Representantforslag frå stortingsrepresentantane Heidi Greni, Per Olaf Lundteigen og Kjersti Toppe om å oppretthalde og styrkje dei åtte regionale statsarkiva som eigne institusjonar

Innhald

Til Stortinget

Bakgrunn

Arkivmeldinga, Meld. St. 7 (2012–2013), jf. Innst. 243 S (2012–2013), gav eit samordna blikk på arkivsektoren og synleggjorde politiske mål for eit samla arbeid med samfunnsarkiva. Det overordna politiske målet for arkivpolitikken er ifølgje meldinga å sikre arkiv som har stor kulturell verdi eller forskingsverdi, eller som inneheld rettsleg dokumentasjon eller viktig forvaltningsdokumentasjon, slik at arkiva blir tekne vare på og gjorde tilgjengelege for ettertida. I arkivmeldinga står det at det er eit viktig mål for den nasjonale arkivpolitikken å etablere gode og tenlege formidlings- og brukartenester, slik at samfunnet får informasjon om og tilgang til eit breitt spektrum av arkivmateriale uavhengig av kvar det er skapt. Dette tilseier eit tett samarbeid på tvers av forvaltningsnivåa i offentleg sektor og ei felles merksemd med sikte på å sikre arkiv frå privat sektor.

Arkivverket er statens fagetat på arkivområdet. Ved handsaming av arkivmeldinga gav Stortinget si tilslutning til framtidig organisering av Arkivverket. Arkivverket må organiserast slik at behovet for nasjonal samhandling og samordning blir sikra. Samstundes er det behov for statleg innsats på det regionale planet. Statsarkiva bør derfor ha kapasitet og nødvendig handlingsrom til å yte tilstrekkeleg innsats regionalt. Når tilhøva ligg til rette for det, bør statsarkiva inngå i eit organisert samarbeid med andre arkiv- og kulturverninstitusjonar.

Arkivverket har i dag ein landsomfattande organisasjon med eit sentralorgan, Riksarkivet, og åtte regionale institusjonar, statsarkiv. I tillegg kjem to meir spesialiserte einingar med landsomfattande oppgåver: Samisk arkiv og det komande Norsk helsearkiv. Både Riksarkivet og etaten er styrte av Riksarkivaren. Dei åtte regionale institusjonane, statsarkiva, er: Statsarkivet i Oslo (Oslo, Akershus og Østfold), Statsarkivet i Hamar (Hedmark og Oppland), Statsarkivet i Kongsberg (Vestfold, Telemark og Buskerud), Statsarkivet i Kristiansand (Aust-Agder og Vest-Agder), Statsarkivet i Stavanger (Rogaland), Statsarkivet i Bergen (Hordaland og Sogn og Fjordane), Statsarkivet i Trondheim (Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag, Nord-Trøndelag og Nordland) og Statsarkivet i Tromsø (Troms og Finnmark).

Statsarkiva i Stavanger og Tromsø er samlokaliserte med interkommunale arkivinstitusjonar, og i Kristiansand og Trondheim er dette samarbeidet formalisert ytterlegare. Statsarkivet i Oslo er samlokalisert med Riksarkivet.

Ifølgje arkivlova § 4 er det Riksarkivet, statsarkiva, Samisk arkiv og Norsk helsearkiv som i dag utgjer det statlege Arkivverket, som står under leiing av Riksarkivaren. Ifølgje arkivmeldinga skal dei åtte statsarkiva vere Arkivverkets regionale nettverk, og dei skal både ta hand om regionale oppgåver tilpassa behova i regionen og inngå i eit nasjonalt samspel for å ta hand om nasjonens arkivfunksjonar på ein profesjonell og tenleg måte. Dei to oppgåvetypane heng saman.

Gjennom handsaminga av arkivmeldinga slo Stortinget fast at nettverket av statsarkiv i regionane bør haldast oppe og at vilkåra bør leggjast til rette for at statsarkiva kan spele ei sentral rolle i etablering og drift av nye integrerte løysingar. Stortinget gav si tilslutning til at statsarkiva, i tillegg til dei regionale oppgåvene, også kan ta på seg ein del oppgåver for etaten under eitt, uavhengig av geografisk tilknyting. Stortinget meinte at ei slik utplassering av etatsoppgåver kan vere med på å styrkje det regionale elementet i etaten og utnytte fagkompetansen og kreativiteten på ein optimal måte.

Forslagsstillarane er gjort kjende med at Riksarkivaren no planlegg omorganisering av Arkivverket til ein felles organisatorisk eining styrt frå Oslo. Omorganiseringa vil innebere at dei åtte regionale statsarkiva vil verte lagt ned som eigne institusjonar. Det skal ikkje lenger vere ein regional leiing på kvar enkelt stad, og omgrepet «Statsarkiv» forsvinn. Den føreslåtte omlegginga er omfattande og vil svekke det regionale arkivarbeidet. Omlegginga skal etter planen tre i kraft allereie ved årsskiftet. Tidlegare riksarkivarar åtvarar på det sterkaste mot omorganiseringa og konsekvensane av å avvikle statsarkiva som eigne institusjonar.

Den lokale kunnskapen statsarkiva har, er svært viktig for brukarane til dømes i eigedomsspørsmål, rettigheitssaker og ved rettleiing om kjeldebruk. Forslagsstillarane fryktar at den regionale og lokale kompetansen forsvinn dersom dei regionale institusjonane vert avvikla og ingen skal ha ansvar for å leie arbeidet regionalt. Dei som brukar tenestene lokalt, vil då få eit dårlegare tilbod. Forslagsstillarane kan ikkje sjå at ei regionalt basert organisering er til hinder for å ta vare på digitalt arkivmateriale, heller motsett.

Den føreslåtte omorganiseringa frå Riksarkivaren er etter forslagsstillarane sitt syn klart i strid med Stortinget sin intensjon ved handsaminga av arkivmeldinga om å styrkje det regionale nivået. Avvikling av statsarkiva som sjølvstendige einingar kan ikkje gjerast i ein intern omorganiseringsprosess. Arkivverket er definert i arkivlova § 4. Der står det at det er Riksarkivet, statsarkiva, Samisk arkiv og Norsk helsearkiv som utgjer det statlege Arkivverket, som står under leiing av Riksarkivaren.

Forslag

På denne bakgrunn vert det fremja følgjande

forslag:

  • 1. Stortinget ber regjeringa oppretthalde og styrkje dei åtte regionale statsarkiva som eigne institusjonar.

  • 2. Stortinget ber regjeringa fremje sak for Stortinget dersom det vert føreslått endringar i det statlege Arkivverket si organisering.

18. november 2015