Til Stortinget
I dag vert frihandelsavtalen for tenester, TISA (Trade in Services
Agreement), forhandla med stor grad av hemmeleghald. Noreg er aktiv
deltakar og, etter det forslagsstillarane forstår, pådrivar. Regjeringa
Solberg er no inne i andre år av forhandlingane, og det er særs
avgrensa offentleg innsyn i prosessen. Det er likevel kome fram
ein del informasjon via Wikileaks, EU, sivilsamfunnsaktørar og andre
kjelder. Med bakgrunn i denne informasjonen åtvarar ei rekkje sivilsamfunnsorganisasjonar
mot ei avtale som kan institusjonalisere utanlandske tenesteleverandører
sine rettar og ta frå styresmakter makt på ei rekkje område. Styresmaktene,
både i Noreg og i EU, avviser på si side kritikken som feil og hevdar
at avtala vil få positiv effekt på norsk økonomi og sysselsetjing.
Sjeldan har sivilsamfunn og styresmakter så diametralt ulik meining
om kva som står på spel, både internasjonalt og i Noreg.
Det offentlege ordskiftet er prega av hemmeleghaldet rundt forhandlingane,
påstandar frå begge sider, og gjer det vanskeleg med ei substansiell
demokratisk drøfting om forhandlingane.
Regjeringa understrekar at ein ynskjer ein så open prosess som
råd er. Forslagsstillarane meiner likevel at regjeringa stendig
gir utilstrekkelege og til dels motstridande svar på spørsmål frå
stortingsrepresentantar og sivilsamfunn. I tillegg er all tilgjengeleg
informasjon annanhands via Utenriksdepartementet, noko som gjer
ei reell analyse av kva som står på spel vanskeleg. Etter det forslagsstillarane
kjenner til ser det ikkje ut til å eksistere noko norsk mandat for TISA-forhandlingane.
Dersom dette er rett, vil manglande mandat medverke til at meir
makt over prosessen vert overført frå folkevalde til embetsverket.
Slik debatten no går i Noreg og andre land, burde tilnærminga
til TISA-forhandlingane gjennomførast på ein annan måte. Sjølve
rammeverket for heile TISA-avtala må offentleggjerast. I forhandlingane om
GATS (General Agreement on Trade in Services) etter år 2000 har
det vore praksis at regelverket i avtala har vore avklara, før ein
har forhandla om opning og liberalisering av ulike sektorar. Basert
på den informasjonen som er komen ut, tyder mykje på at forhandlingane
om TISA-avtala allereie dreier seg om sektorar. Forslagsstillarane
understrekar at det er essensielt at rammeverket for desse forhandlingane
er klart og tilgjengelig for demokratisk debatt før ein set i gang
og avsluttar forhandlingar om opning og liberalisering av ulike
sektorer.
Forslagsstillarane vil understreke at framlegget i denne omgang
ikkje krev ei full offentleggjering av Noreg sine posisjonar i TISA-forhandlingane
med tanke på opning av marknadstilgang til ulike sektorar. Forslagsstillarane
ber om at rammeverket som per i dag ligg til grunn for TISA-forhandlingane,
med tilhøyrande klausular og omtalar av desse, ope blir lagt fram
for Stortinget. Dette er prinsippa som ligg til grunn for forhandlingane.
Per i dag er informasjon om desse klausulane, slik som «frys og
skralle»-mekanismen (standstill & ratchet), og omfanget av regelen
om «negativ listing», berre tilgjengeleg som annanhandsinformasjon
frå Utenriksdepartementet. Dette gjer det umogeleg å føre ein kritisk
demokratisk debatt om premissane for denne avtala.
Forslagsstillarane ber om at klausulane, og tilhøyrande informasjon
om desse, må leggjast fram nøyaktig slik dei no står skrivne inn
i rammeverket som no ligg til grunn for forhandlingane. Offentleggjeringa
av rammeverket i TISA vil medverke til å opplyse den offentlege
debatten og syte for at folkevalde, media og det norske folk kan
bidra med relevante og naudsynte innspel til regjeringa i dette
arbeidet. Dette vil sikre ein meir open demokratisk debatt om TISA-avtala
sine positive og negative konsekvensar.
Både styresmakter og sivilsamfunn er samde om at TISA-avtala
vil påverke sentrale deler av norsk økonomi dersom ein kjem i mål.
For folkevalde, media og det norske folk er det likevel i dag nærast
uråd å få vite kva som står på spel på grunn av det avgrensa innsynet.
Det er difor svært viktig at ein offentleg debatt om handelsavtala
kjem i forkant av at avtala skal underteiknast og at opninga av
ulike sektorar er forhandla ferdig. Etter at avtala mellom 50 land
er ferdigforhandla, vil det truleg bli særs vanskeleg, om ikkje
umogeleg, å endre avtala i ei retning som avgrensar marknadsretting
og konkurranseutsetjing i Noreg.
På denne bakgrunn vert det sett fram følgjande
forslag:
Stortinget ber regjeringa leggje fram det som det no forhandles
om i TISA-avtala, nøyaktig slik det står skrive inn i avtaleteksten,
med det som per i dag finst av klausular, informasjon om klausulane
og øvrig regelverk som legg føringar for dei sektorvise forhandlingane.
14. april 2015