mellom anna kysttorsk og laksefisk i fjorden. Dei viste vidare
til vassforskrifta som ikkje kan gje unntak for slik kjemisk forureining.
Vassforskrifta er den norske lovfestinga av EUs vassdirektiv.
I sakene om etablering av sjødeponi frå gruveverksemd
på stader som Førdefjorden og Repparfjord er det vesentlege interesser
som står mot kvar-andre. I lokalmiljøa er det ulik vekting av kva
omsyn som skal vege tyngst. Selskapa som søkjer om å byggje ut,
ser for seg verdiskaping og arbeidsplassar knytt til gruveaktiviteten.
Eit sentralt spørsmål i begge sakene er konsekvensane
av etablering av fjorddeponi for restmassar frå gruvene. Den norske
mineralstrategien frå 2013 seier at ein ved alle gruveprosjekt skal
vurdere tilbakefylling av restmassar i gruvene, og internasjonalt blir
dette vurdert som miljømessig beste praksis. Alternativ bruk av
restmassen er også utgreidd. Fjorddeponi er likevel vurdert til
å vera rimelegare enn andre løysingar.
Havforskingsinstituttet har gått imot søknadene om
fjorddeponi i begge fjordar i sine høyringsuttalar, og mellom anna
åtvara mot konsekvensar for fiskeegg og livet på botnen. Dåverande
Direktoratet for naturforvaltning uttala at dei var uroa for at
utslepp av gruveavfall til fjord vil stri mot dei internasjonale forpliktingane
Noreg har tatt på seg, mellom anna gjennom Konvensjonen om biologisk
mangfald.
Aktørar som Fiskarlaget, Kystfiskarlaget og
havbruksnæringa har engasjert seg til forsvar av reine fjordar som
grunnlag for trygg sjømat. Internasjonale marknader for matvarer
er særs følsame for miljømessige problemstillingar. NHO reiseliv,
næringsorganisasjonen Virke og Norske Lakseelver ser planane om
utslepp av gruveavfall som eit trugsmål mot turistnæringa. Friluftsorganisasjonar
og natur- og miljøorganisasjonar har òg engasjert seg tilsvarande, og
eit internasjonalt opprop mot å gje løyve til utslepp i dei to fjordane
er underteikna av 33 internasjonale miljøorganisasjonar med fleire
millionar medlemmar.
Forslagsstillarane meiner at i spørsmålet om
gruveutslepp til fjordar finst motstridande interesser som må vegast
opp mot kvarandre. Fiskeri, sjømat og reiseliv er næringar som er
avhengige av reine fjordar og eit godt internasjonalt omdømme, og
som kan bli skadelidande ved utslepp av gruveavfall. På den andre
sida ynskjer dei to gruveselskapa ei rimeleg løysing på avfallsproblemet
knytt til etablering av gruveverksemd.
Då Miljødirektoratet vurderte saka om Førdefjorden,
uttala dei at veginga mellom motstridande inte-resser i denne saka
til sjuande og sist er ei politisk vurdering. Forslagsstillarane
er samd i dette og meiner at Stortinget difor må involverast i spørsmålet.
På denne bakgrunn vert det sett fram følgjande
forslag:
1. Stortinget ber
regjeringa etablere ein praksis om at saker som omhandlar store
gruveutbyggingar der vesentlege interesse står mot kvarandre, skal leggjast
fram for Stortinget for endeleg avgjerd.
2. Stortinget ber regjeringa leggje fram
saka om gruvedrift og sjødeponi i Førdefjorden for Stortinget før
innsigelse i reguleringsplan og utslepps-løyve vert slutthandsama.
3. Stortinget ber regjeringa om at saka
om gruvedrift og sjødeponi i Repparfjord vert lagt fram for Stortinget
før utsleppsløyve vert slutthandsama.
24. mars 2015